Hopp til hovedinnhold

Boklansering på Arkeologisk museum

Fredag 9. april 2021 kl. 12:00-14:00,
Digitalt arrangement.

Redaksjonsutvalet ved Arkeologisk museum, Universitetet i Stavanger, inviterer til digitalt bokslepp av Trond Løken si bok "Bronze Age and Early Iron Age house and settlement development at Forsandmoen, south-western Norway."

Publisert: Endret:

Bronze Age and Early Iron Age house and settlement development at Forsandmoen, south-western Norway, av Trond Løken.

Dei arkeologiske utgravingane på Forsandmoen revolusjonerte norsk busetjingsarkeologi. Utgravingane fann stad på 1980 og 90-talet, samt nokre mindre utgravingar mellom 2007 og 2020. Frå starten av vart det brukt ein ny utgravingsmetode som var kjent frå Danmark, flateavdekking: Matjorda  vart fjerna frå store områder, for å avdekka spor etter stolpebygde hus i undergrunnen. I alt 274 hus vart avdekka, og dette er enno det største busetjingsområdet frå forhistorisk tid i Noreg. Det unike ved busetjinga på Forsandmoen er at det er kontinuerleg busetjing frå eldre bronsealder (ca 1400 f.Kr) til merovingertid (ca 600 e.Kr), og i romertid og folkevandringstid (1-550 e.Kr) var busetjinga så omfattande at me kaller ho ein landsby.

Utgravinga skapte eit vell av arkeologisk data, både hus og strukturar, funn og naturvitskapleg materiale i form av pollen og forkulla korn, som gjev ei unik moglegheit til å studera endringar i busetjingsmønster over ein periode på over 2000 år. I boka blir heile materialet presentert og analysert for første gong. Forfattar Trond Løken er ein nestor i norske arkeologi, og han leia utgravingane på Forsand. Han har tidlegare skrive mange vitskaplege artiklar basert på Forsand-utgravingane, samt artiklar om busetjingsarkeologi, forhistorisk jordbruk, forhistorisk gravskikk og metodeutvikling.

Lenke til arrangementet

Program for bokutgjevinga 09.04.21 - kl. 12.00 - 14.00

Fagleg redaktør, Lars Erik Gjerpe, presenterer boka

Olle Hemdorff fortel om Forsandutgravingane

Trond Løken fortel om korleis boka vart til

Det blir dessutan open mikrofon med moglegheit til å stilla spørsmål og gratulera forfattaren.

Boka ligg tilgjengeleg open access her: Bronze Age and Early Iron Age house and settlement development at Forsandmoen, south-western Norway | AmS-Skrifter (uis.no)

Og kan kjøpast i hardback for kr 250,- pluss porto ved å senda epost med bestilling til Resepsjon-AM@uis.no