Vikingskip ved Stavanger?

Eit hjortegevir frå vikingtid fortel oss om datidas menneske.

Publisert Sist oppdatert

Figur vikingskip ved stavanger
Hjortegevir fra vikingtid som ble funnet på Austbø i Stavanger.

Av Håkon Reiersen, arkeolog ved Arkeologisk museum, UiS.

Stavanger kommune planlegg dei næraste åra ei storstilt mudring av Galeivågen på Hundvåg for å reinse sjøbotnen. Dette er sjølvsagt ikkje første gongen det blir mudra her. I 1959 blei det i muddermassane funne eit tilskore hjortegevir med eit stort hol i enden. Arkeologane meinte det helst såg ut som skaftet til ei øks eller hakke frå steinalderen, men ein sakna klare parallellar.

For nokre år sidan blei det sendt inn ein prøve av geviret for å innsnevre dateringa. Det viste seg då at gjenstanden slett ikkje var frå steinalderen, men frå vikingtida! Med 68 % sannsyn er han frå slutten av vikingtida, truleg på 900-talet. Kva kunne forklaringa på denne uventa tidfestinga vere? På Moesgaard Museum fann eg ei mogleg løysing i ein monter med skipsrelaterte gjenstandar. Ein liknande gjenstand av tre frå Fribrødre Å er frå midt på 1000-tallet. Det er ei såkalla vantnål.

Vant er tauverk som støtter skipsmasta sidevegs og er festa i skroget. På tradisjonsbåtar er tauet ofte festa ved hjelp av vantnåler – stikker nytta til å stramme tauet eller lausne det frå båten. Slike vantnåler er helst blitt laga av tre, men stundom med ein holk av dyrehorn tredd over nåla. Det er ikkje utenkeleg at ein òg kan ha laga vantnåler av hjortegevir på Vestlandet i vikingtida.

Slik kan denne mystiske gjenstanden vere del av seglriggen til eit skip eller ein båt frå vikingtida. Ein kan sjå for seg at vantnåla blei mista i sjøen av ein uheldig sjømann under rigging av skipet. Funnstaden ligg ved storgarden Austbø, nær eit Stavanger som allereie i sein vikingtid kan ha byrja å likne på ein by. Vantnåla viser til bruk av regionale naturressursar som gevir av hjort og rein, som ein også finn att i kamproduksjonen frå vikingtid, som nyleg er påvist under domkyrkja.