Biblioteket ved UiS til finalen i «Årets bibliotek»

Juryen fekk inn over 100 framlegg på til saman 52 bibliotek. No er biblioteket ved UiS ein av fem i finalen.

Published Sist oppdatert

Dataverkstaden er det nyaste undervisnings- og workshop-rommet ved biblioteket ved UiS. Her underviser ein i digitale læringsverktøy. (Foto: UiS)

Det er i år 30. gong Norsk Bibliotekforening deler ut prisen for «Årets bibliotek».

Gitte Kolstrup, direktør for biblioteket ved Universitetet i Stavanger, er både glad og stolt over finaleplassen:

– Dette er ei anerkjenning av arbeidet med å gå frå å vere eit tradisjonelt høgskulebibliotek til å i dag vere eit profilert universitetsbibliotek som er ope 24 timar i døgnet og der vi satsar mykje på å legge dei ulike ressursane, lærings- og forskarstøtta og det fysiske læringsmiljøet til rette for studentar og tilsette, seier ho.

Difor er biblioteket i finalen

Grunngjevinga trekk mellom anna fram opningane av Studieverkstaden, Dataverkstaden og Kongsgårdsalongen og viser til at biblioteket er medansvarleg for fleire fellesressursar i universitets- og høgskulesektoren. Kildekompasset.no og Akademiskskriving.no er to slike ressursar der biblioteket ved Universitetet i Stavanger er tungt inne.

Kurstilbod, podkastar, faglege arrangement og Læringsstøttesenteret, der studentar som har problem kan få hjelp gjennom enkeltmannsrettleiing i studiemeistring, kartlegging av dysleksi med meir, er òg trekt fram i grunngjevinga. Det same gjeld satsinga på sosiale tilbod for studentane som språkcafé, rebusløp, quiz og adventkalender og fokus på studenttrivsel med teppe for dei som frys, leseplater og kjøkenfasilitetar.

Statuttane for prisen

I statuttane for prisen heiter det at prisen skal tildeles eit bibliotek som i dei seinare år har brukt nye idear eller utmerka seg gjennom eit godt og effektivt samarbeid med dei som brukar og styrer biblioteket. Framtidsretta, utradisjonelle og offensive tiltak innan kunnskapsformidling og kulturoppleving, marknadsføring, brukarvenlegheit og tilgjengelegheit, god service og god utnytting av ressursar kan vere kriterium for tildeling av prisen. Biblioteket skal utføre oppgåver og tenester på eit nivå  ut over vanleg bibliotekdrift for å kome til vurdering.

Har utmerka seg over år

Alle dei fem i finalen er bibliotek som har utmerka seg dei siste åra. Dei fire andre som er i finalen er Deichman Bjørvika i Oslo, Haugesund folkebibliotek, Meieriet bibliotek på Leknes og Tromsdalen bibliotek.

Juryen har bestått av leiar i Norsk Bibliotekforening Vidar Lund, Hildegunn Hestnes som er seksjonsleiar ved fjorårsvinnar Trøndelag fylkesbibliotek, stortingsrepresentant Trine Skei Grande, direktør i Forleggarforeininga Heidi Austlid og  forfattar, samfunnsdebattant og student Sumaya Jirde Ali.

Vinnaren blir annonsert under eit nettarrangement 12. januar 2021.

Tekst: Elin Nyberg