Hopp til hovedinnhold

Datamaskinkonstruksjon ELE340

Emnet gir ei vidareføring i innebygde system (IBS), dvs. mikroprosessorbaserte system for overvaking og styring. Studentane blir organiserte i prosjektgrupper som skal gjennomføra utvikling av eit IBS for styring av ein enkel prosess og med eit passande operatørgrensesnitt. Ein legg vekt på prosjektstyring og tverrfagleg arbeid. Emnet er laboratorieintensivt, og forelesningar blir gitt av utvalde tema.


Dette er emnebeskrivelsen for studieåret 2021-2022. Merk at det kan komme endringer.

Fakta
Emnekode

ELE340

Vekting (SP)

10

Semester undervisningsstart

Haust

Antall semestre

1

Vurderingsemester

Haust

Undervisningsspråk

Norsk

Tilbys av

Det teknisk-naturvitskaplege fakultet, Institutt for data- og elektroteknologi

Læringsutbytte

Kunnskap:

  • Vite korleis ein datamaskin generelt og eit innebygd system (IBS) spesielt kan konstruerast.
  • Vite korleis ein kan laga grensesnitt mot eksterne komponentar.

Dugleik:

  • Kunne planlegga eit enkelt utviklingsprosjekt samt rapportera og styra dette.
  • Kunne spesifisera, analysera og detaljutvikla maskin- og programvare for eit enkelt IBS.
  • Kunne teikna, leggja ut, produsera, montera og testa enkle kretskort med eitt eller to lag.
  • Kunne diskretisera og realisera enkle signalbehandlings- og reguleringsalgoritmer som kode i eit IBS.

Generell kompetanse:

  • Heilskapleg forståing av struktur, eigenskapar og potensiale til datamaskinbaserte system i globalt livsløpsperspektiv med hovudvekt på innebygde system.
Innhald

Emnet gir ei vidareføring i innebygde system (IBS), dvs. mikroprosessorbaserte system for overvaking og styring. Studentane blir organiserte i prosjektgrupper som skal gjennomføra utvikling av eit IBS for styring av ein enkel prosess og med eit passande operatørgrensesnitt. Ein vil gjennom prosjektet og forelesningane i faget følgja ein systemkonstruksjon/elektronikkutviklingsprosess frå start til ferdig produkt (prototype).

Mikrokontrolleren STM32F3 som er basert på ein ARM Cortex-M4 kjerne blir brukt i emnet. Nokre tema: Prosjektstyring. Seriell kommunikasjon. Analog/digital-omforming. Pulsbreiddemodulasjon. Krafttransistor. Kraftforsyning/spenningsregulator. Implementasjon av signalbehandlings- og reguleringsalgoritmar i mikrokontroller. Støy EMI og EMC.  Elektronikkonstruksjon. Arbeidet krev at ein knyttar saman kunnskap frå ei rekkje fagfelt, og prosjektstyring er eit sentralt element i utviklingsarbeidet.

Forkunnskapkrav
DAT110 Grunnleggjande programmering, ELE100 Elektroteknikk 1, ELE210 Datamaskinarkitektur, ING100 Ingeniørfagleg innføringsemne - Data og elektro
Anbefalte forkunnskaper
ELE200 Elektroteknikk 2, ELE300 Signal og system
Eksamen / vurdering

Ein skriftleg eksamen og prosjektrapport

Vurderingsform Vekting Varighet Karakter Hjelpemiddel
Ein skriftleg eksamen 2/5 3 Timar A - F Alle. 1)
Prosjektrapport 3/5 A - F

1) Alle trykte eller handskrivne hjelpemiddel er tillatne. Alle kalkulatorar tillatne.
Prosjektrapporten dokumenterer prosjektarbeidet. Prosjektrapporten kan skrivast i gruppe eller individuelt. Viss rapporten er skriven av ei gruppe, vil alle deltakarane i gruppa få felles karakter.Alle vurderingsdeler må være bestått for å få samla karakter i emnet.Det er ikkje mogleg å konte på prosjektrapporten. Studentar som ynskjer å ta denne delen på nytt, må gjere det neste gong emnet har ordinær undervisning.

Vilkår for å gå opp til eksamen/vurdering
Rekneøvingar, Laboratorieøvingar

Obligatoriske arbeidskrav (som laboratoriearbeid, innleveringar, prosjektoppgåver og lignende) skal vera godkjende av faglærar innan angitt frist.

Gjennomføring av obligatorisk lab skal gjerast til dei tidene og i dei gruppene som er oppsette og publiserte på Canvas. Fråver på grunn av sjukdom eller andre årsaker skal snarast mogleg meldast til laboratorie- eller fagansvarleg. Du kan ikkje rekna med å få gjennomføra lab utanom oppsett tid viss du ikkje har spurt om dette og ny avtale er gjort. Konsekvensen av at du ikkje har fått godkjent laboratoriearbeid er at du ikkje får gå opp til eksamen i emnet.

Fagperson(er)
Emneansvarleg: Kristian Thorsen
Ansvarleg laboratorieøvingar: Eivind Sandve Haus
Ansvarleg laboratorieøvingar: Jon Fidjeland
Emneansvarleg: Kristian Thorsen
Instituttleiar: Tom Ryen
Arbeidsformer
4 timar forelesing og 4 timar obligatorisk laboratoriearbeid/rekneøving pr.veke.
Åpent for

Bachelornivå på Det teknisk-naturvitskapelege fakultetet. Grunna laboratoriefasilitetar og utstyr er talet på studentar i emne avgrensa.

Opptak vært avgjere på grunn av progresjon i studiet og karakterar. Karakterar i fag som er obligatoriske og tilrådde forkunnskapskrav teljar mest.

Emneevaluering
Skjer vanlegvis gjennom skjema og/eller samtalar i samsvar med gjeldande retningslinjer
Overlapping
Emne Reduksjon (SP)
Systemkonstruksjon (BIE110) 5
Digital og analog elektronikk (BIE230) 5
Digital og analog elektronikk 2 (TE0623) 5
Digital og analog elektronikk 2 (TE0623) 5
Litteratur
Søk etter pensumlitteratur i Leganto