Hopp til hovedinnhold

AVLYST! Anne Kalvig på Kunnskaps_tørst

Torsdag 26. november 2020 kl. 16:00-17:00,
Ydalir hotell.

NY DATO I 2021 KJEM

Publisert: Endret:
Nabolagstreff

Er vikingtida framtida?

Kunnskaps_tørst er eit triveleg nabolagstreff for oss som jobber rundt om på Campus Ullandhaug. 26. november er tema "Back to Blood - er vikingtida framtida?"

Arrangementet er gratis, men krev påmelding.

Vikingar er meir populære enn nokon gong. Bruk av norrøn fortid bringer folk tilbake til røter og natur, i motsetning til ein kvardag ramma inn av klimakrise og miljøproblem. For nokre aktørar heng dette også saman med nye, spirituelle måtar å sjå oss sjølve og vår plass i verda på. Nokre vender seg til åsatru og former for nypaganisme eller lar seg inspirera av ei naturoppfatning der kosmos er eit levande, pulserande heile med menneska i samspel med ulike makter og krefter. Dette gjev ein annan verdi til natur og omliggande liv. Å leva enkelt, kunna bruka naturen og materialar ein finn der slik ein gjorde i norrøn tid, kan vera ein konkret måte å leva ut ønsket om berekraftig livsstil og ei grønare framtid. 

Back to Blood: Pursuing a Future from the Norse Past (BTB) er eit NFR-finansiert (FRIPRO) forskingsprosjekt om kvifor vikingar og norrøn fortid er så populært i dag. Det går frå 2020-2024, og starta opp 1. august i år. 

Anne Kalvig og hennar forskargruppe har som ein hypotese at kulturelle og spirituelle produkt relaterte til norrøn fortid, som vikingmarknader, TV-seriar, filmar, dataspel, musikk og festivalar med norrøne tema, heng saman med at folk er opptekne av berekraft, identitet og medborgarskap. Forskargruppa ser også nærare på kva rolle det norrøne speler i radikaliseringsprosessar, for å gjere samfunnet betre rusta til å motverka slik radikalisering.

I Kunnskaps_tørst gjev me smakebitar frå forskinga og feltet me arbeider på.

Dei som er med i BTB er: Professor Anne Kalvig, stipendiat Anna Økstra, postdoktor Tao Thykier Makeeff, fyrsteamanuensis Jane Skjoldli, alle IKS, UiS, og fyrsteamanuensis Fredrik Gregorius, Linköping Universitet.