Emne

Materiell sosiologi (BSS298)

Fakta

Emnekode BSS298

Vekting (stp) 10

Semester undervisningsstart Høst

Undervisningsspråk Norsk

Antall semestre 1

Vurderingssemester Høst

Timeplan Vis timeplan

Litteratur Søk etter pensumlitteratur i Leganto

Introduksjon

Emnet handlar om forholdet mellom den materielle verda og sosiale forhold, og gir ei innføring i grunnleggjande perspektiv og teoriar knytt til materiell kultur.

Den materielle verda er dei fysiske strukturane som omgir oss, omgjevnadar og objekt vi lever i og med. Vi bruker og kastar objekt, handlar med objekt, forstår oss sjølve i relasjon til materielle objekt. Som menneske er vi djupt forankra i den materielle verda, vi både styrer og vert styrt av ting, i eit komplekst samspel.

Den materielle verda påverkar og er integrert i sosialt liv, relasjonar og prosessar - og den sosiale verda legg premiss for og er tett samanvevd med sine materielle vilkår.

Emnet undervises neste gang høst 2027.

Innhold

Ei sentral problemstilling i emnet er korleis materielle objekt og omgjevnadar verkar inn på relasjonar mellom menneske og omvendt. Til dømes: Korleis er makt innebygd i arkitektur? Kva fortel søppel om menneskeleg liv og relasjonar? Kva materielle faktorar påverkar møte med kunst? Kva kan eit studium av flip-flop sandalar avdekka om makrofenomenet globalisering?

Meiningsinnhaldet til den materielle verda er ikkje gitt på førehand, men må studerast og analyserast i relasjon til historiske, kulturelle og strukturelle dimensjonar. Emnet gir innføring i teoriar om materiell kultur og nymaterialisme, og er elles fylt med enkeltståande temaforelesingar om tema som arkitektur, heim, kunst, plast og landskap. Gjennom desse analyserer emnet meir overordna tema som kulturelle skiljelinje, makt, globalisering og identitet. Dei teoretiske perspektiva i kurset er henta frå mellom anna Jane Bennett, Daniel Miller og Bruno Latour.

Læringsutbytte

I dette emnet lærer du å tenkja analytisk om temaet materiell kultur. Det handlar mellom anna om å identifisera spørsmål og problemstillingar knytt til sosiologiske studiar av materiell kultur, og å innhenta informasjon for å svara på dei. Vidare handlar det om å analysera informasjonen og presentera resultatet. Du lærer å ta til deg, produsera og systematisera kunnskap om materiell kultur, og å forholde deg kritisk til kunnskap og forskning.

Kunnskapar:

Etter fullført emne vert det forventa at studenten har erverva seg kunnskap om

  • sosiologiske og tverrfaglege perspektiv på materiell kultur
  • ny-materielle perspektiv
  • relasjonar og påverknad mellom den materielle verda og sosiale forhold

Ferdigheiter:

Studenten skal kunne

  • bruka omgrep og teoriar om materiell kultur
  • bruka perspektiv om forholdet mellom den materielle og den sosiale verda i kulturelle og samfunnsvitskaplege analysar
  • gjera seg nytte av omgrepa og teoriane frå emnet i samfunnsdebattar og faglege diskusjonar

Generell kompetanse:

Etter fullført emne skal studenten

  • ha lært seg å retta seg aktivt og sjølvstendig til fagstoffet og ha utvikla sine evner til kritisk lesing, refleksjon og analyse
  • ha øvd seg på analytisk tenkemåte; identifisera problem/faglege spørsmål, innhenta informasjon/data, analysera, presentera

Forkunnskapskrav

Ingen

Anbefalte forkunnskaper

Sosiologisk teori (BSS100), Kvalitative forskningsmetoder (BSS120), Introduksjon til sosiologiske tema (BSS130), Mikrososiologi (BSS285), Kultursosiologi (BSS290), Kvantitativ forskningsmetode (BST290), Examen Philosophicum - IMS (SVEXPHIL)

Eksamen / vurdering

Hjemmeeksamen

Vekt 1/1

Varighet 3 Dager

Karakter Bokstavkarakterer

Hjelpemiddel Alle

Eksamenssystem WISEflow

Arbeidsformer

Det krevst at studentane arbeider sjølvstendig med faget. For å oppnå forventa læringsutbyte må studentane delta aktivt i den organiserte undervisninga, jobba med gruppeoppgåver og lesa pensum grundig.

Den organiserte undervisninga består av forelesingar. Det vil bli lagt til rette for sjølvorganisert gruppearbeid.

Åpent for

Sosiologi - bachelor

Emneevaluering

Fakultetet avgjer om det skal gjennomførast tidlegdialog i alle emne eller i utvalde grupper av emne. Føremålet er å få tilbakemeldingat frå studentane for å gjere forbetringar i semesteret. I tillegg skal det gjennomførast ei digital emneevaluering minst kvart tredje år for å hente inn studentane sine erfaringar.
Emnebeskrivelsen er hentet fra Felles studentsystem Versjon 1