Steffens-salong: Frå den stavangerske pesten til Nye SUS

Onsdag 23. november 2022 kl. 16:30-18:00,
Kjell Arholms hus,
Auditorium 2.

For 250 år sida herja ein smittsom sjukdom i Stavanger.

Published Sist oppdatert
Collage med portrett av filosof, forfatter og artister

Få gratisbillett her.

I 1773 sendte Den Medisinske Commission i København – datidas helsedirektorat – legen Heinrich Steffens til Stavanger. Han skulle prøve å få bukt med den syfilisliknande sjukdommen som spreidde seg langs norskekysten, og som såg ut til å ha sitt opphav i Stavanger, der den òg hadde fått namnet sitt: «Radesyken».

Den underlege – og svært smertefulle – lidinga blei ikkje berre opphavet til Noregs første kurative, legestyrte sjukehus, leia av Heinrich Steffens, ho var òg tema for landets første doktorgrad og det første medisinske tidsskriftet. Både den første fylkeslegen og det første amtssjukehuset var eit resultat av det som vart kalla den stavangerske pesten.

Sven Egil Omdal har skrive den lokale sjukehushistoria frå middelalderens hospital til Nye SUS, i ei bok som kjem i haust. Han vil fortelje om sjukdommen som endra norsk medisinsk historie, og som var årsaka til at Henrik Steffens blei født nettopp i Stavanger.

Det kulturelle innslaget denne gongen er det Randi Tytingvåg Trio som står for. Randi Tytingvåg har sjølv opplevd å trenge hjelp frå helsetenesta då ho fekk ein alvorleg diagnose under koronapandemien. Erfaringa resulterte i albumet Trøsteviser for redde netter. Den 23. november står trioen klar i amfiet.

Som vanleg byr vi på suppe i forkant av programmet, så her er det berre å komme rett frå studiekvardag, eksamenslesing og jobb. Etter suppe og sang går vi inn i auditorium 2 for kunnskapspåfylling.

Arrangementet er gratis og opent for alle. Av hensyn til mateserveringa, ber vi om at du melder deg på. Påmeldinga er gratis og ikkje bindande.