Hopp til hovedinnhold

AVLYST Nobel-pub: Kva ligg bak årets tildelingar?

Torsdag 9. desember 2021 kl. 17:30-19:00,
Arkeologisk museum,
Kafe Ask og Embla.

Dagen før nobelprisane for 2021 vert delt ut kan du lære meir om kva prestasjonar som ligg bak prisane. Det heile skjer på Arkeologisk museum i Kafé Ask og Embla. Gratis inngang.

Publisert: Endret:

Ofte er det svært få utanfor prisvinnarane sine egne fagfelt som verkeleg forstår kva framsteg prisane representerer. Universitetet i Stavanger inviterer derfor til eit Nobelpris-arrangement der forskarar som er knytta til Stavanger universitetssjukehus (SUS) og UiS vil presentere årets prisvinnarar, forklare bakgrunnen for prisane og kva vitskaplege oppdagingar og bidrag som vert feira.

Dørene opnar 17.30 og Kafe Ask og Embla held ope med alle rettigheitar.

Desse skal snakka om dei ulike prisane:

  • Fysikk: Eva Rauls, professor i teoretisk fysikk ved Institutt for matematikk og fysikk
  • Medisin: Karoline Lode-Kolz, overlege ved SUS, stipendiat UiS
  • Kjemi: Marianne Bore Haarr, stipendiat ved Institutt for kjemi, biovitenskap og miljøteknologi
  • Litteratur: Brita Strand Rangnes, pro-dekan for undervisning ved Fakultet for utdanningsvitskap og humaniora
  • Fred: Turid Borgen, førsteamanuensis i journalistikk og dekan ved Det samfunnsvitskaplege fakultet
  • Økonomi: Mari Rege, professor ved Handelshøgskolen ved UiS

Les meir om arrangementet her.