Fleirkulturelle barnehagar - korleis skape eit positivt læringsmiljø?

Barnehagelærarar som gir kjenslemessig støtte, er varme og tydelege, legg til rette for leik og læring mellom barn av ulike etnisitetar, og som har eit godt samarbeid med foreldra, er med på å skape gode rammer i fleirkulturelle barnehagar.

Published Sist oppdatert

Barn maler

Spørsmålet om korleis ein kan jobba for å få til eit positivt læringsmiljø i barnehagar, på tvers av ulike språk og etnisitetar, er sentralt òg i Norge i dag.

Eit nytt forskingsnotat frå KSU presenterer eit systematisk kunnskapsoversyn, som samanfattar resultata frå 14 studiar som alle utforskar positive læringsmiljø i barnehagar. Studien viser til kor sentral barnehagelæraren er i dette feltet.

«Det viktigaste barnehagelæraren kan gjere for å bygge eit læringsmiljø som er positivt for barnehagegrupper som inkluderer minoritetsbarn, er å tilpasse deira eigne pedagogiske val og åtferd slik at alle barna får den kognitive og kjenslemessige støtta dei treng for å kunne bidra til å byggje eit positivt læringsmiljø,» heiter det i konklusjonen.

Les heile forskingsnotatet her: