Hopp til hovedinnhold

Foredrag om simulering av blodstrøm i hjernen

Onsdag 29. september 2021 kl. 19:00-20:30,
Arkeologisk museum, Peder Klows gt. 30., Stavanger.

Norges tekniske vitenskapsakademi og TEKNA inviterer til ope møte med foredrag av Geir Nævdal, forsker I ved NORCE.

Publisert: Endret:

Portrettfoto av Geir Nævdal
Geir Nævdal

Foredraget har tittelen Simulering av blodstrøm i hjernen med teknologi frå olje og gass.

Vevsparameter knytt til gjennomstrømming av blod er viktige kliniske parameter som nyttast i diagnostisering, oppfølging og behandling av pasientar. Ved å analysere tidsserier av MR eller CT etter injeksjon av kontrastmiddel kan ein hente ut slike kliniske parameter og seie noko om korleis eit organ, for eksempel hjernen, fungerer. Den informasjonen ein får ut, kan nyttast til å karakterisere slag eller ulike krefttypar. Dagens metodar for å tolke tidsseriene er berre gyldig for eit større område av hjernen.

For betre å kunne nytte den informasjonen som er tilgjengeleg i MR/CT bildene, arbeider forskarar med å utvikle metodikk som kombinerer simulering med data-assimilering for å få betre og meir detaljerte kliniske parameter. Simuleringsmodellane baserer seg mellom anna på flytmodellar for strømming i porøse medium. Data-assimilering blir gjort ved å bruke ensemble-baserte metodar.

Foredraget vil gi ein oversikt over problemet ein ønsker å finne ei betre løysing på, og rapportere om framsteg som har kome ut av det NFR-støtta prosjektet "Flow-based interpretation of dynamic contrast enhanced imaging."

For å følge koronareglane må deltakarane registrere seg på NTVA. Maks 40 deltakarar. Lenke for påmelding og registrering i Hoopla