Steffens-salong: Akademisk ytringsfridom

Onsdag 21. september 2022 kl. 15:00-16:00,
Sølvberget, 3. etg - Klasserommet.

Velkommen til haustens første Steffens-salong, som denne gongen er ein del av Forskingsdagane og Kapittel.

Published Endret

Collage med portretter av paneldeltakere

Det siste året har det vore fleire debattar knytt til spørsmålet om ytringsfridom i akademia, og i vår presenterte Kierulf-utvalet sin rapport om akademisk ytringsfridom. Korleis er eigentleg stoda for ytringsfridomen i akademia?

Er ytringsfridomen trua? Blir tenkinga domestisert av trigger-warningar, cancel-culture og political correctness? Eller er den akademiske fridomen trua av det økonomiske paradigmet? Er kravet om produksjon av studiepoeng like farleg som kapitalkreftene som ønsker å styre forskingsresultata? Sensurerer dei tilsette seg sjølv for å unngå den digitale gapestokken? Og blir undervisninga grå og smitta av åndeleg frigiditet om man ikkje lenger kan vitse om tyske bubilturistar under forelesninga?

I panelet: Professor og forfattar Jan Inge Sørbø, administrerande direktør i NOKUT Kristin Vinje og rektor ved UiS Klaus Mohn.

Ordstyrar: Brita Strand Rangnes.

Få gratis billetter

Portrettbilde av forfatter
Helene Uri. Foto: Julie Pike, Gyldendal forlag

Det kulturelle innslaget denne gongen er ved Helene Uri, som les frå De beste blant oss – ein roman som skildrar ei akademisk verd på ville vegar.

Ein Steffens-salong er ein arena for kunst og kunnskap. UiS vil i samarbeid med Stavanger kommune arrangera ein serie slike salongar fram mot 250-årsjubileet for den stavangerfødde filosofen og professoren Henrik Steffens i 2023.

Dette arrangementet er ein del av programmet under Forskingsdagane i Stavanger-regionen og litteraturfestivalen Kapittel.