Pensumbøker er no tilgjengelege for dagslån

No slepp du å kjøpa alle bøkene du treng i studietida, for Universitetsbiblioteket tilbyr pensumbøker for dagslån.

Published Sist oppdatert

Det er gode nyheiter for lommeboka og jordkloden.

Universitetsbiblioteket i Stavanger har samla alle pensumbøker på eigne hyller slik at dei blir lettare å finna fram til.

Desse bøkene er merka med "pensum - dagslån" og eit raudt klistermerke.

Pensumbøkene låner du på vanleg vis i automaten, men hugs å levera tilbake før midnatt same dag for å unngå gebyr.

Gebyr kjem så snart fristen for innlevering er ute.

Velkommen til Universitetsbiblioteket på campus Ullandhaug.
Dei tilsette på biblioteket kan hjelpa deg. Her er Ine Sofie Idsøe Fjelldal på jobb i skranken.
Bøkene som er tilgjengeleg for dagslån er tydeleg merka.
Pensumbøkene låner du på vanleg vis i automaten, men hugs å levera tilbake før midnatt same dag for å unngå gebyr.
Tekst og foto: Marie Kulander Knudsen.