Hopp til hovedinnhold

Språk, tekst og matematikk (BBL210)

Kunnskapsområdet Språk, tekst og matematikk (STM), kombinerer teoretisk og praksisnær kunnskap.


Dette er emnebeskrivelsen for studieåret 2022-2023. Merk at det kan komme endringer.

Fakta
Emnekode

BBL210

Versjon

3

Vekting (Sp)

20

Semester undervisningsstart

Vår

Antall semestre

1

Vurderingssemester

Vår

Undervisningsspråk

Norsk

Innhald

Undervisninga tar blant anna utgangspunkt i teoriar om barns språklege og matematiske utvikling, om barnehagen som arena for kultur, leik og læring og om overgangen frå barnehage til skule. I kunnskapsområdet blir også fagleg-pedagogiske problemstillingar og diskusjonar omkring kartlegging, dokumentasjon og vurdering i barnehagen drøfta. 

Kunnskapsområdet bygger på faga norsk, matematikk og didaktikk. Undervisninga skal tydeleggjere ei barnehagepedagogisk tilnærming og bygge på fagdidaktisk forsking. Kunnskapsområdet famnar tre sentrale tema:

  • Språk, språkutvikling, barnekultur, barnelitteratur og andre medietekstar
  • Tal, rom og form
  • Samanheng barnehage-skule (eit tverrfagleg prosjekt med kunnskapsområdet Barns utvikling, lek og læring)
Læringsutbytte

Etter å ha gjennomført emne skal studenten ha tilegna seg følgjande:  

Kunnskap 

Studenten

  • har kunnskap om barns munnlege og skriftlege språkbruk, deira språk- og kommunikasjonsutvikling, ulike kommunikasjons - og samspelsmønster og kva tyding desse mønstra kan ha for barns høve til medverknad og læring
  • har kunnskap om språkleg mangfald i samfunnet og ulike former for fleirspråkleg utvikling hos barn
  • har kunnskap om skjønnlitteratur og sakprosa for barn, sjangrar frå ulike munnlege kulturtradisjonar og moderne tekst- og mediekulturar
  • har kunnskap om barns matematiske utvikling, resonnering, problemløysing og tenking
  • har kunnskap om matematiske område som er relevante for barn, og om matematikk som verktøy for å utforske samanhengar, oppdage matematikk i daglegliv, teknologi og natur
  • har kunnskap om verdien leik og barns språklege miljø har for barns tileigning av både språk og matematikk
  • har kunnskap om samanhengen mellom barnehage og skule når det gjeld språk, tekst og matematikk og faglege problemstillingar knytt til denne overgangen
  • har kunnskap om korleis ein kan observere, vurdere, leggje til rette for og følgje opp barns språk- og matematikkutvikling, dokumentere språk- og matematikkmiljøet i barnehagen og kunne gjere greie for korleis språkleg utvikling heng saman med barns ulike språklege miljø

Ferdigheiter 

Studenten

  • kan bruke kunnskap om kommunikasjon og samspel til å leie og leggje til rette for barns leik, undring og læring
  • kan fremje språkutvikling hos barn og skape språkleg nysgjerrigheit hos barn, tilsette og foreldre
  • kan inspirere og støtte barn når dei utforskar munnlege og skriftlege sjangrar, matematiske og språklege problem, symbol og samanhengar
  • kan organisere eit inkluderande og berekraftig læringsmiljø for matematisk og språkleg utforsking, forteljing og høgtlesing og kunne tilpasse dei faglege opplegga til ulike behov hos barn
  • kan vurdere ulike kulturprodukt og fagdidaktisk materiell for barn for å kunne gjere medvetne val med tanke på å sikre kvalitet og danning i tekstformidlinga bruke digitale verktøy på ein profesjonsfagleg måte i arbeid med kunnskapsområdet

Generell kompetanse 

Studenten

  • kan reflektere over eigen kommunikasjon og samspel med barn ut frå eit yrkesetisk perspektiv
  • kan stille seg kritisk vurderande til eigen didaktisk praksis
  • kan bidra i fagdidaktiske diskusjonar med personalet, føresette og eksterne samarbeidspartnarar og vere aktiv i barnehagefaglege diskusjonar knytt til kunnskapsområdet
  • kan meistre norsk munnleg og skriftleg (bokmål og nynorsk) og bruke språket kvalifisert både i utdanning og i profesjonssamanheng
Forkunnskapskrav
Ingen
Eksamen / vurdering

Heimeeksamen og munnleg eksamen

Vurderingsform Vekting Varighet Karakter Hjelpemiddel
Individuell heimeeksamen 6/10 Bokstavkarakterar Alle
Individuell munnleg eksamen 4/10 30 Minuttar Bokstavkarakterar Inga hjelpemiddel tillate

Individuell heimeeksamen. Omfang: 3000 ord (+/- 10 %). Vekting 60%Individuell munnleg eksamen. Omfang: Inntil 30 min. Vekting: 40%Studenten må ha bestått begge vurderingsdelane for å få endeleg karakter i emnet.Konsekvensar av ikkje bestått/ikkje avlagt eksamen seinast ved utsett( konte) eksamen,innebær at studenten  må ta ny eksamen med etterfølgjande kull, basert på emnneplanen som gjeld for dette kullet.Om ein kandidat fremstiller seg til ny ordinær prøving, gjeld det pensum og den prøvingsformen som er fastsett for den aktuelle prøvinga (Forskrift om studier og eksamen § 3-9 pkt. 3).

Vilkår for å gå opp til eksamen/vurdering
Ei individuell faglogg i norsk, Ei individuell skriftleg skisse knytt til heimeeksamen, Ei gruppeoppgåve knytt til norskfaglege emne , Ei gruppeoppgåve knytt til matematikkfaglege emne, Ei fleirfagleg gruppeoppgåve knytt til barnehagepraksis, Ei fleirfagleg iondividuell oppgåve knytt til barnehagepraksis, Obligatorisk deltaking 80 %, Fleirfagleg gruppeoppgåve knytt til grunnskolepraksis og prosjekt

Spesifsering av arbeidskrav

Ein individuell faglogg i norsk: målform nynorsk: Omfang 400 ord (+/- 10 %).

Ei individuell skriftleg skisse knytt til heimeeksamen: Omfang: 1000 ord (+/-10%), obligatorisk rettleiing.

Ei gruppeoppgåve knytt til norskfaglege emne: Seminarinnlegg eller framlegg og respons i verkstad.

Ei gruppeoppgåve knytt til matematikkfaglege emne: Skriftleg/munnleg refleksjon knytt til ein tekst eller ei oppgåve.

Ei fleirfagleg gruppeoppgåve knytt til barnehagepraksis: Seminarinnlegg eller framlegg og respons i verkstad.

Ei fleirfagleg individuell oppgåve knytt til barnehagepraksis og erfaringar frå barnehagen: Skjema for logg i praksis.

Ei fleirfagleg gruppeoppgåve knytt til grunnskulepraksis og prosjekt: (STM/BULL). Munnleg presentasjon med respons/samtale.

Alle obligatoriske krav må vere gjennomførte og godkjende for å kunne gå opp til eksamen.

Studentar som får éi eller fleire av oppgåvene vurdert til ikkje godkjend ved første innlevering, får  moglegheit for ei ny innlevering av oppgåvene i omarbeida form.

Fagperson(er)
Emneansvarleg: Francesca Granone
Praksiskoordinator: Lena Forus
Praksiskoordinator: Birte Berg
Studiekoordinator: Karin Berner
Arbeidsformar

Undervisninga blir gitt i form av førelesningar, seminar, gruppearbeid og rettleiing. Faglærarane vil ikkje gå gjennom alt fagstoffet/pensum, så ein del av dette må studentane arbeide med på eiga hand. Både undervisning og anna læringsarbeid i emnet skal kvalifisere studentane til å bli reflekterte og engasjerte barnehagelærarar. Studentane sin eigenaktivitet i form av teoristudium, munnleg og skriftleg analyse av teori og praksis og framlegg av ulik art, er sentrale aktivitetar i denne samanhengen. Det vil i dette kunnskapsområdet bli brukt ulike undervisningsmetodar, og undervisninga vil gå føre seg både i små og større grupper eller samla, i hovudsak med fysisk oppmøte, og støtta med digitale undervisningsformar. Seminar med munnlege framlegg og prosess-skriving, der studentane også skal gi kvarandre respons, vil bli vektlagt som undervisningsaktivitet og er obligatorisk. Innhaldet i dei einskilde oppgåvene vil bli nærare presisert i semesterplanane.

Det kan etter søknad innan oppgitte fristar gjevast fritak frå skriving i ei av målformene i norsk for studentar som ikkje har vurdering i begge norske målformer frå vidaregåande opplæring og for utanlandske studentar som ikkje har vidaregåande opplæring frå Noreg. Fritaket skal førast på vitnemålet.

Praksis utgjer ein integrert del av kunnskapsområdet. Sjå kapitel om praksis, samt eigen praksisplan.

Overlapping
Emne Reduksjon (SP)
Språk, tekst og matematikk (BBL210_2) 20
Åpent for
Barnehagelærar - bachelorstudium
Emneevaluering
Det blir gjennomført studentevalueringer av emnet etter rutinene for kvalitetsarbeid ved Fakultet for utdanningsvitenskap og humaniora ved UiS.
Litteratur
Søk etter pensumlitteratur i Leganto