Kva prestasjonar ligg bak årets nobelprisar? Kva betyr innsatsen, teoriane, formidlinga og resultata for deg og meg? Forskarar frå Universitetet i Stavanger svarer når vi inviterer til Nobel-pub 9. desember.

Øverst frå venstre: Brita Strand Rangnes, Ellen Ravndal, Alexander Rothkopf, Anders Åkerman, Magne Olav Sydnes og Mark van der Giezen.
Nobelprisane blir delt ut i Stockholm og Oslo på Alfred Nobels dødsdag den 10. desember. Kvelden før inviterer vi til Nobel-pub på Arkeologisk museum i Stavanger. Her stiller seks dyktige fagekspertar frå UiS opp for å presentere prisvinnarane og forklare oppdagingane og bidraga som vert feira. Og det på ein måte som gjer at vi som ikkje har inngåande kunnskap om temaet, kan forstå.

For kva skjuler seg bak omgrep som samanfletta foton, Bell-brot, genomar, klikk-kjemi og bioortogonale reaksjonar? Korleis kan eit forfattarskap og ei økonomisk krise langt tilbake i tid bidra med analyse og innsikt som går rett inn i samfunnsdebatten i dag? Og kva rolle kan sivilsamfunnet spille i arbeidet for fred og demokrati?
Det skal ekspertpanelet frå UiS svare på. Kvar paneldeltakar har 10 minutt på å gjere oss klokare på dei ulike prisvinnarane og prestasjonane deira. Journalist og programleiar Guttorm Andreasen er vert for kvelden og passar på at fagfolka snakkar så vi forstår.
Dei som skal presentere dei ulike prisane, er:
Fysikk: Aleksander Rothkopf, professor i fysikk ved institutt for matematikk og fysikk.
Medisin: Mark van der Giezen, professor i biologisk kjemi ved institutt for kjemi, biovitenskap og miljøteknologi.
Kjemi: Magne Olav Sydnes, professor ved institutt for kjemi, biovitenskap og miljøteknologi
Litteratur: Brita Strand Rangnes, pro-dekan for undervisning ved Fakultet for utdanningsvitskap og humaniora
Fred: Ellen Ravndal, førsteamanuensis ved institutt for medie- og samfunnsfag
Økonomi: Anders Åkerman, professor i samfunnsøkonomi ved Handelshøgskolen ved UiS
Arrangementet er gratis og opent for alle, så langt det er plass. Sikre deg gratisbillett i dag!