Hopp til hovedinnhold

Steffens-salong om naturfilosofi

Torsdag 25. november 2021 kl. 16:30-18:00,
Stavanger kunstmuseum.

I samband med den nye utstillinga ved Stavanger kunstmuseum, "Opplevelser av olje", vil professor Helge Jordheim frå Universitetet i Oslo snakka om Henrik Steffens og geologi – rettare sagt om jordas indre naturhistorie.

Publisert: Endret:

steffens og oljå

Velkommen til haustens fjerde Steffens-salong, denne gong på Kunstmuseet ved Mosvannet. UiS-rektor Klaus Mohn innleiar før Helge Jordheim (UiO) snakkar om Henrik Steffens som mineralog, oryktognost og geognost. I tillegg vil Helga Nyman frå Kunstmuseet fortella om den nye utstillinga "Opplevelser av olje".

Vi byr på deilig haustsuppe kl 16.30, før sjølve arrangementet startar kl 17. Arrangementet er gratis.

Ein Steffens-salong er ein arena for kunst og kunnskap. UiS vil i samarbeid med Stavanger kommune arrangere ein serie slike salongar fram mot 250-årsjubileet for den stavangerfødde filosofen og professoren Henrik Steffens i 2023. Arrangementet er gratis.

Jordens innside var lenge et rom for spekulasjonar. Var ho fylt med vatn eller ild? Var ho kanskje hol, eller full av holrom? Medan naturhistorikarar utover på 1600-tallet vandra på jordoverflata, samla stein og spekulerte rundt kvar fossil kom frå, hadde dei få klare førestellingar om kva som utgjorde jordas indre. Henrik Steffens' gjennombrotsverk Beyträge zur inneren Naturgeschichte der Erde, utgitt i 1801, var med på endra på dette.

Historien om Noregs «bortblæste laurbærblad» (Wergeland) som drog til København og Berlin og sette fart i den tyske og skandinaviske romantikken, var omgangsvenn med Schelling, Goethe og Schlegel-brødrene, og gjorde braksuksess med førelesingane sine, er etter kvart velkjend. Men kva var det han snakka og skreiv om? Kva var det som både samtidas forfattarar, professorar og intellektuelle så gjerne ville høyra eller lesa?