Hopp til hovedinnhold

Campus Ullandhaug: På historisk grunn

Det er historisk sus over campus til Universitetet i Stavanger på Ullandhaug. Herfrå ser vi ned på Hafrsfjord, der Harald Hårfagre i år 872 svinga sverdet og samla Noreg til eitt rike.

Publisert: Endret:
Dronefoto av campus Ullandhaug
Campus er grønt og frodig, med tre og store plenar kor du kan slappe av med ei bok, eller ta ein pause frå studia.

Også sentrale politikarar i Stavanger sette seg eit høgt mål då dei i 1966 vedtok å regulere 1300 dekar på Ullandhaug til eit universitetsområde. Grunnlaget for Universitetet i Stavanger var lagt. No kallar vi universitetsområdet for ”campus” på UiS. Campus ligg både sentralt og landleg til. Det er berre ti minutt med buss til Stavanger sentrum og sykkelavstand til studentbustadene. Du kan bli nærare kjend med området ved å sjå på vårt interaktive kart.

Campus er grønt og frodig, med tre og store plenar kor du kan slappe av med ei bok, eller ta ein pause frå studia. Joggarar, idrettslag, turgåarar og barnehagar brukar området flittig. Her finn du også Universitetsbiblioteket, bokhandel, kafear, kaffibar, treningsfasilitetar og helsetenester. Og det kort veg frå campus til både skog og hav.

Dei seks fakulteta ligg i hovudsak på Ullandhaug, fordelt på fleire bygningar. Eit unntak er Fakultet for utøvande kunstfag, som ligg i idylliske omgivnader i Bjergsted, i Stavanger sentrum. Fakultetet  er næraste nabo til Konserthuset i Stavanger.

Studentekspedisjonen, opptakskontoret, studierettleiinga, rektoratet, leiinga og administrasjonen held til i Arne Rettedals hus, eit naturleg midtpunkt på campus, omgjeve som det er av gangstiar og uteområde.

Som student ved UiS har du unike treningsforhold. SiS sportssenter opna ved semesterstart i 2005, og har fleire år blitt kåra til det beste treningssenteret i byen.

Velkomen skal du vere!

Mat og drikke

Du skal ete godt

Ingen er gode studentar utan god mat. Heldigvis har du fleire tilbod når svolten melder seg. Kafeane på universitetsområdet er kjende for god mat til ein fornuftig pris. Dei fleste kafeane vert drivne av SiS, Studentsamskipnaden i Stavanger

SiS kafe i Arne Rettedals hus, UiS

Studentkafeane på universitetsområdet fungerer som sosiale treffstader på campus. SiS kafé tilbyr mat som er rimeleg og sunn. På menyen finn du fleire middagsrettar, salatbar, vegetarmat, pizza og variert kaldmat.

Bokkafeen i Kjølv Egelands hus, UiS

Bokkafeen i Kjølv Egelands hus på campus tilbyr te og espresso-baserte kaffidrikkar. Smoothies, vin, øl og andre kalde drikkar kan du nyte medan du lyttar til musikk eller les, eller berre slappar av i ein sofa. Bokkafeen har både inne- og uteservering.

Bokhandel og bibliotek

Glad i bøker?

Som student treng du bøker. Heldigvis - du treng ikkje forlate universitetsområdet for å få tak i det du treng. Både Universitetsbiblioteket og SiS bok har gode tilbod til studentar.

Kongsgårdstuen i Univeristetsbiblioteket

Universitetsbibstudlioteket er plassert i Kjølv Egelands hus. Her finn du det du treng, og det du ikkje finn, kan skaffast. Samlingane der dekkjer dei fem fakulteta som held til på Ullandhaug: Det Teknisk-naturvitenskapelige fakultetDet Samfunnsvitenskapelige fakultet, Det Helsevitenskapelige fakultetHandelshøgskolen ved UiS og Fakultetet for Utdanningsvitenskap og humaniora.



Avdeling Bjergsted ligg i Bjergstedparken nær Stavanger sentrum, og dekkjer faga innanfor musikk og dans. På lytterommet kan du lytte til musikk fra platesamlinga, som består av i alt ca 4000 CD-plater og 3000 LP-plater innan klassisk musikk, jazz og folkemusikk.



Arkeologisk museum i Stavanger sentrum sitt biblioteket er open for besøkjande og for alle med interesse for historie. Biblioteket har eit stort utval av bøker og tidsskrifter.

Studentsamskipnaden har ein stor bokhandel, SiS bok, omtrent midt på universitetsområdet, i Kitty Kiellands hus. SiS bok er den største fagbokhandelen i regionen. Her finn du pensumlitteraturen du treng, ei skjønnlitterær avdeling, samt studiemateriell.

SiS bok hjelper deg også med å skaffe supplerande litteratur. Du kan bestille og kjøpe bøkene dine på nettsidene. Rundt semesterstart har bokhandelen utvida opningstider.

Flere studentboliger, færre parkeringsplasser

Nå settes første spadestikk for 129 ettromsleiligheter på parkeringsplassen i vest på campus Ullandhaug. Det betyr 180 f...

Bjergsted: Krav til fremmøte i undervisning og prosjekter

Krav til fremmøte ved Fakultet for utøvende kunstfag (UK) er en utdypning av emnebeskrivelsenes krav til oppfyllelse i e...

Kammermusikkonkurransen 2021

Alle studenter innen klassisk musikk inviteres herved til å delta i Fakultet for utøvende kunstfag sin årlige kammermusi...

Rektor seier: Hald avstand!

Vi har delvis gjenåpna campus, og det er herleg! Nettopp derfor er det avgjerande at me ikkje blir slappe med smittevern...

Etiske retningslinjer for undervisning og veiledning - ansatte

Fakultet for utøvende kunstfag har vedtatt egne etiske retningslinjer for undervisning og veiledning innen musikk og dan...

Bokhandelen SiS bok

Som student treng du bøker. Og skrivepapir. Og pennar. Og kanskje ein perm eller to til alle papira. Då har du så mykje ...

Reserver grupperom i Mazemap

Se hvilke grupperom som er ledige og reserver i Mazemap.

Kafeer og kantiner på campus

UiS har bygninger både på Ullandhaug, i Bjergsted og på Våland. På alle områdene får du kjøpt god og næringsrik mat og d...

Campus Ullandhaug: kart, parkering og tilgjengelighet

Universitetsområdet på Ullandhaug omfatter Universitetet i Stavanger, NORCE, Validé og Innovasjonspark Stavanger.

Bussruter

Her finner du bussruter via campus Ullandhaug og Ipark

3D-laben ved Universitetsbiblioteket i Stavanger

Har du lyst til å lære meir om 3D-printing og å teste det ut i praksis? Ved Universitetsbiblioteket i Stavanger kan du f...

Campus Bjergsted

Campus Bjergsted ligg i Bjergstedparken nær Stavanger sentrum. Her held Fakultet for utøvande kunstfag til saman med mel...

Timeplaner og grupperom

Gjennom verktøyet TimeEdit finner du timeplanen din, i tillegg til at du kan reservere grupperom.