Bruk av simulering kan førebu helsetenester på handtering av smitteutbrot

Korleis gjennomføra simuleringsaktivitetar som kjem pasientar til gode, og hjelper tilsette i helsetenesta i førebuing på smitteutbrot som Covid-19? Ein ny artikkel oppsummerer erfaringar frå Noreg, Danmark og Storbritannia.

Published Sist oppdatert
Studenter på SAFER
Intensivstudenter under simuleringstrening ved SAFER (Foto: SAFER).

Utbrot av smittsame sjukdommar som Covid-19 krev rask respons frå helsetenestene. Fleire studiar viser at sjukehus ved bruk av simulering kan legga til rette for førebuing og utdanning av ei stor mengde helsepersonell og studentar med ulik bakgrunn på kort tid.

Simulering som læringsmetode kan brukast til å auka kapasiteten på arbeidsstyrken, og kan òg optimalisera av arbeidsstrukturar og prosessar.

I ein artikkel beskriv forskarar potensialet simulering har til å forbetra responsen til sjukehusa på Covid-19 pandemien og i handtering av framtidige pandemiar, og delar måtar metoden kan brukast i helsetenester under press. Forskarane tilbyr ressursar og verktøy som kan brukast til å analysera behov i situasjonen, forklarer korleis simulering kan bidra til å forbetra krisehandtering og kva ein kan fokusera på når ein gjennomfører simuleringar.

Førsteforfattar av artikkelen er Peter Dieckmann, seniorforsker ved CAMES - Copenhagen Academy for Medical Education and Simulation og professor ved Det helsevitenskapelige fakultet ved UiS. Dieckmann og hans medforfattarar har lang erfaring med simulering og alle har i dei respektive landa deira vore involverte i simuleringer relatert til Covid-19.

Les meir

Peter Dieckmann m.fl The use of simulation to prepare and improve responses to infectious disease outbreaks like COVID-19: practical tips and resources from Norway, Denmark, and the UK. Advances in Simulation, 2020

Les intervju med Dieckmann på CAMES sine nettsider.

Finn òg fleire ressursar på safer.net

Forskarar ved UiS

Professor II i pasientsikkerhet
Det helsevitenskapelige fakultet
Avdeling for kvalitet og helseteknologi
Professor II i medisin
Det helsevitenskapelige fakultet
Avdeling for kvalitet og helseteknologi