«Viking women connecting Ireland and Norway»

Utstillingssamarbeid mellom Arkeologisk museum, UiS, og historiesenteret Dublinia i Dublin

Published Sist oppdatert

Korsforma smykke, detalj

Av Kristin Armstrong Oma ved Arkeologisk museum, Universitetet i Stavanger

Hausten 2022 inngjekk Arkeologisk museum ein samarbeidsavtale med historiesenteret Dublinia om utlån av gjenstandar frå vår samling til ei temporær utstilling som skulle markera Dublinia sitt 30-års jubileum. Frå museet si side var underteikna, samt Håkon Reiersen og Zanette Glørsstad, involverte i arbeidet. Me jobba saman med eit team frå Dublinia for å utarbeida konsept, gjenstandsutval, innhald og tekstar. Til sist installerte Håkon Reiersen og eg gjenstandane i utstillinga på historiesenteret.  

Utstillingsopning, Dublinia
Frå høgre: Ole Madsen, direktør ved Arkeologisk museum, Aoife O’Shaughnessy, kurator ved Dublinia, Denise Brophy, direktør ved Dublinia, Kate Syvertsen, leiar for avdeling for kulturarv ved Rogaland fylkeskommune, Mari Skåre, Noregs ambassadør i Irland, Kristin Armstrong Oma, kurator ved Arkeologisk museum, øvrige er formidlarar ved Dublinia. Foto: Dublinia. 

Utstillinga fekk namnet «Viking women connecting Ireland and Norway», som set fokus på kvinnene si rolle i kontakten mellom Noreg og Irland. Dette spring ut av det arkeologiske kjeldematerialet, og korleis gjenstandar frå Irland ofte vert funne i kvinnegraver i Rogaland. Desse gjenstandane vart lagde ned som vakre smykke i edle metall, men dei hadde heilt andre funksjonar i det irske samfunnet dei kom frå. Blant gjenstandane med irsk opphav som no er utstilt på Dublinia er det ein del av ein alterkalk, og eit beslag som har vore på eit stort alterkors. Båe vart omgjorde til kvinnesmykke i Rogaland i vikingtida og funne i norrøne kvinnegraver. Dei vart truleg røva frå eit kloster eller ei kyrkje. Kanskje røska ut av hendene til døyande munkar og prestar? 

Mange religiøse skattar frå kloster og kyrkjer i Irland blei funne i kvinnegraver i Rogaland. Dei vart gjorde om til smykke som kvinnene bar, saman med norrøne smykke laga i Rogaland. Dei sterke og mektige kvinnene frå vikingtida fekk med seg dei eksotiske smykka i grava. Gravene fortel at kvinnene hadde framtredande roller i samfunnet, som husfruer som bestemte og styrte på garden. Kvinnene bar nøklane til garden i belte, som signaliserte at dei kontrollerte både det som låg på kistebotn og det som var i spiskammerset. Men kvinnene sat ikkje stille på garden med hendene i fanget. Frå skriftlege kjelder veit me at kvinnene òg reiste. Kanskje drog nokre av dei på vikingtokt og vart gravlagde med saker dei sjølv var med og plyndra. 

Som midtpunkt i utstillinga står ei kvinnegrav frå Hålandsmarka i Time kommune. Grava vart undersøkt i 2008, og låg i ein forstyrra haug på det som no er industriområdet Håland, like sør for Bryne. I området var det opp mot 40 røyser, dei fleste av desse var rydningsrøyser, men fem var gravrøyser frå vikingtida. Kvinnegrava var den tidlegaste av desse, og utmerker seg ved dei unike gjenstandane som vart funne i ho. Inne i haugen låg eit gravkammer, som til alt hell ikkje var blitt forstyrra. I kammeret kom det fram nokre verkeleg fine og sjeldne funn. Heile 58 glasperler låg i ein konsentrasjon, dette er nok til eit heilt kjede som er over 30 cm langt. Restar av ein halsring i bronse er i dårleg forfatning og kunne ikkje stillast ut. Tre spinnehjul av kleberstein vart òg funne midt i røysa, saman med ei synål. Saman med dette låg det ei nydeleg korsforma spenne i gullbelagt bronse, eit særs sjeldan prestisjeobjekt. Truleg kjem det opphaveleg frå eit hestebissel, men er blitt påsett hemper slik at det kunne berast på brystet som eit korsforma smykke. Gravgodset syner at dette utan tvil har vore grava til ei høgtståande kvinne. Ei av perlene er ei såkalla auge-perle, av ein type som er kjent frå Middelhavsområdet. Slike perler kan vera oppfatta som å ha ein verjande funksjon, og i kombinasjon med korset kan det vera at smykket hadde ein magisk funksjon. 

Korsforma smykke, detalj
Det korsforma smykket er omforma til smykke frå eit beslag, kanskje frå eit hestebissel? Tekstilrestar frå drakta til kvinna var bevart på baksida av smykket. Blomen i midten av det korsforma smykket er typisk for tidleg kristen keltisk kunst. Foto: Annette G. Øvrelid, Arkeologisk museum, Universitetet i Stavanger. 

Sjølve korset har ornamentikk i eit nydeleg, finmaska mønster som er typisk for irsk stil, og i midten er det ein blome med tre kronblad. Utsmykkinga tyder på ein kristen motivkrets heller enn norrøn  vikingtids-ornamentikk. Bak korset var det nemleg tekstil-restar – restar etter den finvevde ulldrakta til kvinna. Eit interessant trekk ved Hålandsgrava er at dei norrøne smykketypane som pleier å opptre i  kvinnegraver frå vikingtida, som ovale spenner, treflika (trekanta) spenner og koniske (runde) spenner – glimrar med sitt fråvær. Betyr det at ho ikkje var etnisk norrøn? Dei typiske vikingtidssmykka er dessutan utsmykka med dyrestil, noko denne spenna ikkje er. Blandinga av norrøn gravlegging og eit irsk, korsforma smykke opnar opp for fleire interessante spørsmål om identiteten til kvinna. Var ho ei norrøn Rogalands-kvinne? Eller var ho opphavleg irsk og kristen? I så fall - kvifor enda ho sine dagar i ei norrøn grav?  

Desse spørsmåla danna utgangspunktet for utstillinga, og me gav kvinna namnet Niamh, som er eit irsk namn med djupe røter. Niamh er kjent frå irske myter om det mystiske landet ute i havet, Tir-na-nog, og i følgje legenda reid ho opp frå havet på ein kvit hest – ein passande metafor for dei som kom frå over havet. 

Vikingtidskvinnene fungerer dermed som eit prisme til å studera den spesielle kontakten mellom Rogaland og Irland. Reisene bringa ikkje berre gjenstandar tilbake frå Irland. Eit av smykka i utstillinga kjem frå Friestad i Hå, dette er ei ovalforma spenne i norrøn stil, laga i Rogaland, som likner veldig på ei tilsvarande spenne funne i ei kvinnegrav i Finglas, like nord for Dublin. Begge spennene har særeigne, skjønne bjørnefigurar på overflata, og var truleg laga i same finsmed-verkstad i Rogaland. Spenna frå Finglas er truleg frakta over havet frå Rogaland til Irland. Me veit difor at kvinner frå Noreg – truleg Rogaland – levde og døydde i Irland i vikingtida, og kanskje i tillegg kvinner som identifiserte seg som norrøne. 

I utstillinga er det dessutan andre typar gjenstandar, ein av desse er ein mynt som er prega i Dublin, men vart funne på Foldøy i Rogaland. Mynten er prega av Sigtrygg Silkeskjegg, kjent i Irland som Citric Silkbeard. Sigtrygg var ein irsk-norsk konge som regjerte i Dublin i perioden 989-1036. Gjenstandar som myntar og vektlodd er spor etter handel, og denne mynten tyder dessutan på at det var kontakt mellom Rogaland og Irland i slutten av vikingtida. Men kontakten endra fokus, frå raid og plyndring til fredsælt samarbeid. For ein arkeolog var det ei sterk oppleving å frakta tilbake desse praktgjenstandane til der dei vart laga, og der dei var i bruk, med tanke på dei mangslungne historiene som gjenstandane ber på. Dei er vitnesbyrd  om utviklinga frå raid og plyndring til herskarætter som representerte samanvevde norrøne og irske slekter.  

Utstillinga opna 15 mai. 2023. Mari Skåre, den norske ambassadøren i Irland var til stade, saman med konstituert kultursjef i Rogaland fylkeskommune, Kate Syvertsen, samt direktør på Dublinia Denise Brophy og vår direktør Ole Madsen.