Ulla-Førrefondet gir 10 millionar til elkraft-laboratorium

Topp utstyr for elkraft-studentar blir ein realitet når den nye energisentralen står klar på campus i 2025. Heile fjerde etasje er sett av til elkraft.

Published Sist oppdatert

Fem personer i vinterklær foran en byggeplass
Instiuttleiar Tom Ryen, førsteamanuensis Merkebu Zenede Degefa, førsteamanuensis Kristian Thorsen, professor Tormod Drengstig og dekan Øystein Lund Bø er glade for pengane som kjem til laboratoriet i fjerde etasje av Energisentralen, som no er under bygging.

Når den nye energisentralen står klar i januar 2025, er heile fjerde etasje satt av til elkraft-lab. No er også pengar til å utstyre laben sikra.

Den 23. november blei det klart at Ulla-Førrefondet gir UiS heile 10 millionar kroner til dette føremålet. Det sikrar topp utstyr til studentane som vel den nye studieretninga Elkraft og elektrifiseringbachelorstudiet i elektroteknologi.

Dei skal mellom anna få jobbe på småskala elektriske modellar av distribusjonsnettet, rett og slett eit straumnett i miniatyr. Studentane skal få koble opp elkraft-system og lære korleis dei ulike delsystema virkar saman. Til dømes korleis produksjon i en vindturbin koblast opp til transformatorstasjon og så vidare ut til forbrukarane.

Fem personer på rekke foran en stripete vegg
Styret i Ulla-Førrefondet. Frå venstre: Ove Jølbo, Asle Rafdal, Kjetil Harestad, Jonas Andersen Sayed og Anne Marie Lund. (Foto: Rogaland fylkeskommune)

Kompetanse for det grøne skiftet

Laboratoriet blir og ein plass for å lære korleis nettet må bli bygd opp og justert for å kunne ta imot straum frå forbrukarar som produserer elektrisitet sjølve, til dømes med solpanel på eigne bustadar.

– Dette er svært gode nyheiter. Med støtta frå Ulla-Førre klarer UiS på rekordtid å tilby ein moderne elkraftsatsing som er heilt grunnleggjande for å kunne utdanne kompetansen som trengs for det grøne skiftet, seier Øystein Lund Bø, dekan ved Det teknisk-naturvitskaplege fakultet. 

UiS har dei siste to åra planlagd ei ny studieretning i elkraft og elektrifisering, i samarbeid med næringslivet. Dette er for å møte ein stadig stigande etterspurnad etter elkraft-ingeniørar.

Frå i vinter vil dette tilbodet bli opent for søking.

Illustrasjon av bygg med fire etasjer
Slik skal den ferdige "energisentralen" sjå ut når den er ferdig. Toppetasjen vil vere laboratorium og undervisningslokale for elkraft og elektrifisering. (Tegning: Linkarkitektur)

Opent for Y-vegen

Studieretninga vil bli ein del av bachelor i elektroteknologi, eit etablert studium ved Det teknisk-naturvitskaplege fakultetet.

Etter eit felles første år, startar studentane på ei spesialisering i anten elkraft og elektrifisering eller automatisering og elektronikk.

Studiet er også opent for dei som tek Y-vegen, altså dei som søker på bakgrunn av fagbrev.

Tekst: Leiv Gunnar Lie

Les også: Energisentralen gir 80 prosent utslippskutt