Hopp til hovedinnhold

UiS-forskarar forklarer nobelprisane

Torsdag 9. desember 2021 kl. 18:00-19:00,
Arkeologisk museum,
Kafe Ask og Embla.

Dagen før nobelprisane for 2021 vert delt ut, kan du lære meir om kva prestasjonar som ligg bak prisane. Det heile skjer på Arkeologisk museum i Kafé Ask og Embla. Gratis inngang.

Publisert: Endret:

Ofte er det svært få utanfor prisvinnarane sine egne fagfelt som verkeleg forstår kva framsteg prisane representerer.Universitetet i Stavanger inviterer derfor til eit Nobelpris-arrangement der forskarar som er knytta til Stavanger universitetssjukehus (SUS) og UiS vil presentere årets prisvinnarar, forklare bakgrunnen for prisane og kva vitskaplege oppdagingar og bidrag som vert feira.

Kven som skal snakka om dei ulike prisane vert kunngjort etter kvart som dette er klart!

Dørene opnar 17.30 og Kafe Ask og Embla held ope med alle rettigheitar.