Caroline studerer forretningsjus for å få gode jobbmoglegheiter

Dette er ei gylden moglegheit til å få ein ettertrakta kompetanse i skjæringspunktet mellom jus og økonomi, seier Caroline Bendiksen som går andre året master i forretningsjus på Handelshøgskolen ved UiS.

Published Endret
Portrettbilde av student Caroline Bendiksen
Forretningsjus-student Caroline Beniksen. Foto: privat

Kvifor valde du å studere Master i forretningsjus?

Interessa for lovverk og tal kom allereie på vidaregåande, så valet på bachelor i forretningsjus og økonomi i Trondheim vart naturleg for meg på den tida. Då eg var ferdig med bacheloren hadde eg bygd opp så stor interesse for skjæringspunktet mellom jus og økonomi at eg ville ikkje gje meg på skulebenken med ein gong.

Master i forretningsjus er bygd opp etter behovet som norsk næringsliv manglar, noko som forhåpentlegvis vil gje meg gode jobbmoglegheiter når eg blir ferdig utdanna.

Kvifor valde du UiS og Handelshøgskolen ved UiS?

Sidan studiekombinasjon jus og økonomi er nyetablert, så var ikkje moglegheitene så mange. Gleda var stor då eg fann ut at Handelshøgskolen ved UiS hadde satsa på denne masteren. I tillegg hadde eg høyrt mykje fint om Stavanger som gjorde at eg ville flytte hit.

Korleis ser ein typisk dag på UiS ut for deg?

Sidan eg er halvvegs pandemistudent så har heimekontor blitt flittig brukt. Eg føretrekk helst å kome på skulen i 08-tida, ete frukost, og snakke med studievener før eg finn meg ein studieplass; helst på biblioteket. Eg er stor tilhengar av å bruke 45/15 økter fram til eg tar lunsj med venene mine for så å halde fram med å lese til halv 4. Eg liker ein viss grad av kontinuitet i kvardagen, men det er også deilig å nytte seg av friheita til å gjere andre ting på dagtid for så å gjere skule på kvelden.

Har du eit minne eller noko som du hugsar ekstra godt frå studietida til nå?

Gjennom heile studietida mi har eg deltatt jamnleg på ulike bedriftsbesøk, arrangement og konferansar som har blitt tilbode gjennom linjeforeininga og studentsamskipnaden. Eg sitt spesielt igjen med eit godt minne frå ONS 2022 kor eg deltok for første gong. Det er utruleg fascinerande å sjå kva dei store energiselskapa får til når det gjeld teknologiske løysinger.

Kvifor bør folk velje å studere forretningsjus?

Dette er ei gylden moglegheit til å få ein ettertrakta kompetanse i skjæringspunktet mellom jus og økonomi. Du vil vere ein av dei første i landet med denne tverrfaglege kompetansen, noko som både er spennande og særeigent.

Kva er din draumejobb etter studiet?

Min draumejobb i framtida er å vere personalsjef innan industri. Men eg vil nytte moglegheita som nyutdanna til å oppsøke ulike sektorar og næringar kor eg kanskje blir introdusert for noko heilt anna.

Har du nokre råd for framtidige studentar?

Engasjer deg i verv, knytt kontaktar på kryss og tvers av linjer, og bidra til gode kollokviegrupper slik at studiekvardagen blir hyggelegare og lettare. Bruk vekedagane godt til å sjå på studiet som ein jobb, då er det mykje lettare å finne på ting utan dårleg samvit på ettermiddagen og i helgene. Du må yte for å nyte!

Les også: Helen Totland Christensen frå EY meiner ein mastergrad i forretningsjus gir det breie kunnskapsfeltet som bedriftar ser etter

Studer jus på Handelshøgskolen ved UiS

Aktuelt frå Handelshøgskolen ved UiS

– Eg vil beskrive programmet som førsteklasses, prestisjefylt, utfordrande, engasjerande og i verdsklasse

Hesam har studert master i økonomi og administrasjon på Handelshøgskolen ved UiS, og spesialiserte seg innan stategisk m...

Guro fikk en forsmak på arbeidslivet i Stavanger tingrett

Jurister jobber ikke bare med jus. De skal også håndtere mennesker, argumentere godt, overbevise retten, forstå andre og...

UiS fornyar avtalen med Norway Summit

Handelshøgskolen ved UiS har fornya avtalen med den framståande næringslivskonferansen Norway Summit.

Resultatene fra Studiebarometeret 2022 er klare

Paramedisin-studentene topper listen over de mest fornøyde studentene ved Universitetet i Stavanger.

Målet til Chandan er å bli ein banebrytande marknadsførar og gründer

Derfor tar han ein mastergrad i økonomi og administrasjon på Handelshøgskolen ved UiS.

Ja til master i rettsvitskap ved UiS!

Nokuts sakkyndige komite har godkjent søknaden om at Handelshøgskolen ved UiS kan opprette eit toårig masterprogram i re...

– Det er eit stort behov for revisorar, så det å velje ei ettertrakta utdanning var motiverande

Karen Høyland Ollestad valde UiS for å kome tettare i kontakt med det lokale næringslivet.

Robert Kreuzbauer har fått opprykk til professor i strategi

Forskinga hans fokuserer på den teoretiske og studien av bedrifter sine innovasjons- og merkevarestrategi, og ...

– Eg valde å studere økonomi og administrasjon fordi det er ei allsidig og framtidsretta utdanning

Gjennom bachelorgraden lærer Stine Risnes seg alt frå etikk til rekneskap og marknadsføring.

Sara tar ein bachelor rettsvitskap og er spesielt interessert i internasjonal jus

Sara Beitz set også stor pris på det internasjonale miljøet på UiS.

Anerkjent pris til forskar ved Handelshøgskolen ved UiS

Elham Ghazimatin vert tildelt prisen «Robert Lusch Early Career Research Award» for hennar forsking innan marknadsføring...

Vil ha redusert skatt på arbeid, men auka skatt på konsum

Forslaget vil kunne gje både meir verdiskaping og høgare skatteinntektar, meiner Ola Kvaløy, ein av to UiS-forskarar som...

– Det eg likte best med UiS og Handelshøgskolen er graden av internasjonalisering

Handelshøgskolen ved UiS og Senter for innovasjonsforsking har hatt to gjesteforskarar på besøk dette semesteret.

– UiS kryssa av på alle punkt, seier økonomistudent Syed Aqib Ali

Syed Aqib Ali tar master i økonomi og administrasjon på Handelshøgskolen ved UiS, og har klappa seg sjølv på skulderen f...

Årets Alumn ved Handelshøgskolen ved UiS er Eimund Nygaard

Alumniprisen «Årets Alumn» vert gjeve til tidlegare studentar frå Handelshøgskolen ved UiS som har utmerka seg i samfunn...

– Det å få moglegheita til å publisere eiga forsking betyr mykje

To masterstudentar frå Handelshøgskolen ved UiS har fått publisert studien frå masteroppgåva si i ein internasjonal jour...

Lærer om motivasjon på arbeidsplassen gjennom å jobbe som konsulentar

I faget Economics of Motivations på Handelshøgskolen ved UiS har studentane fått prøvd seg som konsulentar - som til slu...

– Dette er ein utmerka prestasjon av våre studentar

Tre masterstudentar frå Handelshøgskolen ved UiS er i finalen i den internasjonale marknadsføringskonkurransen DMC.

Karl på Nordens største økonomifestival

– Alt er økonomi, oppsummerer økonomistudent Karl-Erik Martinsen etter å deltatt på sitt første Kåkånomics; Nordens stør...

Masterstudentane tok med casearbeidet ut til vindkraftpark

– Det var perfekt at me kunne dra ut og sjå det på ekte, seier professor Gorm Kipperberg.

Bli studentassistent ved Handelshøgskolen!

Handelshøgskolen ved UiS er på jakt etter dyktige og motiverte studenter som ønsker å kombinere studiene med jobb våren ...

Fagmiljøet i rettsvitskap blir styrka igjen: Andrea Minto er ny professor

Andrea Minto er tildelt kvalifikasjonsopprykk til professor i rettsvitskap på Handelshøgskolen ved UiS.

– Det faglege tilbodet var attraktivt og svært treffande for mine interessar

Marie Larsen Gellein har tatt éin bachelorgrad og to mastergrader på Handelshøgskolen ved UiS. Det er det fleire grunnar...

Forsknings-Norge trenger internasjonale studenter

KRONIKK: Det er ønskelig at Norge utdanner flere gode internasjonale masterstudenter, ikke færre, slik at de kan bidra t...

– Spesialisering i forretningsjus er eit kunnskapsfelt det er stor etterspurnad etter

Det er stadig aukande behov for dei med juskompetanse i næringslivet. Helen Totland Christensen frå EY meiner ein master...

KÅKÅ|nomics 2022: Nordens største og første økonomifestival!

KÅKÅ|nomics 2022 blir arrangert 26.–29. oktober 2022 i Stavanger. Handelshøgskolen ved UiS er partnar og medarrangør for...

Styrker fagmiljøet i rettsvitskap: Tilset professor Gert Johan Kjelby i strafferett og straffeprosess

– Det bør nå ikkje vere tvil om at me er i stand til å levere ein fullverdig master i rettsvitskap, seier dekan Ola Kval...

Rettsvitskapsstudent Lene synest UiS er fremoverlente og synlege i samfunnsdebatten

Lene Kristine Solesvik går tredje året på bachelor i rettsvitskap. For henne har jussen blitt hennar lidenskap.

Rein energi og grøn omstilling er tema under UiS sin nye konferanse

Handelshøgskolens «Clean Energy Law and Economics Conference» er ein ny årleg konferanse som skal utforske alle aspekt a...

Learning to create interventions that can change lives

Ph.D.-students and UiS faculty spent a full week diving into the methodology of behavioural interventions from Dr. David...

Kven fortener å bli «Årets alumn» 2022?

Handelshøgskolen ved UiS gir årleg ut pris til ein tidlegare student som har utmerka seg. Nå har du sjansen til å sende ...

Dette er kunnskap for framtida, tenkte Serinha om spesialiseringa på UiS

Næringsutvikling og innovasjon går på tvers av alle bransjar, oppstartsbedrifter eller eksisterande verksemder, forklare...

– Det er utruleg å ha Eric Bettinger her for å halde kurs på UiS

Han er ein av dei fremste ekspertane på feltet, og har igjen undervist doktorgradsstudentar frå fleire land her på UiS.

– Me vil rekruttere skarpe sinn frå heile Noreg

Gjennom «Business Week» har studentar frå Handelshøgskolen ved UiS fått knytt verdifull kontaktar med arbeidslivet.

Som første på UiS har Silje Haus-Reve oppnådd kvalifikasjonsopprykk frå tenure-track

Det er imponerande korleis ho på kort tid har kvalifisert seg for fast stilling gjennom eit krevjande innstegsløp, seier...

Oppstartsbedrift vil ha studentenes løsninger

Ashley Moran deltok på flere InGenious-utfordringer som student ved UiS. Nå vender hun tilbake til universitetet med utf...

To intensive masterår har fått ein ekstra intensiv og lærerik studiestart

For å vere best mogleg førebudd til to krevjande år, har masterprogrammet i økonomi og administrasjon på Handelshøgskole...

Pris for årets beste artikkel til Ola Kvaløy

Prisen kjem frå eit av verdas fremste tidsskrift innan leiingsforsking.

Nye databaser gir tilgang til juridiske data

Via biblioteket får du tilgang til tre nye juridiske databaser som gir bedre tilgang til internasjonale juridiske kilder...

Forskarar frå UiS har utvikla analyseverktøy for økonomisk vekst

Verktøyet er i første omgang laga for regionar, og det skal sjå på kva slags omstillingsmoglegheiter som er til stades i...