Bokstavsommaren

I rammeplanen står det at ungar i barnehagen skal verta kjende med bokstavane, men mykje av ressursane og småbøkene byggjer i stor grad på skulen sine tankar om bokstavopplæring. Det har Lesesenteret og Nynorsksenteret gjort noko med.

Published Sist oppdatert

Bokforside: Illustrasjoner av hav der det flyter bokstaver, av gutt med dykkermaske og snorkel, samt jente med tuba.

Dei tok kontakt med forfattar Erna Osland, og resultatet blei ei engasjerande bokstavforteljing om livet i fjøra og Styrk som hentar opp bokstavskatter frå havet til veslesyster Zara.

Bokstavsommaren er ein ressurs beståande av 29 tekstar, ein for kvar bokstav i alfabetet. Tekstane kan lesast som ei samanhengande forteljing, men det er òg mogleg å lese dei ulike bokstavforteljingane frittståande. På den måten kan ein sjølv velja kva for ein bokstav du startar med og kor mange bokstavar ein ønskjer å arbeida med.

- Dette er tekstar som appellerer til ungane og som skaper engasjement. Barna får ein mogligheit til å bli kjende med og utforska bokstavar i ein meiningsfull og spanande kontekst saman med andre barn og ein vaksen, seier Trude Hoel, førsteamanuensis ved Lesesenteret.

Tekstane er illustrert av Inger Lise Belsvik som er grafikar, teiknar, illustratør og forfattar.


Last ned Bokstavsommaren:


Les også:

Film: