Betre trening gir friskare pilotar

Eit treningsprogram mot korsryggsmerter har redusert sjukefråværet blant helikopterpilotar med 26 prosentpoeng. Kiropraktor og doktor i helse og medisin frå UiS, Knut Andersen, forklarer korleis.

Published Sist oppdatert
Sivile helikopterpilotar flyr mykje meir enn militære. (Illustrasjonsfoto: Shutterstock).

Første gang publisert 12.november 2018. Tekst: Astri Sivertsen

Andersen er ein av seks kiropraktorar i Noreg med doktorgrad, og den første av slaget sitt i Rogaland. Etter eit langt yrkesliv, som mellom anna omfattar jobb for landslaget i kajakkpadling og fotballklubben Viking, fekk han lyst til å studera til doktorgrad. På spørsmål om kvifor, svarer han:

– Det var ein irritasjon over at folk eg behandla stadig fekk tilbakefall.

Ideen til tema for doktorgraden kom då han fekk ein helikopterpilot som pasient. Mannen hadde fått operert inn ein skiveprotese i ryggen, og stod i fare for å mista løyvet til å fly og dermed levebrødet.

Ei utsett yrkesgruppe

Smertene i korsryggen hadde han felles med mange andre helikopterpilotar. På jobb har dei på seg ein tung overlevelsesdrakt. Dei sit fastspent i ein fempunkts tryggingssele i ein trong førarkabin, med «sticken» mellom beina og minimal bevegelsesfridom. Ein slik fastspent sitteposisjon over tid kan føra til det Andersen kallar lokale mikrotraumer i musklar og bindevev.

Forsking som er gjort på denne yrkesgruppa, omfattar stort sett militære helikopterpilotar. Men, forklarer han, i det militære flyr dei mykje mindre. Sivile pilotar i denne studien flyr 400-800 timar i snitt per år, mot 100-200 timar i det militære.

Ein flylege oppmoda Knut Andersen til å ta tak i problemet, og snart var han i gang. Han fekk med seg begge dei to store helikopterselskapa CHC og Bristow. Etter å ha sendt ut spørreskjema til alle dei nærare 300 pilotane i Noreg, vart dei som hadde opplevd smerter på minst éin av tre flyturar den siste månaden plukka ut. Helikopterselskapa kjøpte inn treningsutstyr på basane, der Andersen instruerte og følgde opp flyverne som var med på studien.

To ulike treningsopplegg

Før dei gjekk i gang med grunntreningsprogrammet – som gjekk over 135 dagar– vart pilotane grundig undersøkt.

Helikopterselskapa ville at alle pilotar med plager skulle få behandling. Pilotar som tilfredsstilte kriteria for studien vart derfor fordelt på to treningsprogram: Ei gruppe skulle gjennomføra eit tipunktsprogram som er velkjent for mange: Det består av styrkeøvingar som mellom anna sit-ups, knebøy og «planken». Øvingane vart utførte under rettleiing av fysioterapeutar.

Den andre gruppa gjennomførte det fokuserte treningsprogrammet mot korsryggsmerter. Det består av fire øvingar som blir utførte på ein vinkelbenk, og som blir etter kvart trappa opp som den enkelte pasienten har kapasitet til. Treninga rettar seg mot dei djupe musklane i korsryggen, med sikte på å betra uthaldet til musklane og evna til å strammast.

Betre livskvalitet

Etter dei tre månadene vart forsøkspersonane undersøkte på nytt og data samla inn. Testpersonane i begge gruppene rapporterte om større kraft og styrke som følgje av treninga. Men dei som gjennomførte Andersens opplegg opplevde mindre smerter, betre funksjon i dagleglivet og ein betre livskvalitet generelt.

Langtidseffekten blant flyverne som hadde gjennomført det fokuserte korsryggsprogrammet viste at sjukefråværet hadde gått ned frå 30 til 4 prosent.

Vil ufarleggjera ryggsmerter

Åtte av ti opplever ryggsmerter i løpet av livet, påpeikar Andersen. Mellom 15 og 20 prosent av befolkninga i Noreg har ryggplager. Det betyr at veldig mange menneske går rundt med smerter. Det fører òg til stort sjukefråvær og, ifølgje Andersen, eit overforbruk av kostbar og unødvendig bildediagnostikk som til dømes MR-undersøkingar.

Korsryggsmerter er noko folk får igjen og igjen, viss dei først har fått det. Og langvarige smerter fører ofte til uhensiktsmessige bevegelsesmønster.

– Mykje av problemet – og løysinga – ligg i folks åtferd. Når folk har plager, er det ekstremt viktig at dei styrer plagene. Ikkje at plagene styrer dei, seier han.

Det er viktig å ufarleggjera ryggsmerter, meiner han Terapeutar er ofte flinkare til å fortelja folk kva dei ikkje skal gjera i staden for å oppmoda dei til aktivitet.

– Fysisk aktivitet er smertelindrende, slår han fast.

Ifølgje Andersen kan eit fokusert treningsprogram vera krevjande for pasienten. Det fordrar egeninnsats, og ein sterk motivasjon for å gjera noko med sin eigen situasjon. Men det er viktig å skilja mellom det han kallar originalsmerte, som må kontrollerast, og treningsverk, som er ei naturleg følgje av muskelaktivering.

Eit bidrag til samfunnet

På grunn av fråfall av forsøkspersonar i doktorgradsarbeidet ønsker Andersen å gjennomføra ein ny studie med fleire pasientar, og denne gongen som ein randomisert studie.

Han ønsker òg at pasientane neste runde skal vera folk med større plager, det han kallar tunge ryggpasientar.

– Klarer vi å gjera noko med ei sånn pasientgruppe, slik at dei får mindre smerter og betre livskvalitet, då har vi gitt eit bidrag til samfunnet.

Knut Andersen disputerte til doktorgrad i helse og medisin på Universitetet i Stavanger med avhandlinga «Frequency, causes and treatment of low back pain among commercial helicopter pilots» den 8. juni 2018.