Emne
Undersøkende journalistikk (BJO201)
Fakta
Emnekode BJO201
Vekting (stp) 10
Semester undervisningsstart Høst
Undervisningsspråk Norsk
Antall semestre 1
Vurderingssemester Høst
Timeplan Vis timeplan
Litteratur Søk etter pensumlitteratur i Leganto
Introduksjon
Undersøkande og kritisk journalistikk er ein grunnstein i pressa sitt samfunnsoppdrag. Sakene får ofte eit stort publikum, og kan føra til endringar i samfunnet. I dette emnet lærer du korleis du kan avdekka kritikkverdige tilhøve i samfunnet med å jobba systematisk, metodisk og langsiktig.
Innhold
Emnet er ein kombinasjon av undervisning og praktisk arbeid. Sentrale tema er metodar innan undersøkende journalistisk, analytisk tilnærming til kjeldearbeid og verifisering av informasjon.
Emnet går parallelt med BJO202 Forteljande journalistikk. Dei to emna utfyller kvarandre.
Læringsutbytte
Ved fullført emne er det forventa at studentane sit att med følgjande kunnskapar, ferdigheiter og generell kompetanse:
Kunnskap
Studenten skal ha kunnskapar om:
- journalistiske undersøkende metodar.
- bruk av KI i journalistisk research.
- prosessen bak eit undersøkande journalistisk prosjekt.
- kjeldekritikk og kjeldepleie.
- datajournalistikk.
- verifisering av informasjon.
Ferdigheiter
Studenten skal kunne:
- visa saklegheit og omtanke ved val av kjelder og journalistisk metode.
- henta og bruka informasjon frå digitale databasar.
- gjera ein grunnleggjande statistisk analyse og presentera resultata i eit digitalt format.
- reflektera over etikken i eige og andre sitt journalistiske arbeid.
Generell kompetanse
Studenten skal ha tileigna seg kompetanse til å kunne:
- grava fram, dokumentera og illustrera redaksjonelle saker.
- ta i bruk opne verktøy på nett for å verifisera informasjon.
- finna relevante kjelder og gjera ei kritisk vurdering av sanningsgehalten i informasjonen som kjem frå kjeldene.
Forkunnskapskrav
Praktisk journalistikk 1 (BJO102)
Journalistikk og samfunn (BJO103)
Praktisk journalistikk 2 (BJO104)
Anbefalte forkunnskaper
Eksamen / vurdering
Skriftlig skoleeksamen
Vekt 1/1
Varighet 3 Timer
Karakter Bokstavkarakterer
Vilkår for å gå opp til eksamen/vurdering
Obligatoriske oppgåver skal vera godkjente og bestått. Det er obligatorisk deltaking i alle seminar og prosjekt i emnet.
For å kunna framstille seg til prøving i eit emne kan kandidaten ikkje ha meir enn totalt 20 prosent fråvær (inkludert gyldig og ikkje-gyldig fråvær). Gyldig fråvær på grunn av sjukdom eller annan tvingande fråværsgrunn - jf. forskrift om studier og eksamen ved UiS § 3-8 nr.3 - må dokumenterast. Ikkje-gyldig fråvær kan ikkje overstiga 10 prosent. Fråværsregelen gjeld obligatorisk aktivitet, seminar og prosjekt.
Ver varsam og kritisk ved bruk av KI som hjelpemiddel når du skriv oppgåver. Direkte kopi av KI-generert tekst, utan at det er oppgitt, blir sett på som fusk. Les meir her:https://www.uis.no/nb/studentsider/bruk-av-kunstig-intelligens-ki-ved-oppgaveskriving-og-eksamen