Korleis få jobben du vil ha

Onsdag 22. mars 2023 kl. 13:15-14:15,
Universitetsbiblioteket, Kjølv Egelands hus.

Har du kjent på ei lita uro kring livet som ventar deg når studia er over og studielånet skal tilbakebetalast? Då bør du kome her.

Published Sist oppdatert

Vigdis Lamberg og Karriereboken
Vigdis Lamberg kjem til Universitetsbiblioteket

Arbeidslivet har endra seg mykje dei siste åra. Det gir deg som vil ta steget frå student til arbeidstakar store utfordringar og mange moglegheiter. Mentor, bedriftsrådgjevar, forfattar og dagleg leiar for Karriereakademiet, Vigdis Lamberg, har skrive om alt dette og mykje meir i si siste bok «Karriereboken». Ho kjem til biblioteket for å dele sine beste råd.

Anne Marit Aspenes er studierettleiar for Veilednigstjenesten ved UiS, og har tatt imot mange som tykkjer det er vanskeleg å orientere seg fram til sin plass i vaksenlivet. Saman med Lamberg vil ho delta i ein samtale om utfordringane og moglegheitene som ligg framføre den unge og lovande studenten.

Har du spørsmål som du ønsker at Lamberg og Aspenes skal svare på? Send det på e-post til david.sviland@uis.no.

Dette arrangementet er eit samarbeid mellom Universitetsbiblioteket i Stavanger, Studentsamskipnaden i Stavanger og Veiledningstjenesten ved UiS.

Arrangementet blir gjennomført på norsk.