I kjølvatnet av folketog og festtalar inviterer Steffens-salong til føredrag om den norske grunnlova kombinert med opplesing frå diktsamlinga Lovene.

Den norske 1814-Grunnlova vart brukt som modell, argument ‒ og åtvaring ‒ i 1800-tallets intense konstitusjonelle debattar i Europa – ikkje minst i det tyske området. Henrik Steffens omsette tidleg Grunnlova til tysk i skrifta si om det norske Stortinget og debattane der i 1824. På 1840-talet følgde ei rekkje tyske omsettingar som framheva den liberale norske konstitusjonen. Grunnlova vart òg omsett til fleire andre språk, og ho vart ei av dei mest omsette utgivingane i den tidlege norske bokhistoria.
Ruth Hemstad er historikar og jobbar ved Nasjonalbiblioteket og som førsteamanuensis II ved Institutt for arkeologi, konservering og historie på Universitetet i Oslo. Ho har mellom anna sett på korleis grunnlova vart motteke både i Noreg og utanfor kongeriket.
Forfattar Øyvind Rimbereid har utforska lovas vesen, kjelder og labyrintar i diktsamlinga Lovene.
Arrangementet finn stad torsdag 19. mai på Arkeologisk museum, Peder Klows gate 30A i Stavanger. Det faglege innhaldet tek til klokka 17. Frå klokka 16.30 byr me på suppe i Kafé Ask og Embla.
En Steffens-salong er en arena for kunst og kunnskap. UiS vil i samarbeid med Stavanger kommune arrangere en serie slike salonger fram mot 250-årsjubileet for den stavangerfødde filosofen og professoren Henrik Steffens i 2023.