Hopp til hovedinnhold

Opning av utstillinga "Til deg du myr"

Onsdag 18. mai 2022 kl. 16:30-21:00,
Arkeologisk museum,
Utstillinga Til deg du myr.

Opninga av utstillinga "Til deg du myr" er eit samarbeid med Klimastiftelsen. Det vil bli introduksjon ved Christin Jensen kl 17 og paneldebatt i regi av Klimastiftelsen kl 18.

Publisert: Endret:
Myrull
Bilete av myrull. Foto av Annette G. Øvrelid

Utstillinga presenterer våtmarker som landskapstype, og formidler den store verdien til myr, tjern, sump etc både for biologisk mangfald, økosystemtenester og som eit natur- og kulturhistorisk arkiv. Våtmarka speler ein livsviktig rolle som Co2-lager, vannmagasin og som habitat for eit rikt artsmangfold.

Utstillinga har tre delar. Den eine delen fokuserer på kulturhistorie og våtmarker sin mystiske aura, som offermyrer og ein portal inn i ein annan verd. Neste del fokuserer på korleis myra er eit arkiv som kan fortelja oss om både vegetasjon- og landskapshistorie og klimaendringar over ein lang tidsperiode. I den tredje delen tek me føre oss korleis våtmarker er trua av utbygging. Me presenterer forvaltninga av våtmarker, og korleis dei i praksis har eit svakt vern, særlig som kulturhistoriske landskap.

I utstillinga får publikum møte skattar frå våre samlingar, for det meste gjenstandar av tre som er funne i myr og som sjeldan blir utstilt. Utstillinga er stemningsfull og estetisk, og kombinerer Annette Øvrelid sine foto med reproduksjonar av kunst, levande torvmose og tekst som gjev informasjon og vekkar refleksjon. Utstillinga skal skapa både interesse og glede for landskapstypen.

Me ynskjer velkomen:

kl. 16:30 Velkomst med noko godt i glaset

Kl. 17:00 Tale og opning ved avdelingsleiar Iselin Grayston

Kl. 17:05 Orientering om utstillinga ved Christin E. Jensen 

Kl. 18.00 Forskningspub i samarbeid med Klimastiftelsen

Open kafé med salg av mat og drikke. Museet er ope til kl. 21:00.

NB: Det er den internasjonale museumsdagen den 18. mai og det er gratis inngang på Arkeologisk museum.

For paneldebatten er det fint om de registrerer dykk: https://klimastiftelsen.no/arrangement/naturkveld-i-stavanger-hvordan-loser-vi-klimakrisen-uten-a-forverre-naturkrisen/?fbclid=IwAR37Wb0ovBLSJkGGkZ_7o84jI8ZEhTJwG3qvauIp6I2UTf2T7SU3ktKLTxc

Arbeidsgruppa: Kristin. Armstrong-Oma (prosjektleiar, arkeologi), Christin E. Jensen (naturvitskap), Kristine O. Sørgård (arkeologi), Ellen T. Bøe (pedagogikk, skoletenesten).