Hopp til hovedinnhold

Kroppsøving, folkehelse og toppidrett - heng det i hop?

Tirsdag 28. september 2021 kl. 12:00-13:00,
Tappetårnet, Studentenes hus på Ullandhaug.

Korleis skal det gå med folkehelsa og rekrutteringa til idretten når livsmeistring og bevegelsesglede får meir plass enn idrettsaktivitetar i kroppsøvingsfaget på skulen?

Publisert: Endret:
steffens_FD

I den nye læreplanen for kroppsøvingsfaget som no vert rulla ut i norske skular, vert det lagt meir vekt på teori, leik og bevegelse enn tidlegare. Samstundes er den mindre orientert mot idrettsretta fag. Kva slags fag har dette blitt no, og kva har omlegginga å seie for folkehelsa og rekrutteringa til idretten?

Dette er blant spørsmåla som vert sjonglert på Steffens-salongen under Forskingsdagane.

Tappetårnet på Studentenes hus på Ullandhaug kjem Åge Vigane frå kroppsøvingsseksjonen ved UiS saman med Stein Ørn, professor ved UiS, hjertelege og sykkeltrenar og Camilla Herrem, toppidrettsutøvar og handballærar ved Sola vidaregåande skule for å snakka laust og uformelt om toppidretten og folkehelsa sine kår i lys av den nye læreplanen i kroppsøving. Samtaleleiar er prodekan for utdanning ved UH-fakultetet, Brita Strand Rangnes.

FINN GRATISBILLETT HER. Gled deg også til gratis smoothie frå smoothiesykkelen og til eit forrykande sjongeleringsshow frå ein av verdas beste sjonglørar.

Ein Steffens-salong er ein arena for kunst og kunnskap. UiS vil i samarbeid med Stavanger kommune arrangera ein serie slike salongar fram mot 250-årsjubileet for den stavangerfødde filosofen og professoren Henrik Steffens i 2023. I 1819 stod Steffens i bresjen for dei såkalla turnfiendane i Prøysen. Han meinte at den nystarta turnsporten var skadeleg for både kropp, sjel og samfunn. Frontane var steile og spetakkelet førte til at turnoppvisingar blei forbodne. Meir enn to hundre år seinare kan denne konflikten verka absurd, men argumenta som blei brukte liknar merkeleg mykje på dei me i dag høyrer i diskusjonen om kroppsøving, toppidrett og folkehelse.