Berekraft, etikk, varsling og samfunnsansvar

Universitetet i Stavanger skal bidra til å løyse dei store samfunnsutfordringane i vår tid og opptre på ein etisk, berekraftig og samfunnsansvarleg måte.

Published Sist oppdatert
Grøn omstilling er eit viktig satsingsområde for UiS.

Universitetet i Stavanger skal vere eit ope og innovativt universitet med høg kvalitet i utdanning, forsking og kunstnarisk utviklingsarbeid. Den felles retninga vår skal vere prega av ansvaret for berekraftig omstilling. Vi skal vere kjenneteikna av høg trivsel blant studentar og tilsette. Energi, helse og velferd, og læring for livet er satsingsområda våre. Les meir om Strategi 2030.
UiS skal opptre på ein etisk, berekraftig og samfunnsansvarleg måte, utøve god styring og leiing, og respektere menneskerettane. Vi skal legge til rette for at tilsette og studentar blir varetatt i eit arbeidsmiljø som er kjend for likeverd og mangfald, der alle vert behandla rettvist og med respekt og verdigheit. Med vår verksemd ønsker vi å skape varige verdiar i regionen gjennom eit godt samarbeid med omverda. UiS er medlem i Etisk handel i Noreg og søker å bidra til ei sunn sosial og berekraftig utvikling i verda gjennom å gjere innkjøp som er i tråd med internasjonale anerkjente standardar for arbeidstakarrettar og menneskerettar. Verksemda ved UiS skal drivast i tråd med prinsippa i FNs Global Compact, og vi held difor oversyn over eige klimaavtrykk og jobbar aktivt med å minske utslepp av klimagassar frå eigne aktivitetar. UiS er sertifisert som Miljøfyrtårn, har ein eigen reisepolicy og rapporterer årleg klimarekneskapen sin til Kunnskapsdepartementet. Medlemskapet vårt i mobilitetsordninga HjemJobbHjem er med på å sikre at fleire tilsette syklar, går eller reiser kollektivt til og frå jobb.

Våre verdiar

Uavhengig, involverande og skapande. Verdiane våre er styrande for korleis vi møter studentar, tilsette og samfunnet og korleis vi kan etterleve visjonen og nå måla våre som universitet.

Uavhengig

Studentar og tilsette skal vere i kontinuerleg samspel med samfunnet, samtidig som vi driv uavhengig kritisk søken etter ny kunnskap. Som institusjon bygd på demokratiske og humanistiske verdiar vernar vi om akademisk fridom og forskingas uavhengigheit, og fremmer ideal som ytringsfridom, integritet og likeverd. Gjennom kritisk refleksjon og tydeleg kommunikasjon skal tilsette og studentar sette dagsorden for viktige saker og vere aktive deltakarar i fag- og samfunnsdebatten.

Involverande

Vi verdset openheit og skal involvere studentar og samfunnet i det akademiske fellesskapet. Vi deler kunnskapen og kompetansen vår. Gjennom involvering får avgjerder eit breiare kunnskapsgrunnlag. Respekt for kvarandre sine skilnadar og bakgrunn gir vilkår for sosial og fagleg deltaking. Universell utforming skal prege studia våre og det fysiske og digitale læringsmiljøet. Læringsmiljøet vårt ser på mangfald som ein ressurs.

Skapande

Vi vil flytte grenser for kunnskap og ferdigheiter. Kreativitet og skapande aktivitet skal kjenneteikne vår vitskaplege, kunstnariske og administrative verksemd. Vi skal fremje bruken av ny kunnskap og kloke avgjerder i samfunns- og arbeidsliv. Vi skal gje grobotn for livskvalitet, gode levevilkår og berekraftig utvikling. Studia skal vere danningsreiser som dyrkar fram ikkje berre kritisk tenking men òg reflekterte livsval for den enkelte.

Etikk og etterleving

Vår evne til å skape verdiar og innfri samfunnsansvaret vårt er avhengig av at vi har ein tilitsbasert relasjon til våre medarbeidarar, våre samarbeidspartnarar og samfunnet.

Ansatte ved Læringsmiljøsenteret fotografert på Solastranda i oktober 2021.

I all vår verksemd vil vi rette oss etter gjeldande lover og forskriftar, opptre på ein etisk, berekraftig og samfunnsansvarleg måte, utvise god styring og leiing og respektere dei internasjonale menneskerettane.

Etiske retningsliner for åtferd

Vi har etiske retningsliner for åtferd for våre medarbeidarar, styremedlemmar og innleid personell. Retningslinene reflekterer våre verdiar – uavhengig, involverande og skapande – og gir rettleiing i saker som enkeltpersonar kan bli stilt ovafor i sitt daglege arbeid. 

Nokre viktige prinsipp for våre retningsliner
  • Vi vil bli kjend for vår høge etiske standard
  • Vi ser på etikk som ein integrert del av vår verksemd
  • Våre handlingar skal ligge godt innafor våre etiske standardar og gjeldande lovgiving
  • Vi forventar ein høg etisk standard hos alle som opptrer på våre vegne
  • Vi er opne når det gjelder etiske spørsmål
  • Vil vil bli kjend for vår høge etiske standard
Omsyn til innbyggarane

Både som myndighetsutøvar, tenesteytar og forvaltar av betydelege samfunnsressursar, pliktar vi – og dermed den enkelte tilsette – å ta omsyn til innbyggarane sine interessar, tilstrebe likebehandling og opptre med respekt overfor det enkelte individ.

Lojalitet og lydighetsplikt

Tilsette pliktar å følge dei rettslege reglar og etiske retningsliner som gjelder for verksemda, samt å etterkomme pålegg frå den overordna. Lydigheitsplikta medfører ikkje noko plikt til å følge pålegg om å gjere noko ulovleg eller uetisk.

Openheit

Det skal vere openheit og innsyn i forvaltninga, slik at ålmenta kan gjere seg kjend med vår verksemd, og såleis kunne få innsikt i korleis vi skjøttar våre oppgåver.

Habilitet

Våre tilsette skal ikkje opptre på en måte som er egna til å svekke tilliten til deira upartiskheit.

Fagleg uavhengigheit

Prinsippet om fagleg uavhengigheit betyr at våre tilsatte skal legge sine faglege kunnskaper og sitt faglege skjønn til grunn gjennom heile tenesteutøvinga.

Varsling

Universitetet ønsker din tilbakemelding! Vi vil at du sier ifra om alt fra små praktiske ting til alvorlige forhold.

grønn snakkeboble med tre prikker i, gul bakgrunn

Universitetet i Stavanger jobbar heile tida for å oppmode og minne våre tilsette, og alle eksterne tredjepartar som samarbeider med oss, om å varsle oss om bekymringar og rapportere alle brudd på loven eller UiS sine retningsliner.

Eksempel på slike brudd er trakassering, diskriminering, interessekonfliktar, korrupsjon, brudd på innkjøpsregelverk, misbruk av universitetet sin eiendom, truslar mot sikkerheit og sikring, brudd på konfidensialitet, svindel eller andre økonomiske misligheiter.

Varslingskanalen Si ifra er oppretta for å sikre konfidensiell behandling og beskytte rettiaten både til varslaren og den varselet potensielt gjeld.

Du kan velge å vere anonym der loven tillet dette. Varslingskanalen gir moglegheit for tovegs-kommunikasjon mellom deg og UiS. UiS vil ikkje iverksette sanksjonar mot nokon som rapporterer på ansvarleg måte.

Varslingskanalen er open for alle, og behandling av personopplysningar skjer i samsvar med gjeldande personvernlovgiving.

Grøn omstilling

UiS legg vekt på å utvikle eiga verksemd i grønare retning gjennom systematisk miljøarbeid og å synleggjere eige miljørekneskap. UiS er sertifisert som Miljøfyrtårn og er ein HjemJobbHjem-arbeidsplass.

Gjennom Strategi 2030 forpliktar Universitetet i Stavanger seg til å jobbe for omstilling av samfunnet gjennom forsking, kunstnarisk utviklingsarbeid, utdanning og innovasjon. Vi skal bidra til å løyse dei store samfunnsutfordringane i vår tid og legge til rette for ei meir berekraftig samfunnsutvikling og nye måtar å forvalte ressursane på. UiS legg sjølvsagt også vekt på å utvikle eiga verksemd i grønare retning gjennom systematisk miljøarbeid.

Miljøstatistikk og klimarekneskap

Årleg rapporterer UiS inn miljøstatistikk til Kunnskapsdepartementet. Med utgangspunkt i Direktoratet for internasjonalisering og kvalitetsutvikling i høgare utdanning (Diku) sine grøne indikatorar legg UiS vekt på at indikatorane både skal vere synlege for andre, men også førande for korleis UiS overvakar eigen klima- og miljøpåverknad over tid, innanfor åtte hovudkategoriar: energi, mobilitet, avfall, innkjøp og anskaffingar, mat og servering, vassforbruk, bygg og materialbruk og økologi. Statistikkar og rapportar for desse grøne kategoriane vert formidla fortløpande på uis.no.

Kontaktperson for miljøstatistikk og klimarekneskap: Elena Menichelli og Erlend Kristenssen

Logo til Miljøfyrtårn med illustrasjon av et fyrtårn som lyser på et grønt tre

Miljøfyrtårn

UiS er sertifisert som Miljøfyrtårn og skal årleg rapportere inn miljøarbeidet ved institusjonen. Dette betyr at vi jobbar systematisk med å minske energiforbruket, avfallsmengda og CO2-avtrykket. Gjennom denne ordninga jobbar UiS målretta med å forbetre miljøprestasjonar innanfor områda arbeidsmiljø, avfallshandtering, energiforbruk, innkjøp og transport. Dette arbeidet skal bidra til å oppnå fleire av FNs berekraftsmål.
Kontaktperson ved UiS: Arnljot Corneliussen

HjemJobbHjem

UiS er ein HjemJobbHjem-arbeidsplass. Tilsette ved UiS kan blant anna ta i bruk HjemJobbHjem-billetten, som legg til rette for at fleire skal reise kollektivt til og frå jobb. Føremålet med avtalen er å redusere talet på dei som vel å køyre bil til jobb, få fleire til å sykle eller gå, og slik gje auka helsevinst for våre tilsette.

Kontaktperson ved UiS: Arnljot Corneliussen

Norsk klimastiftelse

Eit viktig oppdrag for oss som universitet er å formidle fagkunnskap og forskingsresultat til allmenta. UiS har i 2020 inngått ein samarbeidsavtale med Norsk klimastiftelse som inneber at UiS skal vektlegge kunnskapsformidling om kva truslar og moglegheiter klimaendringane kan føre til, og gjennom formidling gå breitt ut med forskingsbasert kunnskap om klimaendringar og energiomstilling.

Kontaktperson ved UiS: Karen Anne Okstad

Etisk handel

UiS er medlem av Etisk handel Noreg og har forplikta seg til å jobbe for å stille krav i leverandørkjeda slik at vi gjennom internasjonal handel bidreg til å fremje menneske- og arbeidstakarrettar, berekraftig utvikling og forsvarleg miljøhandtering.

UiS har ein handlingsplan for etisk handel og rapporterer årleg til Etisk handel Noreg om framdrifta i dette arbeidet. UiS har som mål at innkjøpa universitetet gjer, skal bidra til ei sunn sosial og berekraftig utvikling i landa der varene er produserte. Dette skal vi få til ved at innkjøpa vi gjer skal vere i tråd med internasjonale anerkjente standardar for arbeidstakarrettar og menneskerettar.

UiS stiller to viktige krav:

  • Etisk handel som kvalifikasjonskrav

Eit kvalifikasjonskrav er eit vilkår knytt til om leverandøren er eigna eller ikkje. Kvalifikasjonskravet må vere oppfylt for at leverandøren skal kunne delta i konkurransen, og kravet skal ligge til grunn for kva leverandør som skal vurderast for tildeling av kontrakten. 

  • Etisk handel som kontraktsvilkår

Dei etiske kontraktsvilkåra handlar om tilsette sine rettar slik dei går fram av ILOs kjernekonvensjonar i nasjonal lovgiving, oppfølging og konsekvensar ved brot på dei etiske krava. UiS har utarbeidd ein rutine for aktsomheitsvurdering i UiS sine innkjøp. Når vi stiller etisk handel som kontraktsvilkår blir leverandørane informert i anbudsdokumenta og i oppstartsmøtet. Deretter sender UiS eit eigenrapporteringsskjema til leverandøren. Her skal leverandøren gje informasjon om korleis bedrifta jobbar for å etterleve dei etiske krava.

Kontaktperson for Etisk handel ved UiS: Espen Haavardsholm



Strategi 2027 for Universitetsbiblioteket i Stavanger

Universitetsbiblioteket i Stavanger skal gjennom en åpen og innovativ profil, være pådriver for kunnskapsutvikling, verd...

Klima- og miljøplan for UiS

Universitetet i Stavanger sin Klima- og miljøplan 2024–2030 legger grunnlaget for hvordan vi på UiS systematisk og målre...

Hva har SiS kafé gjort for å minske matsvinn?

Når maten ender i søpla, kaster vi bort ressursene som trengs for å lage den: land, vann, energi og arbeidskraft. Å redd...

Overordna handlingsplanar

På denne sida finn du ei oversikt over institusjonelle handlingsplanar for UiS.

Lyse bidrar med 50 millioner kroner til UiS-samarbeid

En ny samarbeidsavtale mellom Lyse og UiS skal bidra til å sette fart på elektrifiseringen av samfunnet.

Sjå korleis Ullandhaug campus skal bli grønare!

Universitetet i Stavanger tenkjer grønt og har store planar for korleis morgondagens universitet skal sjå ut. Om nokre å...

UiS får senter for bærekraftig utnyttelse av energiressurser

Universitetet i Stavanger har fått tildelt Nasjonalt senter for bærekraftig utnyttelse av energiressurser på norsk sokke...

Strategi for Det teknisk-naturvitenskapelige fakultet 2021-2030

Strategi 2021-2030 for Det teknisk-naturvitenskapelige fakultet er forankret i Universitetet i Stavanger sin Strategi 20...

Strategi for Fakultet for utøvende kunstfag 2021-2030

Strategi 2021-2030 for Fakultet for utøvende kunstfag ble vedtatt på fakultetets styremøte 9. mars 2021.

Strategi 2030 for Universitetet i Stavanger

Vi skal vere eit ope og innovativt universitet med høg kvalitet i utdanning, forsking og kunstnarisk utviklingsarbeid....

UiS er medlem i Etisk handel

UiS har ein handlingsplan for etisk handel og rapporterer årleg til Etisk handel Noreg om framdrifta i dette arbeidet.

Karriere- og kompetanseutvikling

Et av universitetets strategiske målsettinger er å være en åpen, brukerorientert og lærende organisasjon, kjent for et g...

UiS med i fire Senter for forskningsdrevet innovasjon

UiS er partner i fire nye innovasjonssentre. Dermed blir det mer forskning og utvikling innenfor digital brønnkonstruksj...