KURS I FLETTING OG BINDING MED TÆGER

Fredag 12. juni kl. 17:00 - Søndag 14. juni kl. 16:00,
Jernaldergården.

Meld deg på kurs med Hege Iren Aasdal i fletting og binding med tæger! Lag brosje, hårnål, brikke, øyredobber eller tæger og ramme til ei lita vombakorg.

Publisert Sist oppdatert
Tægerbinding på Jernaldergården
Tægerbinding er ein teknikk med lange tradisjonar og ein finn mange fantastisk flotte tægerkorger med fantastiske mønster rundt i heile landet. Foto: Hege Iren Aasdal.

KURSHALDAR

Hege Iren Aasdal har sveinebrev som korgmakar og har i 2020-2023 hatt eit stipendiat for Norsk Håndverksinstitutt. Ho brenn for å produsere korger direkte frå naturen rundt meg, og å vidareføre tradisjonar og kunnskap både om bearbeiding av dei, og om fletteteknikkar.

Ho hauster materiala til korgene lokalt og bearbeider. Med dette som grunnlag fletter ho haldbare, praktiske og vakre korger basert på og inspirert av våre rike korgtradisjonar.

TID OG STED

  • Dato: Fredag 12. – 14. juni.
  • Sted: Besøkssenteret på Jernaldergården, Madlamarkveien 152.

Varigheit: Kurset går over to heile dagar og ein kveld, ca 20 timar totalt:

  • Fredag kl. 17- 21
  • Laurdag kl. 9-18
  • Søndag kl. 9-16                                                       

Kurspris pr deltakar: kr. 2400,- (Materialkostnader kjem i tillegg).

Materialkostnad: kr. 600,- (brosje, hårnål, brikke eller øyredobber) eller tæger og ramme til ei lita vombakorg (ca 24*18 cm) kr. 800,- .

PÅMELDING HER!

Foto: Hege Iren Aasdal
Lag brosje, hårnål, brikke, øyredobber eller tæger og ramme til vombakorg. Foto: Hege Iren Aasdal.

OM TÆGERBINDING

Tægerbinding er ein teknikk med lange tradisjonar og ein finn mange fantastisk flotte tægerkorger med fantastiske mønster rundt i heile landet.

Tæger er røtter av bjørk, som er gravd opp av jorda, renska og oftast delt. Ein nytter røtter i forskjellige tjukkleiker til forskjellige korger.

Bindingsteknikk er ein teknikk som skil seg frå fletting ved at ein har eit tynt materiale som ein bind rundt ein kjerne. Denne teknikken er nytta med mange forskjellige materialer over heile verda, halm, strå, furunåler og gras er nokre av materiala. Her i Norge er tæger det vanligste materiale i denne teknikken. I tægerbinding brukar med oftast ei delt rot og binder rundt ein tjukkare heil rot.

Tægerbinding er ein tidkrevande teknikk, og på dette kurset vil du lære dei grunnleggjande prinsippene og lage ein liten ting som brosje, hårnål, brikke eller øyredobber. På dette kurset kan ein også velge å lage ein vombakorg som er ei rammekorg fletta med tæger.

OM VOMBAKORGER

I Norge har det tradisjonelt vore laga mange forskjellige typer korger i splitta materialer. Vombakorga er ei korg me finn i Sogn og Nordfjord, namnet kjem truleg av forma, som kan samanliknas med ei vomb (mage) på eit dyr. Desse korgene kunne også kalles brydlaupskorg eller gjestebodskorg, som seier noko om bruken. Eit anna namn kunne også vere lokakorg, men då var det snakk om ein variant med lokk. Vombakorger fletta med tæger har vore spesielt vanleg i områdene rundt Sogn og Nordfjord, der me finn mange slike gamle korger. Det finnes liknende korger med andre betegnelser iallefall i Sverige, men helt sikkert også mange andre stader.

Vombakorga er bygd opp av ei ramme laga av selje, rogn, hassel eller hegg og fletta med tæger som er splitta. På mange gamle korger er det brukt grovere tæger som er splitta i 4 deler, slik at materialet er flatt på begge sider.

Deltakerne vil lære å splitte og bearbeide tæger for hand og lager alt materiale til korgene sjøl. Rammene vil være ferdig laga, da dei treng å være heilt tørre, men dei som ynskjer får anledning til å lage ei ramme som dei kan ta med heim til neste prosjekt.

Om ein har med tæger sjølv er det aller best, men ein kan kjøpe materiale av Hege Iren på kurset.

HUGS PÅMELDING!