Hopp til hovedinnhold

Litteraturens kraft i miljøkrisa

Fredag 24. september 2021 kl. 11:00-12:00,
Universitetsbiblioteket.

Forfattaren Maja Lunde er tildelt Rachel Carson-prisen 2021. Overrekkinga skjer denne dagen på Universitetsbiblioteket. Høyr prisvinnaren i samtale med professor Dolly Jørgensen.

Publisert: Endret:

maja lunde dolly jørgensen
Fredag 24. september kan du høyr forfattar Maja Lunde i samtale med professor Dolly Jørgensen på universitetsbiblioteket.

Finn gratisbillett her.

Arrangementet streames - lenke kjem!

Maja Lunde er tildelt prisen for sitt bidrag til å styrke det folkelege engasjementet om miljø- og klimakrisa ved å bruke litteraturen som innfallsvinkel. Lunde sine romanar Bienes historie (2015), Blå (2017) og Przewalskis hest (2019) har vunne eit stort publikum internasjonalt.

Med denne tildelinga har juryen ønska å trekke fram at kunst, i dette tilfellet litteratur, har krafta i seg til å få fram nye perspektiv som er nødvendig for å endre utviklinga. 

Prisen vert overrekt av ordfører i Stavanger, Kari Nessa Nordtun.

Rachel Carson-prisen er ein internasjonal miljøpris til minne om den amerikanske marinbiologen og forfattaren Rachel Carson, også kalt den moderne miljøbevegelsens mor. Den vert tildelt ei kvinne som har gjort ein betydeleg innsats for vårt fysiske livsmiljø, nasjonalt eller internasjonalt.

Les meir om Forskingsdagane-programmet 2021.