Datamaskinarkitektur ELE210
Overordna datamaskinstruktur, innebygde system. Grunnleggjande digitalteknikk: Transistor, logisk krets, talsystem, sentrale logiske funksjonar, programmerbar elektronikk. Maskinvare: Mikroprosessorar og mikrokontrollerar med vekt på ARM, minne, timer, avbrot, seriell og parallell kommunikasjon. Programvare: Lågnivå- og høgnivåprogrammering, programstrukturar, sanntidssystem, operatørgrensesnitt.
Dette er emnebeskrivelsen for studieåret 2021-2022. Merk at det kan komme endringer.
ELE210
10
1
Haust
Norsk
Institutt for data- og elektroteknologi
Kunnskap:
- Vite korleis ein datamaskin generelt og eit innebygd system (IBS) spesielt er oppbygd. - Vite korleis grunnleggjande programstrukturar er. Vite kva som ligg i omgrepet sanntidsoppførsel.
Dugleik:
- Kunne realisera grensesnitt mellom parallell- og serieportar i ein mikrokontroller og eksterne komponentar. - Kunne både utvikla overordna programvarestruktur og kode for eit enkelt IBS basert på ein spesifikasjon av ønskte funksjonar. - Kunne realisera enkel digital støtte-elektronikk til ein mikrokontroller.
Generell kompetanse:
- Fundamental forståing av struktur, eigenskapar og potensiale til datamaskinbaserte system.
Vurderingsform | Vekting | Varighet | Karakter | Hjelpemiddel |
---|---|---|---|---|
Ein skriftleg prøve | 1/1 | 4 Timar | A - F | Alle trykte eller handskrivne hjelpemiddel tillatne. Alle kalkulatorar tillatne. |
5 av 8 rekneøvingar, samt 6 av 7 laboratorieøvingar må vera godkjende innan angitt frist før ein kan gå opp til eksamen.
Gjennomføring av obligatorisk lab skal gjerast til dei tidene og i dei gruppene som er oppsette og publiserte på Canvas. Fråver på grunn av sjukdom eller andre årsaker skal snarast mogleg meldast til laboratorie- eller fagansvarleg. Du kan ikkje rekna med å få gjennomføra lab utanom oppsett tid viss du ikkje har spurt om dette og ny avtale er gjort. Konsekvensen av at du ikkje har fått godkjent laboratoriearbeid er at du ikkje får gå opp til eksamen i emnet.
Emne | Reduksjon (SP) |
---|---|
Digital og analog elektronikk (BIE230) | 5 |
Digital og analog elektronikk 2 (TE0623) | 5 |
Digital og analog elektronikk 2 (TE0623) | 5 |
Digitalteknikk (BIE260) | 5 |