Hopp til hovedinnhold

Norsk 2 (1.-7. trinn) (MGL1322)

Norsk 2 bygger på Norsk 1 og omfattar norskundervisning for trinn 1-7. Emnet gir historisk oversikt og god kunnskap om sentrale språklege og litterære emne og djupare innsikt i aktuelle fagdidaktiske spørsmål i begynnaropplæringa og i norskundervisninga på mellomtrinnet. Norsk 2 gir eit betre grunnlag for arbeid med læringsfremjande vurdering og tilpassa norskopplæring for alle elevar. Gjennom arbeid med språk og tekstar får studentane gode høve til å vidareutvikle sine eigne språkferdigheiter og sin eigen tekstkompetanse og formidlingsevne.


Dette er emnebeskrivelsen for studieåret 2022-2023. Merk at det kan komme endringer.

Fakta
Emnekode

MGL1322

Versjon

1

Vekting (Sp)

30

Semester undervisningsstart

Vår

Antall semestre

1

Vurderingssemester

Vår

Undervisningsspråk

Norsk

Innhald

Faget i utdanningaSamanhengen mellom språk og tekst i fortid og samtid står sentralt. Det blir retta spesiell merksemd mot språklege endringsprosessar, i form av (nyare) språkhistorie, dialekt- og sosiolektlære og skriftspråknormering. Det blir også fokusert på språkleg variasjon i norsk som første- og andrespråk. I arbeid med både saktekstar og skjønnlitteratur blir det lagt vekt på vidare utvikling av studentane sine kunnskapar om litterære sjangrar og korleis desse har utvikla seg over tid, frå dei tidlegaste tekstane fram til notida sine digitale uttrykk. Det blir også arbeidd med nyare litteratur som rettar seg mot barn og ungdom.

I dagens tekstsamfunn møter læraren elevar med ulik teksterfaring og skrivekompetanse, noko som er grunnlag for diskusjonar om skriveopplæringa i skulen. Studiet vil gi studentane kunnskapar om relevante teksttypar og tekstkulturar, slik at dei kan rettleie og motivere alle elevar ut frå behova hos den einskilde eleven. Emnet vil også formidle kunnskapar om eleven sitt møte med den litterære teksten og om litteraturdidaktiske tilnærmingsmåtar som kan styrke eleven sin litterære kompetanse, faglege kunnskap og kulturforståing. Studentane vil vidare bli utfordra til å sjå norskfaget innanfor ein internasjonal og global kontekst. Gjennom skriving av ei rettleidd FoU-oppgåve vil studentane få fordjupe seg spesielt i eit norskfagleg perspektiv som er relevant for trinn 1-7.

Læringsutbytte

KUNNSKAP

Kandidaten

• har brei kunnskap om litteratur- og språkdidaktiske tilnærmingar

• har kunnskap om ulike litteratur- og språkteorier og relevante forskingsperspektiv

• har god kunnskap om gjeldande normering av nynorsk og bokmål

• har god kunnskap om språklege endringsprosessar og språkleg variasjon i nyare tid og om norsk som første- og andrespråk

• har god kunnskap om kva som kjenneteiknar eit variert utval tekstar: munnlege, skriftlege og multimodale; fiksjon og sakprosa i ulike sjangrar og medium; tekstar frå ulike tider og kulturar

• har kunnskap om samisk språk, litteratur og kultur, nasjonale minoritetsspråk og nabospråk

• har god kunnskap om munnleg kommunikasjon, lesing og skriving og vidareutvikling av grunnleggande språkferdigheiter

 

FERDIGHEITER

Kandidaten

• kan gjennomføre undervisning både på bokmål og nynorsk

• kan bruke grammatikk- og språkkunnskap, tekst- og litteraturkunnskap i analyse av og arbeid med munnlege, skriftlege og multimodale tekstar

• kan skrive akademiske fagtekstar på nynorsk og bokmål

• kan planlegge, gjennomføre og vurdere arbeid med språk og litteratur i tradisjonelle og nye medium på varierte måtar og tilpassa ulike formål

• kan tilpasse den vidare opplæringa i språklege og litterære ferdigheiter til elevane i norsk som første- og andrespråk

 

GENERELL KOMPETANSE

Kandidaten

• kan formidle fagstoff om språk, litteratur, tekstar og medium i relevante uttrykksformer og grunngi fagdidaktiske valEndeleg versjon h-212

• kan drøfte problemstillingar knytte til norskdidaktisk forsking, utviklingsarbeid og forskingsetikk

• kan planlegge, gjennomføre og vurdere norskfagleg og tverrfagleg utviklingsarbeid på trinn 1-7

Forkunnskapskrav
MGL1120 Norsk trinn 1-4, MGL1220 Norsk trinn 5-7
Eksamen / vurdering

FOU-oppgåve og munnleg eksamen

Vurderingsform Vekting Varighet Karakter Hjelpemiddel
FOU-oppgåve 1/2 Bokstavkarakterar
Muntleg eksamen 1/2 Greidd/ Ikkje greidd

Forsking- og utviklingsoppgåve (FoU-oppgåve)FoU-oppgåve skal ha eit omfang på 6 000 til 10 000 ord. Oppgåva skal skrivast individuelt. Alternativ utforming (t.d. multimodal) skal avklarast med rettleiar. Målform er valfri.Munnleg eksamenMunnleg eksamen i gruppe der studentane diskuterer og reflekterer ut frå ei tildelt problemstilling og det godkjende notatet om gruppas didaktiske val i praksisperioden. Tema blir tildelt 1 døgn før eksamen. Sensorane kan ta del i diskusjonen. Vurderinga varar inntil 30 minutt. Kandidatane får individuell vurdering på munnleg eksamen.Viss ein student ikkje har bestått praksis (på grunn av fråvær, sjukdom eller liknande), kan studenten likevel delta i munnleg eksamen med praksisgruppa.Ved stryk tek kandidaten kontinuasjonseksamen individuelt. Kontinuasjonseksamen er ein førebudd munnleg presentasjon på 15 minutt ut frå oppgitt tema, med etterfølgande spørsmål og samtale på 10 minutt. Temaet blir tildelt 1 døgn før presentasjon. Vurderinga er Bestått/Ikkje-bestått.

Vilkår for å gå opp til eksamen/vurdering
Obligatorisk oppmøte 70%, Rettleiing på FoU-oppgåva, Utvikla norskdidaktisk undervisningsopplegg, Notat i forkant av munnleg eksamen

Vilkår for å gå opp til eksamen/vurdering

• Innlevert prosjektskisse til FoU-oppgåve på grunnlag av godkjend tema/problemstilling

• Rettleiing på FoU-oppgåva, minimum 2x30 minutt

• Utvikla norskdidaktisk undervisningsopplegg før praksis

• Notat i forkant av munnleg eksamen (500 ord). Notatet skal skrivast på nynorsk

Studentar som får eitt eller fleire av arbeidskrava vurdert til ikkje-godkjend ved første innlevering, får mogelegheit for éi ny innlevering i omarbeidd form. Alle arbeidskrav må vere godkjende for at studenten skal ha rett til å gå opp til eksamen.

Undervisninga er lagt opp slik at det norskfaglege lærestoffet skal relaterast til læraryrket gjennom fagdidaktiske refleksjonar saman med studentane. Det er derfor eit krav om minimum 70 % oppmøte i norskundervisninga.

Fagperson(er)
Studieprogramleder: Ingeborg Knævelsrud
Studiekoordinator: Ida Margrethe Eikaas
Overlapping
Emne Reduksjon (SP)
Språk og litteratur i tid og rom (MGL1320_1) 15
Skulens tekstar, med FoU-oppgåve (MGL1321_1) 15
Språk og litteratur i tid og rom, Skulens tekstar, med FoU-oppgåve ( MGL1320_1 MGL1321_1 ) 30
Åpent for
Grunnskulelærarutdanning for trinn 1-7, femårig masterprogram
Litteratur
Søk etter pensumlitteratur i Leganto