Prorektor Rune Dahl Fitjar oppmodar alle andre større arbeidsplassar til å tenke i liknande banar.
Bildelingstenesta er eit nytt ledd i den grøne omstillinga av UiS.
Lanseringa skjer frå klokka 11.00 til 11.30 torsdag 21. april på parkeringsplassane framfor Arne Rettedals hus. Desse var avsett til parkering for leiinga, men er nå omprioriterert til bildelingsteneste for alle studentar og tilsette.
Rune Dahl Fitjar er særs nøgd med at UiS nå kan tilby bildeling:
– Når vi nå har dette tilbodet, er ærend eller møte i arbeidstida ikkje lenger ein god grunn for å bruke eigen bil til Ullandhaug. Med bildeling kan ein kome hit med sykkel eller buss, og bruke bildelinga til eventuelle møte eller ærend innafor arbeidsdagen, seier han.
Seks elbilar
UiS har inngått avtale med Kolumbus bildeling om ordninga. Det fylkeskommunale mobilitetsselskapet er koordinator mellom grunneigarar og bil-operatørar.
Bilane kan leigast på timebasis, dag, helg eller lenger, både i jobb og privat.
Seks elbilar inngår i ordninga: Tre Fiat 500, mellom anna ein kabriolet, to Hyundai Kona og ein Nissan varebil. Seinare vil det kome seks bilar til.
Bilane leigast i Kolumbus sin Sanntids-app. Slik bruker du ordninga.
Grøn omstilling
Det er ei såkalla A til A-ordning som vil seie at bilane «bur» på UiS campus Ullandhaug og skal returnerast til campus Ullandhaug etter bruk. Bilane er difor merkte med «Denne bilen hører til på UiS, Campus Ullandhaug.»
Innbytte av reserverte parkeringsplassar mot bildeling er eit nytt steg i arbeidet med grøn omstilling på Universitetet i Stavanger. Grøn omstilling er ei av berebjelkane i tiårsplanen til universitetet, Strategi 2030. Det inneber at all aktivitet ved universitetet skal vere med på å ta samfunnet i ei grønare retning.
Omstillinga gjeld nemleg ikkje berre studiar, studieinnhald, forsking, samarbeid og klimaavtrykka studentar og tilsette etterlet, men også det fysiske universitetet, det vil seie bygg og uteområde. Les meir om den grønne omstillinga av campus.
Tekst og foto: Elin Nyberg