Språkkontakt før og no (NOR272)

Emnet omfattar fleirspråklegheit, der ein studerer språkkontakt - hjå fleirspråklege individ og i fleirspråklege samfunn. I emnet inngår historisk sosiolingvistisk analyse, der ein studerer språkhistorisk variasjon og endring. Emnet tek òg for seg korleis det fleirspråklege Noreg i dag kan forståast i lys av møte mellom norsk og andre språk over tid. Kunnskap om desse møta, som har lagt grunnen for den fleirspråklege situasjonen i Noreg i dag, er høgst relevant for skulelærarar, folk som arbeider i privat og offentleg sektor og for samfunnsdeltaking generelt, same kva språkleg bakgrunn ein har.


Dette er emnebeskrivelsen for studieåret 2025-2026. Merk at det kan komme endringer.

Se emnebeskrivelse og eksamens-/vurderingsinfo for dette studieåret (2024-2025)
Fakta

Emnekode

NOR272

Versjon

1

Vekting (stp)

10

Semester undervisningsstart

Vår

Antall semestre

1

Vurderingssemester

Vår

Undervisningsspråk

Norsk

Opptakskrav

Generell studiekompetanse (GSK)

Innhald

I dette fordjupingsemnet skal hovudtemaa frå grunnemna - språkstruktur, språkbruk og språkhistorie - byggjast på og nyttast for å utforska dei sosiokulturelle og språklege konsekvensane av møtet mellom norsk og andre språk opp gjennom åra, frå dansk og lågtysk i mellomalderen til engelsk og andre språk i dag. For å oppnå dette vert sentrale teoretiske og metodiske inngangar i språkvitskap tematiserte. Derfor er ein del av kurset å utvikla forståing for problemstillingar desse teoriane og metodane er veleigna til å søkja svar på. Dette gjer at ein sjølv kan utarbeida problemstillingar/forskingsprosjekt der ein stiller spørsmål som ligg innanfor rammene av den aktuelle teorien. Kurset vil verta undervist i starten av semesteret, før ein går i gang med skriving av bacheloroppgåva.

Læringsutbytte

Kunnskap

Etter å ha fullført emnet skal studenten

  • ha innsyn i korleis språkkontakt har vore med og forma norsk språk, både i dag og i tidlegare hundreår.
  • ha god kunnskap om tilhøvet mellom fleire språklege system i kontakt og sosialt styrd variasjon.
  • vera godt kjend med sentrale retningar og omgrep innanfor teoriutviklinga åt språkvitskapen, med særleg vekt på språkkontaktforsking og historisk sosiolingvistikk.

Ferdigheiter

Etter å ha fullført emnet kan studenten

  • analysera og vurdera språklege mønster i historisk sosiolingvistisk perspektiv.
  • applisera språkvitskaplege teoriar og metodar på konkrete døme av norsk språkkontakt for å kunna relatera fleirspråklegheit i dagens Noreg til tidlegare sosiohistoriske kontekstar.
  • utvikla prosjekt der ein kombinerer konkret språkvitskapleg teori med problemstillingar det synest nærliggjande å søkja svar på med utgangspunkt i den valde teorien og metoden.

Generell kompetanse

Etter å ha fullført emnet skal studenten

  • ha ei forståing for kva språkvitskap er for noko, og kunna vita kva som ligg innanfor og utanfor rammene til ein vitskapleg analyse av språk og språkkontakt.
  • gjera greie for fleirspråklegheit som eit breitt og mangfaldig sosiolingvistisk fenomen.
  • ha utvikla evna til å drøfte kontakten mellom norsk og andre språk i dag og i tidlegare periodar.

Forkunnskapskrav

Et av følgende alternativer:
NOR111 Norsk språk i praksis, NOR112 Norsk språkstruktur, NOR113 Tekst og tolking, NOR121 Tekst i kontekst, NOR122 Språkhistorie, NOR123 Tekst og bilde - tegneserier og grafiske romaner i Norden, NOR124 Dialektar og språkvariasjon
NOR125 Språkstruktur og språkbruk, NOR135 Språkhistorie og talemål, NOR145 Tekst i kontekst, NOR165 Tekst og tolking: litterær og retorisk analyse
NOR115 Nordisk språk og språkhistorie, NOR145 Tekst i kontekst, NOR165 Tekst og tolking: litterær og retorisk analyse, NOR175 Språkstruktur og språkvariasjon
LNOR125 Språkstruktur og språkbruk, LNOR135 Språkhistorie og talemål, LNOR145 Tekst i kontekst, LNOR165 Tekst og tolking: litterær og retorisk analyse
Forkunnskapskravet er minimum 50 studiepoeng nordisk (nordisk årsstudium/grunnfag eller tilsvarande).

Eksamen / vurdering

Vurderingsform Vekting Varighet Karakter Hjelpemiddel
Munnleg eksamen 1/1 30 Minuttar Bokstavkarakterar Inga hjelpemiddel tillate

Munnleg eksamen har form av ein fagleg samtale på ca. 30 minutt der kandidaten vert spurd om ulike delar av pensum. Det vert lagt opp til at ein skal kunna visa kva ein har lært, med vekt på forståing av samanhengar i faget.For å få lov til å gå opp til (munnleg) eksamen, må studenten ha teke del i prosjektseminaret. Under prosjektseminaret, som kjem mot slutten av emnegjennomføringa, skal kvar student presentera ei sjølvstendig utarbeidd prosjektskisse. Dette skal vera eit konkret opplegg til ei bacheloroppgåve med språkvitskapleg innretting, som oppfyller nærmare presiserte krav til utforming. (Det er friviljug om ein vel å skriva bacheloroppgåva med utgangspunkt i denne skissa, eller om ein vel å gå vidare med den litteraturvitskaplege prosjektskissa.) Det er obligatorisk, kort rettleiing før seminaret. I tillegg til å presentera eige prosjekt skal kvar student fungera som opponent for ein av medstudentane sine.

Vilkår for å gå opp til eksamen/vurdering

Oppmøte og framlegg

75 prosent obligatorisk oppmøte i undervising. Emnet har stort fokus på utvikling av evne til å diskutera og applisera teori. Dette skjer gjennom konkrete samtalar i undervisinga. Det er difor eit krav om minimum 75 prosent oppmøte i undervisinga. Ved fråvær utover dette må ein rekna med kompenserande oppgåver.

Godkjent framlegg på prosjektseminaret.

Båe vilkåra må vera godkjende for at kandidaten kan gå opp til eksamen.

Fagperson(er)

Emneansvarleg:

David Albert Natvig

Studiekoordinator:

Anne Marie Nygaard

Arbeidsformer

I undervisinga vil meir førelesingsorienterte gjennomgangar frå undervisaren si side veksla med konkrete diskusjonsoppgåver. Dei avsluttande gongene der studentane presenterer eigne prosjektskisser og er opponentar, vil kurset ha seminarform.

Overlapping

Emne Reduksjon (SP)
Fordjuping i nordisk (NOR270_1) 7.5

Åpent for

Barnehagelærar - bachelorstudium -deltid Barnehagelærar - bachelorstudium Barnevern (barnevernspedagog) - bachelorstudium Batteri- og energiteknologi - bachelor i ingeniørfag Biologisk kjemi - bioteknologi - bachelor i realfag Bygg - bachelor i ingeniørfag Byplanlegging og samfunnstryggleik - bachelorstudium Datateknologi - bachelor i ingeniørfag Datateknologi - bachelor i ingeniørfag, deltid Digital serviceleiing - bachelorstudium Elektroteknologi - bachelor i ingeniørfag, deltid Elektroteknologi - bachelor i ingeniørfag Energi- og petroleumsteknologi - bachelor i ingeniørfag Engelsk språk og litteratur - bachelorstudium Film- og TV produksjon - bachelorstudium Geovitskap og energiressursar - bachelor i ingeniørfag Historie - bachelorstudium Hotelleiing - bachelorstudium Idrettsvitskap - bachelorstudium Journalistikk - bachelorstudium Miljøteknologi - bachelor i ingeniørfag Maskin - bachelor i ingeniørfag Matematikk og fysikk - bachelor Medisinsk teknologi - bachelor i ingeniørfag Medisinsk teknologi - bachelor i ingeniørfag - deltid Nordisk språk og litteratur - bachelorstudium Paramedisin - bachelorstudium Psykologi - bachelorstudium Reiselivsleiing - bachelorstudium Religion, kultur og samfunn - bachelorstudium Rettsvitskap - bachelorstudium Skolefritidspedagogikk - bachelorstudium Sosiologi - bachelorstudium Sosialt arbeid (sosionom) - bachelorstudium Statsvitskap - bachelorstudium Sjukepleie - bachelorstudium Toll, vareførsel og grensekontroll - bachelorstudium Økonomi og administrasjon - bachelorstudium Grunnskulelærarutdanning for trinn 1-7, femårig masterprogram Grunnskulelærarutdanning for trinn 1-7, femårig master, deltid Grunnskulelærarutdanning for trinn 5-10, femårig masterprogram Lektorutdanning for trinn 8-13 Lektorutdanning for trinn 8-13 i realfag Matematikk og fysikk - femårig integrert master Engelsk fordjuping Historie fordjuping Religionsstudiar - fordjuping - nettbasert Nordisk fordjuping Praktisk pedagogisk utdanning - deltid Praktisk pedagogisk utdanning - heltid Praktisk pedagogisk utdanning i utøvande og skapande kunstfag Praktisk pedagogisk utdanning i utøvande og skapande kunstfag Drama og teaterkommunikasjon - årsstudium Engelsk - årsstudium Friluftsliv - årsstudium Havvind - årseining Historie - årsstudium Idrett - årsstudium Kommunikasjon årseining Religionsstudiar - årsstudium Kunst og handverk - årsstudium Læring og psykologi - årsstudium Matematikk - årseining Musikkopplæring - årsstudium Nordisk - årsstudium Psykologi - årsstudium Realfag og teknologi - årseining Reiseliv i endring - årsstudium Sosiologi - årsstudium Statsvitenskap - årsstudium Utøvande musikk - årsstudium Årsstudium i økonomi og jus Økonomi og ledelse - årsstudium

Opptakskrav

Generell studiekompetanse (GSK).

Emneevaluering

Fakultetet avgjer om det skal gjennomførast tidlegdialog i alle emne eller i utvalde grupper av emne. Føremålet er å få tilbakemeldingat frå studentane for å gjere forbetringar i semesteret. I tillegg skal det gjennomførast ei digital emneevaluering minst kvart tredje år for å hente inn studentane sine erfaringar.

Litteratur

Pensumlisten finner du i Leganto