Tirsdagsforedrag: Ei kvinne frå vikingtid reiser til Dublin. Utstillingssamarbeid mellom Arkeologisk museum og Dublinia

Tirsdag 24. oktober 2023 kl. 18:30-19:30,
Arkeologisk museum.

Med professor Kristin Armstrong Oma, Arkeologisk museum, UiS

Publisert Sist oppdatert

Smykkene til Niamh utstilt på Arkeologisk museum
Smykkene til Niamh utstilt på Arkeologisk museum

 I mai i år opna utstillinga «Viking women connecting Ireland and Norway» på historiesenteret Dublinia i Irland. Dublinia har lånt gjenstandar frå våre samlingar, fleire av desse er av irsk herkomst og har ikkje vore i Irland sidan dei vart frakta bort – på grunn av plyndring eller handel. Ei kvinnegrav frå Time i Rogaland dannar midtpunktet i utstillinga. Grava var utstilt i vår utstilling «Utferd», der kvinna i grava fekk namnet Niamh, som er eit irsk namn med djupe røter. Niamh er kjent frå irske myter om det mystiske landet ute i havet, Tir-na-nog. Kvinna fekk med seg eit irsk smykke i grava, og me spekulerer på kven ho var og kor ho kom frå.

Museet opnar klokka 18.00 med ein omvising med 'akademisk kvarter' i utstillinga.

Gratis inngang!

Arkeologisk museum stenger frå 1. november grunna ombygging. Velkomne tilbake i 2024.