Forskningsdagene i Stavanger-regionen 2022

21. september - 2. oktober 2022

Gratis og for alle

Forskingsdagane 2022 føregår frå 21. september til 2. oktober. I desse ti dagane kjem forskarane ut av kontora og labbane for å vise, fortelje og samtale med deg om kva dei forskar på. Hav er tema for årets festival, som er knytt til FNs havforskingstiår.

Program 2022

Kva er Forskingsdagane?

Forskingsdagane er ein nasjonal, årleg ti dagar lang festival i regi av Forskingsrådet som Universitetet i Stavanger og ei rekke andre forskings- og kunnskapsinstitusjonar i heile landet tar del i. Eit viktig mål for festivalen er å skape begeistring og forståing for forskning.

folk på scene i samtale
Panelsamtale under Forskningsdagene 2021

Gjennom ei rekke forskjellige arrangement kan folk i alle aldrar og på alle kunnskapsnivå få eit innblikk i forsknigsverda. Arrangementa går føre seg både på og utanfor forskarens vante arenaar for forskingsformidling.

Festivalen har blitt arrangert kvart år sidan 1995 og er ein av Europas store, nasjonale forskningsfestivalar. Kvart år peikar Forskningsrådet ut eit overordna tema for festivalen som dei fleste arrangementa handlar om på ein eller annan måte.

Festivalen startar kvart år på onsdagen i veke 38 og varer til søndagen i veke 39.

Arbeidsgruppa for Forskningsdagene Stavanger-regionen består av folk frå Jærmuseet, Museum Stavanger (MUST), NORCE, Norsk Oljemuseum, Stavanger universitetssjukehus, Tekna, Universitetet i Stavanger og VID vitenskapelige høgskole. UiS har koordinatoransvaret i regionen samt eit spesielt ansvar for ekstern kommunikasjon.

Hav er tema for Forskingsdagane 2022

Hav er årets tema for Forskingsdagane 2022, og festivalen inngår i programmet til FNs havforskingstiår. – Havet har alltid vore viktig for Norge, og det blir ikkje mindre viktig framover. Derfor har vi valt hav som tema for årets festival. Vi vil at fleire skal få kunnskap om – og bli opptatt av havet, seier administrerande direktør i Forskingsrådet, Mari Sundli Tveit.

Logo FNs Havforskningstiår

– Havet har alltid vore viktig for Norge, og det blir ikkje mindre viktig framover. Derfor har vi valt hav som tema for Forskingsdagene 2022, seier administrerande direktør i Forskingsrådet, Mari Sundli Tveit.

Havet er vårt opphav, og det er nesten ikkje mogleg å overvurdere havets betydning for alt liv på jorda. Havet er også avgjerande fordi det gir mat til menneskjer og andre artar, og det er grunnlaget for dei store vêrsystema som sørger for nedbør over heile kloden. Havet har stor kulturell betydning for nordmenn, og havnæringa har avgjerande betydning for nasjonaløkonomien i Norge.

Årets tema for Forskningsdagane samanfaller også godt med FNs havforskingstiår. Det er viktig å forstå havet for å kunne bruke ressursa knytt til havet på ein meir berekraftig måte.

FNs havforskingstiår legge opp til eit globalt kunnskapsløft om havet slik at vi kan nå berekraftsmåla. Og, minst like viktig, at kunnskapen skal taklast i bruk – i forvalting, næringsliv og i heile samfunnet.

Fakta om havforskingstiåret
  • Vedteken av FN
  • Varer frå 2021 til 2030
  • Skal gje eit globalt løft for å heve kunnskapen om hava, sørge for at samfunnet tar kunnskapen i bruk og dermed bidra til at vi når FNs berekraftsmål
  • Alle kan ta del i havforskingstiåret. Du kan bli med i digitale nettverk, delta på arrangement, auke din kunnskap om havet og få godkjent ulike tiltak og prosjekt. Du kan søke på utlysingar for å forske fram ny kunnskap eller ta i bruk løysingar som sikrar at vi oppnår havet vi ønskjer. Finn ut meir på www.oceandecade.org

Les meir: Hva er havforskningstiåret? (forskningsradet.no)

Havforskingstiåret i Norge  

Norge har ein plan for korleis vi best kan bidra til tiåret. Ti område er peika ut der Norge har gode forutsetnader for å gjere ein innsats.

Dei ti områda er:

  1. Samspel mellom klima og miljø
  2. Heilheitleg havforvalting
  3. Sunn og trygg sjømat til alle
  4. Fornybar energi frå havet
  5. Miljøvenleg maritim transport
  6. Eit hav av data
  7. Kven skal eie havet?
  8. Arktis fullt og heilt, ikkje stykkevis og delt
  9. Global havøkonomi og bistand
  10. Alle kan hav!

Les meir: Havforskningstiåret, forslag til nasjonal satsing (forskningsradet.no)

Opplev forskarane våre! Frå tidlegare arrangement.

På labben

Bli med inn og besøk forskarane på labben

Forskar standup

Sjå video av tidlegare Forskar standup på Kåkå på You Tube

Forskar Grand Prix

Sjå tv-sendingane frå Folken og Stavangeren på NRK Kunnskapskanalen

Arbeidsgruppe

Arbeidsgruppa for Forskingsdagane Stavanger-regionen består av folk frå Jærmuseet, Museum Stavanger (MUST), Norce, Norsk Oljemuseum, Stavanger universitetssjukehus, Tekna, VID vitskaplege høgskole og Universitetet i Stavanger. UiS er koordinator Avdeling for kommunikasjon og samfunnskontakt ved UiS har koordinatoransvaret i regionen samt eit spesielt ansvar for ekstern kommunikasjon. Ta kontakt dersom det er noko du lurer på knytta til Forskingsdagane i Stavanger-regionen: forskningsdagene@uis.no Følg oss på Facebook

Vil du delta som forskar?
Idé til eit arrangement?

Har du og ditt fagmiljø som forskarar i Stavanger-regionen ein god idé til eit arrangement under Forskingsdagane? Ta kontakt på e-post: forskningsdagene@uis.no Delta på Forskingstorget? Har du og fagmiljøet ditt lyst å ha ein stand på Forskingstorget laurdag 24. september 2022? Meld di interesse til Ilse Ros: ilse.ros@tekna.no Les meir på den nasjonale nettsida til Forskingsdagane.