Velkommen til ein ny Steffens-salong. Denne gongen spør me: Kor mykje toler me, både som samfunn og individ?

Kvifor toler dagens unge så lite motgang? Skulepsykologane er overarbeidde. Me får stadig fleire unge uføre. Dei slit med eteforstyrringar, angst, tvangslidingar og alle verdas nye diagnosar. Skuleelevar er blitt skulevegrarar, og NAV må bruke store ressursar på tilrettelegging for unge, friske menneske som ikkje taklar presset i ein vanleg jobb. Kvifor er det blitt slik? Er det dagens unge eller samfunnet rundt dei som det er noko gale med?
I vårens andre Steffens-salong skipar me til debatt med psykologspesialist Wenche Hegelstad, skodespelar og podkastar Ole Christoffer Ertvaag og studentparlamentarikar Joakim Reinshol Ramsland. Løgnas og forfattar Terje Torkildsen er debattleiar.
Som kunstnarisk innlieiing får me servert utdrag frå Felttestamentet av Arild Rein med Janka Lauritzen på trommer.
Arrangementet finn stad på Universitetsbiblioteket i Stavanger torsdag 21. april frå klokka 13 til 14.
En Steffens-salong er en arena for kunst og kunnskap. UiS vil i samarbeid med Stavanger kommune arrangere en serie slike salonger fram mot 250-årsjubileet for den stavangerfødde filosofen og professoren Henrik Steffens i 2023.