Under overflata i mellomalderbyen Stavanger

Alle som har ferdast i Stavanger sentrum dei siste åra har hatt mange høve til å ta ein kikk ned i hol og grøfter der nokre av spora frå fortida i Stavanger har kome til syne. Årsaka til at vi har fått innsyn i tilhøva under overflata er omfattande gravearbeid i Stavanger sentrum – for nybygg, utskifting av kummar og leidningar og, ikkje minst, fjerning av undergangen under Haakon VII’s gate og Kongsgårdsbakken. Gravearbeidet har pågått innan det automatisk freda kulturminnet Mellomalderbyen Stavanger, noko som er årsaka til at Riksantikvaren har stilt krav om arkeologiske undersøkingar som Norsk institutt for kulturminneforsking (NIKU) har utført i samarbeid med Arkeologisk museum i Stavanger (AMs).

Published Sist oppdatert

Steinkaret under Stavanger torg, november 2005.

Av Paula Utigard Sandvik, i Frá haug ok heiðni 3/2006

Domkyrkja

Lat oss starte under domkyrkja. I 1967-68 utførte arkeologisk avdeling ved Stavanger Museum under leiing av Perry Rolfsen ei arkeologisk undersøking under koret i Stavanger domkyrkje. Dei eldste påviste spora etter menneska sine inngrep på staden var nokre hol som vart tolka som nedgravingar der ein meinte at det ein gong hadde stått vertikale stolpar som kunne vera delar av ei bygning.

Kart som syner avgrensinga mot omlandet av Mellomalderbyen Stavanger (Riksantikvaren).
Figur 1. Kart som syner avgrensinga mot omlandet av Mellomalderbyen Stavanger (Riksantikvaren).

om vist på figur 2 låg desse hola under eit sandlag, og over sandlaget låg eit trekollag som tyda på at det hadde vore ein omfattande brann på eller nær staden ein gong i fortida. Sandlaget bar ikkje preg av å vera påverka av brann, og det er dermed liten grunn til å rekne med at trekollaget vart danna som resultat av ein brann i bygning som etterlet seg stolpehola.

Figur 2. Stratigrafien under koret i domkyrkja (Perry Rolfsen 1969).
Figur 2. Stratigrafien under koret i domkyrkja (Perry Rolfsen 1969).

Den arkeologiske undersøkinga i 1967-68 påviste mange graver og skjelett, men ingen kister under domkyrkja. Som vist i figur 2 er alle gravene grovne ned frå ei overflate over brannlaget, noko som syner at dei er yngre enn brannlaget.

Anders Bærheim sin ein rekonstruksjon (figur 3) viser domkyrkja med kringliggjande bygningar i 1780-åra. Ei av bygningane på dette kartet er Mariakyrkja som er rekna å vera bygd ca. 1270, men vart riven i 1885. Ein liten del av murverket vart rekonstruert på 1990-talet. Lengderetninga til skjeletta som vart påvist under koret i domkyrkja i 1967-68 og ved ei arkeologisk undersøking i 1993 ved nordporten i kyrkja er markert med kors på figur 3. Alle skjeletta som vart påvist i 1967-68, og dei fleste påvist i 1993, låg med lengderetninga om lag aust-vest og med hovudet mot vest, dvs. i ca. 20 graders vinkel i høve til lengdeaksen i domkyrkja, men parallelt med lengdeaksen i Mariakyrkja.

Figur 3. Domkyrkja og Mariakyrkja med gravene påvist i 1967-68 og 1993 markert med kors (Kart, Anders Bærheim).
Figur 3. Domkyrkja og Mariakyrkja med gravene påvist i 1967-68 og 1993 markert med kors (Kart, Anders Bærheim).

Alderen på domkyrkja og bispesetet i Stavanger har vore diskutert av mange dei siste åra. Det er ser ut til å vera semje om at domkyrkja er frå første halvdelen av 1100-talet. Både 14C-dateringa av trekol frå brannlaget vist i figur 2, utført med konvensjonell dateringsteknikk i 1972, og 14C-dateringar utført med AMS-dateringsteknikk i 2004-2005 av to av skjeletta og trekol og hasselnøttskal frå brannlaget, syner at både brannen og gravene er eldre enn domkyrkja (figur 4).

Kan det tenkjast at det på eller nær staden der Mariakyrkja seinare vart reist låg ei kyrkje av same alder som skjeletta, dvs. frå 1000-1100 e.Kr., som vart riven då ein tok til å reise domkyrkja?

Figur 4. Kalibrerte 14C-dateringar frå under domkyrkja, Stavanger torg og Skagen 4a.
Figur 4. Kalibrerte 14C-dateringar frå under domkyrkja, Stavanger torg og Skagen 4a.

Ringmuren kring Bispegarden

Ringmuren kring Bispegarden er ein konstruksjon frå mellomalderen som berre delvis er synleg i dagens by. Delar av muren kom til syne i Haakon VII’s gate då arkeologane frå NIKU hausten 2005 undersøkte traséen for ei grøft for ymse leidningar. Som vist på figur 5 er restane av muren sterkt prega av at røyr frå nyare tid kryssar muren fleire stader. Retninga på muren tyder på at avgrensinga mellom Bispegarden og området mot Vågen var annleis i mellomalderen enn i dag. Det er vanskeleg å datere steinmurar. Ved foten av denne muren låg det ein mynt som synte seg å vera frå Haakon V si regjeringstid, og som av forskarar ved Myntkabinettet, Universitetet i Oslo, er datert til ca. 1300 e.Kr.


Bispebryggja i Vågen

Resultata av undersøkinga på torget hausten 2004 syner at strandlina inst i Vågen for 1000 år sidan låg ca. 80m lengre søraust enn i dag, dvs. godt inn på området der Stavanger torg no ligg. Steinkaret som er vist på figur 6 og kom til syne hausten 2005 under gravinga av grøfter for vassleidningar og kummar, er ein del av eit hamneanlegg bygd av stein og tømmer. Tømmeret var i såpass god stand at Aud Simonsen, AmS, kunne identifisere det til furu (Pinus sylvestris). Terje Thun, NTNU, utførte ei årringsdatering som syner at stokkane var felt 1140-1150 e.Kr. Vinteren og våren 2006 påviste ein meir tømmer under graving av grøfter på nedre delen av torget nordaust for steinkaret. Dersom ein lukkast med årringsdateringar av desse stokkane, har ein fått eit godt grunnlag for å rekonstruere utviklinga av hamna kring Vågen.

Vågen som avfallsplass

Mange av undersøkingane dei siste åra er utført som boringar. Dei første sju boringane på Stavanger torg vart utført i 1999. Resultata av 14C-dateringene av materiale frå fleire av borehola danna grunnlaget for konklusjonen om at sediment/kulturlag som inneheld spor av menneskeleg verksemd av førreformatorisk alder (dvs. frå før 1537 og dermed automatisk freda), framleis er til stades i området mellom Vågen og Torgtrappene. Boringane som er utført etter 1999 har synt korleis stratigrafien og fordelinga mellom sediment med og utan spor etter menneskeleg verksemd varierar under overflata både på og kring Stavanger torg.

Figur 5. Restane av ringmuren og kryssande ledningar som kom til syne i Haakon VII gate hausten 2005. (Foto: Stan Reed, NIKU).
Figur 5. Restane av ringmuren og kryssande ledningar kom til syne i Haakon VII gate hausten 2005 (foto: Stan Reed, NIKU).


I juni 2005 hadde AmS og NIKU ansvaret for ein serie med boringar mellom anna på nedre delen av torget rett sørvest for Torget 7. Fem meter under overflata på staden og ca. tre meter under dagens havnivå kom boret ned i sediment dominert av organisk materiale så som treflis, læravfall, mose, nøtteskal og bein, og som er typisk for innhaldet i avfallslag påvist i mange av dei norske mellomalderbyane. Avfallslaget i Vågen var 4,5 m tjukt, og 14C-dateringane frå øvste og nedste delen av laget synte at avfallet var avsett i mellomalderen (figur 3). Under boringane som vart utført i Skagen 4a hausten 2005, påviste AmS avfallslag med same innhald og av liknande omfang som utanfor Torget 7. 14C-dateringane frå boringane på Torget og Skagen 4a syner at ein tok til med å kvitte seg med avfall frå land og ut i Vågen 900-1000 e.Kr., og at avfallslaget vart bygd utover i Vågen gjennom mellomalderen.

Steinkaret under Stavanger torg, november 2005.
Figur 6. Steinkaret under Stavanger torg november 2005. Foto: Terje Tveit, AmS.

Mykje av den tilgjengelege arkeologiske kunnskapen om Stavanger sentrum og det automatisk freda kulturminnet Mellomalderbyen Stavanger (figur 1) fram til år 2000 er oppsummert i AmS-Rapport 16. Etter 2000 er det i tillegg til undersøkingane som alt er omtala utført fleire arkeoogiske undersøkingar både i Byparken og i bygningane og på gardsplassen på Kongsgård. I 2004 starta arkeologiske undersøkingar i samband med Tusenårsstedet Stavanger torg på torget og i Skagen mellom torget og krysset Skagen – Prostebakken. I 2005 vart delar av Haakon VII’s gate og Kongsgårdsbakken undersøkt, og arbeidet held fram i 2006. Arbeidet med å analysere og datere materialet er i gang. All ny kunnskap om Stavanger skal koplast saman med det vi alt veit. Biletet av byen i fortida er i stadig endring, og ingen kan seie når det siste ordet er sagt.

Kjelder

Dunlop, R. og Sandvik, P. U. 2004. Skagen/Torget/Kongsgårdsbakken/Haakon VII`s gate, Stavanger, Eiganes gnr. 58, Stavanger kommune: Arkeologisk og paleoøkologisk analyse av sediment fra prøveboringer, april 2004. AmS Oppdragsrapport 2004/10.

Haavaldsen, P. 2002. Arkeologiske undersøkelser i forbindelse med ombygging Stavanger Katedralskole, Kongsgård, Eiganes gnr. 58, bnr. 502, Stavanger kommune 2000-2001. AmS Oppdragsrapport 2002/8.

Haavaldsen, P., Sandvik, P. U. & Griffin, K. 2000. Stratigrafisk vurdering av borekjerner fra Stavanger torg-Tusenårsstedet. AmS Oppdragsrapport 2000/4. 2. reviderte opplag.

Kristoffersen, S. 2002. Rapport om dokumentasjon og analyser av murer i Kongsgård, Eiganes gnr. 58, Stavanger k., Rogaland. AmS, Oppdragsrapport (B) 2002/04

Lillehammer, A. 1972. Arkeologiske bidrag til Stavangers mellomalderhistorie. Stavanger Museum Årbok 1971, 51-90.

Meling, T. 2002. Arkeologiske granskingar i samband med vassledningsgrøfter, Kongsgård, Eiganes gnr. 58, Stavanger k. AmS Oppdragsrapport 2002/7.

Sandvik, P.U. 2005a. Tusenårstedet. Stavanger torg. Førebelsresultat frå boringane i juni 2005. AmS Oppdragsrapport 2005/8.

Sandvik, P.U. 2005b. Skagen 4a.Bergjeland gnr. 55, Stavanger kommune: Arkeologisk og paleoøkologisk analyse av prøveboringar, oktober 2005. AmS Oppdragsrapport 2005/12.

Sandvik, P.U. & Ramstad, S. 2002 Undersøkingane i Byparken og Breiavatent, Eiganes gnr. 58, Stavanger kommune 2002. AmS Oppdragsrapport 2002/10.

Simonsen, A. 1972. Breiavatnet og Stavangers eldste historie, Stavanger Museums Årbok 1971, 39 49.