3D-laben ved Universitetsbiblioteket i Stavanger

Har du lyst til å lære meir om 3D-printing og å teste det ut i praksis? Ved Universitetsbiblioteket i Stavanger kan du få opplæring i 3D-printing og tilgang til biblioteket sin 3D-lab.

Published Sist oppdatert
Døra inn til 3D-laben i biblioteket

Biblioteket har to 3D-printarar av typen FlashForge Adventurer 3. Desse har maks utskriftstorleik på 150 x 150 x 150 mm, og dei skriv ut i PLA. Vi har og ein større printar av typen FlashForge Guider IIS, som kan skrive ut opp til 300 x 280 x 250 mm. Programmet du kan bruke for å designe dine eigen 3D-modellar heiter Inventor. Du kan laste ned ein gratis studentversjon til din eigen PC. Du kan eventuelt finne ferdige 3D-modellar på nettstaden Thingiverse. Kva med å printe ein modell som du kan bruke på din neste faglege presentasjon?

Du finn og ein Einscan SE 3D-skanner i laben, som er ein enkel skanner med dreieskive. Programvare for skanneren er installert på pc'en som står i 3D-laben.

Kom i gang med 3D-printing

Det er gratis å bruke 3D-printaren på biblioteket, men før du får tilgang må du delta på ein 20 minutts introduksjon. Vi er tilgjengelege måndagar kl. 9 – 10 og torsdagar kl. 14 – 15. Oppmøte for introduksjonstime er ved skranken i biblioteket.

Når du har delteke på introduksjonen står du fritt til å booke 3D-laben. Merk at du må vere student eller tilsett ved UiS for å få tilgang til 3D-laben.

Bestill introduksjonstime

Logg på med FEIDE og finn ledig tid og dine reservasjonar via skjemaet vårt.

Book 3D-laben

Når du har delteke på introduksjonen står du fritt til å booke 3D-laben. NB: Sjå biblioteket sine bemanningstider for å få lånt nøkkel.

Kvar?

Du finn 3D-laben i hovudetasjen i biblioteket på Ullandhaug.

Har du spørsmål om 3d-laben? Ta kontakt:
Univ.bibliotekar
51831072
Divisjon for forskning
Universitetsbiblioteket i Stavanger
Konsulent
51831955
Divisjon for forskning
Universitetsbiblioteket i Stavanger