Hopp til hovedinnhold

Materiell kultur BSS298

Emnet gir ei innføring i grunnleggjande perspektiv og teoriar knytt til materiell kultur. 

Som menneske er vi djupt forankra i den materielle verda: vi både styrer og vert styrt av tinga, i eit komplekst samspel. Vi lev med objekt, bruker og kastar objekt, handlar med objekt, og formidlar og ser oss sjølv gjennom materielle objekt. Den materielle verda er slik integrert i sosiale relasjonar og prosessar.

Sentralt i emnet står forholdet mellom den materielle verda og sosiale forhold.


Dette er emnebeskrivelsen for studieåret 2021-2022. Merk at det kan komme endringer.

Fakta
Emnekode

BSS298

Versjon

1

Vekting (SP)

10

Semester undervisningsstart

Vår

Antall semestre

1

Vurderingsemester

Vår

Undervisningsspråk

Norsk

Tilbys av

Det samfunnsvitskaplege fakultet, Institutt for medie- og samfunnsfag

Læringsutbytte

Læringsutbyte:

Kunnskapar:

Etter fullført emne vert det forventa at studenten har erverva seg kunnskap om sosiologiske teoriar om forholdet mellom sosiale prosessar og materielle omgjevnadar.

Ferdigheiter:

Studenten skal kunne bruka omgrep og teoriar om materiell kultur, og om forholdet mellom den materielle og den sosiale verda, i kulturelle og samfunnsvitskaplege analysar, samt gjera seg nytte av omgrepa og teoriane i samfunnsdebattar og faglege diskusjonar.

Generell kompetanse:

Emnet vil oppøva studenten sine generelle evner til kritisk lesing og tenking, i tillegg til akademisk skriving. Studenten skal læra å retta seg aktivt og sjølvstendig til fagstoffet og utvikla sine evner til refleksjon og analyse.

Innhald

Ei sentral problemstilling i emnet er korleis materielle objekt og omgjevnadar verkar inn på relasjonar mellom menneske og omvendt. Meiningsinnhaldet til den materielle verda er ikkje gitt på førehand, men må studerast og analyserast i relasjon til historiske, kulturelle og strukturelle dimensjonar. Sentralt i emnet står sosiologiske og antropologiske teoriar om korleis objekt påverkar sosiale relasjonar og prosessar, og menneske si omgang med sine fysiske omgjevnadar.

Overordna fokus er forholdet mellom materielle objekt og sosiale prosessar. Blant konkrete tema som vert analysert er hierarki, kulturelle skiljelinje, globalisering, velstandsvekst, heimen som ein sosial arena og gentrifisering. Dei teoretiske perspektiva i kurset er henta frå mellom anna Caroline Knowles, Daniel Miller, Michele Lamont, Pierre Bourdieu og Bruno Latour.

Forkunnskapkrav
Ingen
Anbefalte forkunnskaper
Ingen.
Eksamen / vurdering
Vurderingsform Vekting Varighet Karakter Hjelpemiddel
Heimeeksamen 1/1 3 Dagar A - F Alle

Fagperson(er)
Emneansvarleg: Merete Hermansen Jonvik
Faglærar: Ragnhild Johanne Sjurseike
Arbeidsformer
Den organiserte undervisninga består av forelesingar i vårsemesteret, i kombinasjon med gruppearbeid. Det krevst at studentane arbeider sjølvstendig med faget. For å oppnå forventa læringsutbyte må studentane delta aktivt i den organiserte undervisninga, jobba med gruppeoppgåver og lesa pensum grundig.
Emneevaluering
Studentevaluering av emnet vil bli gjennomført i høve til SV-fakultetet sitt evalueringssystem.
Litteratur
Pensumlisten finner du i Leganto