Hopp til hovedinnhold

Ikkje-verbal kommunikasjon og morsmål i barnehagen hjelper fleirspråklege barn med å læra

Likevel syner forskinga òg at fleirspråklege barn ikkje alltid får dei same læringsmoglegheitene som einspråklege barn.

Publisert: Endret:

barnehagelærer med barn leser bøker

Globalisering og immigrasjon har ført til ein auke av fleirspråklege barn i barnehagar i vestlege land. Desse barna har ofte dårlegare ferdigheiter i majoritetsspråket, både når dei startar og sluttar i grunnskulen, samanlikna med einspråklege barn. 

Eit nytt forskingsnotat frå Kunnskapssenter for utdanning ser nærare på denne problematikken. Forskingsnotatet er eit samandrag av eit systematisk kunnskapsoversyn av 31 studiar som utforskar det språklege samspelet mellom barnehagelærarar og fleirspråklege barn.

Resultata frå kunnskapsoppsummeringa viser at både fleirspråklege og einspråklege barn har samspel av høg kvalitet med barnehagetilsette, der dei vaksne oppmuntrar barna til å delta i samtalane. «Eit trygt læringsmiljø med faste rutinar bidrog til ei positiv språkutvikling hos barna i desse studiane,» heiter det her.

Samstudens konkluderte fleire av studiane med at fleirspråklege barn ikkje alltid fekk dei same moglegheitene til å utvikle majoritetsspråket som einspråkleg barn: «Mellom anna ga dei tilsette mindre språkleg støtte til dei fleirspråklege barna. Dei vaksne snakka ofte til desse barna i eit enklare språk med kortare setningar og mindre variert ordforråd.»

Les heile forskingsnotatet her:

Samspel mellom barnehagelærarar og fleirspråklege barn