Boklansering: "En kort introduksjon til husmannsvesenet" av Nils Olav Østrem

Tirsdag 27. september 2022 kl. 10:00-11:00,
Universitetsbiblioteket,
Kjølv Egelands hus.

Få med deg boklansering og diskusjon av boka "En kort introduksjon til husmannsvesenet" av Nils Olav Østrem

Published Sist oppdatert

Velkommen til boklansering 27. september!

Med denne boka riv forfattaren seg laus frå dei sterkt forenklande kategoriane og gir oss eit nyansert bilete av husmannsvesenet.

«En kort introduksjon til husmannsvesenet» er den første samla vitskaplege framstillinga om husmannen og hans kår på 100 år. Boka nyanserer det generelle biletet og oppfatningane av husmannsvesenet.

Portrett av Nils Olav Østrem, Professor ved UiS
Forfattar Nils Olav Østrem

Midt på 1800-talet utgjorde husmennene den nest største samfunnsgruppa i landet. Dei økonomiske levekåra og livsvilkåra deira varierte mykje.

Husmannen var underordna gardbrukarane og jordeigarane. Som leigar av jord var han prisgitt bondepaternalisme, embetskontroll og tidvis fattighjelp. Husmannsfolk greidde likevel å arbeida seg fram som moderne menneske med kjernefamilie, gründerskap og innovasjon som delar av deira verdigrunnlag. Gjennom flittig arbeid og spesialisering på og utanfor husmannsplassane vann husmennene seg rom og integrering i lokaløkonomien.

Plass-systemet forsvann ganske umerkeleg ved at det «overlevde» gjennom overgangar til småbruk, bureising og mangearta jordbruksdrift på 1900-talet. Først med vedvarande strukturrasjonalisering innan landbruket etter 1950 står ein i våre dagar innføre valet om heilt å forlata kombinasjonsbruket og dei mange syslane og verksemdene husmannsvesenet representerte.

Om arrangementet

Historieprofessor Hilde Sandvik kommenterer boka til Østrem, og forfattar Kristin Auestad Danielsen skal lese frå boka si Du er bonde.

Du kan få med deg arrangementet fysisk eller digitalt. Arrangementet er på Universitetsbiblioteket, Ullandhaug. Du kan også følgje arrangementet via strømming.

Arrangement på biblioteket