Hopp til hovedinnhold

Kurs i akademisk skriving frå biblioteket

Skal du skriva oppgåve på studiet ditt og er usikker på kva som krevst for å skriva ei god oppgåve i høgare utdanning? Universitetsbiblioteket i Stavanger gir deg gode tips om å laga problemstilling, struktur på ei akademisk oppgåve, drøfting og god referanseskikk.

Publisert: Endret:
Akademisk skriving for alle

Skal du skrive oppgåve?

På denne workshopen går me gjennom fleire nyttige moment som er relevante for deg som skal skriva oppgåve. Du får mellom anna øvd deg på å skriva fram gode argument, tips til korleis ei god problemstilling bør vera og kunnskap om kva som er forventa struktur på denne type oppgåver.

Papir og blyant ikon

Målgruppe: studentar som skal skriva mindre oppgåver som til dømes arbeidskrav, semesteroppgåve eller heimeeksamen

Utstyr: Eigen laptop Undervisningsform: Workshop

Krav til forkunnskapar: Ingen

Etter kurset skal du kunne:

  • Kjenne til korleis du kan laga ei god problemstilling.
  • Kjenne til kva som er mest vanleg struktur i ein akademisk tekst.
  • Vite kva som kjenneteiknar akademisk språk.
  • Vite korleis du byggjer opp gode og haldbare argument.
  • Kunne vise til kjelder på korrekt måte.
  • Kjenne til nyttige ressursar om akademisk skriving.
Akademisk skriving for bacHelor- og masterstudentAr

Skal du skriva bachelor- eller masteroppgåve?

Skal du skriva bachelor- eller masteroppgåve og er usikker på kva som krevst for å skriva ei god oppgåve? På denne workshopen får du mange gode tips om det å laga problemstilling, strukturen i ei akademisk oppgåve, drøfting og god referanseskikk.

Bokstabel med hatt oppå

Målgruppe: studentar som skal skriva bachelor- eller masteroppgåve

Utstyr: Eigen laptop

Undervisningsform: Workshop

Krav til forkunnskapar: Ingen

Etter kurset skal du kunne:

  • Vite korleis du kan disponere tida di godt.
  • Kjenne til korleis du lagar ei god problemstilling.
  • Kunne bruke ulike strategiar for å kome i gang med skrivinga.
  • Vite kva som er mest vanleg struktur i større oppgåver.
  • Vite kva som kjenneteiknar akademisk språk.
  • Vite korleis du kan byggje opp gode og haldbare argument.
  • Kunne vise til kjelder på ein korrekt måte.
  • Kjenne til nyttige ressursar som omhandlar akademisk skriving.
Meir om akademisk skriving

Gå til vår hjelpeside i Canvas for meir informasjon om akademisk skriving.

Kjeldekompasset

Spørsmål om kjelder og referansar? Sjekk ut Kildekompasset!

Bestill kurs

Universitetsbiblioteket tilbyr kurs og rettleiing i akademisk skriving. Faglærarar ved UiS kan bestille kurs i akademisk skriving for sine studentar.

Spørsmål om akademisk skriving? Ta kontakt:

Spesialbibliotekar
51831473
Divisjon for forskning

Universitetsbiblioteket i Stavanger

Avdeling for forsknings- og studiestøtte
Universitetsbibliotekar - spesialpedagog
51832795
Divisjon for forskning

Universitetsbiblioteket i Stavanger

Avdeling for forsknings- og studiestøtte
Univ.bibliotekar
51831398
Divisjon for forskning

Universitetsbiblioteket i Stavanger

Avdeling for forsknings- og studiestøtte

Meir om oppgåveskriving

Studieverkstedet

Studentmentorer hjelper deg med oppgaveskriving i Studieverkstedet.

Podcasten om akademisk skriving

Podcast om akademisk skriving og studiemestring.

Søk & Skriv

Hjelp til litteratursøk, skriving som kreativ prosess og etiske krav til skriving av akademiske tekster. 

iKomp

MOOC laget av UiT. Om læringsstrategier, kildekritikk, informasjonssøk og akademisk dannelse.

VIKO

Interaktivt kurs om informasjonssøking og oppgaveskriving. Produsert ved NTNU.

PhD on Track

Hjelp til stipendiater med utfordringer de kan støte på i forskningen sin.