Jubileumsutstillinga «Rikssamling og statsbygging»

I 2022 feirar me 1150-årsjubileum for slaget i Hafrsfjord og rikssamlinga. I jubileumsutstillinga «Rikssamling og statsbygging» som opnar 1. juni løfter Arkeologisk museum fram dei lange prosessane som skapte det stabile kongeriket Noreg.

Published Endret
Tre sverd i fjell Hafrsfjord
Tre sverd i fjell ved Hafrsfjord. Foto: Annette G. Øvrelid

Desse prosessane byrja alt før vikingtida, i den såkalla merovingartida, og var ikkje ferdige før i høgmellomalderen kring 1300.

Ved inngangen til vikingtida fanst det fleire mindre smårike som danna utgangspunktet for rikssamlinga. I utstillinga syner me praktgjenstandar frå herskarar  på Tinghaug i Klepp og frå ei skipsgrav ved Avaldsnes. Desse gjenstandane har me fått låne frå Universitetsmuseet i Bergen.

Slaget ved Hafrsfjord kring 872, slik det er fortalt i Haraldskvedet, har sjølvsagt ein sentral plass i utstillinga. I kvedet står det at berserkar og ulvekrigarar kjempa i slaget, og me har frå det arkeologiske museet i Mainz, Tyskland fått låne ei sølvplate som syner slike ulvekrigarar. Som ein illustrasjon av slaget har me vidare valt ut tre flotte vikingsverd av same typar som sverda i fjellet ved Møllebukta.

Ei rekke tema frå vikingtid og mellomalder er skildra i utstillinga, inkludert militær og rettsleg organisering, religionsskiftet, bydanning, handel og seglskipet. Ei staseleg krigargrav frå Strand frå 900-talet er nytta som døme på menneske som den tidlege kongemakta knytte til seg i regionen. Det blir synt fleire filmar i utstillinga, mellom anna frå utgravingane under domkyrkja i Stavanger.

Den monumentale kongsgarden på Avaldsnes er eit godt bilete på den etablerte norske staten i høgmellomalderen. Steinhallen blei undersøkt i 2017, og i utstillinga blir det mellom anna synt bygningsstein frå denne kongelege hallen. Det einaste sverdet me kjenner frå mellomalderen i Rogaland er også funne på Karmøy, og dette skal me stille ut for aller første gong.

Utstillinga "Rikssamling og statsbygging" opnar 1. juni 2022

PROGRAM:

Kl. 11:00 Tale ved Bjarne Kvadsheim, Stavanger kommune

Kl. 11:05 Arkeolog Håkon Reiersen fortel om utstillinga

Kl. 11:10 Elevar frå 6. trinn ved Nylund skole fortel kva dei tykkjer er mest spanande med vikingtida

Kl. 11:15 Snorklipping av elevar frå 6. trinn, Nylund skole.

Kl. 11:30 Kaker, is og kaffe i Kafé Ask og Embla