Hopp til hovedinnhold

Språk og litteratur i tid og rom MGL1320

Emnet gir bakgrunn for og omfattande kunnskap om sentrale språklege og litterære emne. Det gir også djupare innsikt i fagdidaktiske spørsmål i begynnaropplæringa og i norskundervisninga på mellomtrinnet, i tillegg til betre fagleg grunnlag for arbeid med læringsfremjande vurdering og tilpassa norskopplæring for alle elevar.


Dette er emnebeskrivelsen for studieåret 2021-2022. Merk at det kan komme endringer.

Fakta
Emnekode

MGL1320

Vekting (SP)

15

Semester undervisningsstart

Vår

Antall semestre

1

Vurderingsemester

Vår

Undervisningsspråk

Norsk

Tilbys av

Fakultet for utdanningsvitskap og humaniora , Institutt for grunnskulelærarutdanning, idrett og spesialpedagogikk

Læringsutbytte

Kunnskaper

Kandidaten:

  • har omfattande kunnskap om språkleg variasjon og om norsk som første- og andrespråk
  • har kunnskap om språkhistorie og språklege endringsprosessar med vekt på nyare tid og god kunnskap om gjeldande normering av nynorsk og bokmål
  • har kunnskap om litteraturhistorie og god kunnskap om litteratur frå ulike tider med vekt på litteratur for elevar på barnetrinnet 
  • har god kunnskap om kva som kjenneteiknar eit variert utval munnlege, skriftlege og multimodale tekstar 
  • har omfattande kunnskap om munnleg kommunikasjon, begynneropplæringa og den viere opplæringa i lesing og skriving 
  • har kunnskap om samisk språk, litteratur og kultur og om nasjonale minoritetsspråk og nabospråk

Ferdigheiter

Kandidaten:

  • kan bruke grammatikk- og språkkunnskap, tekst- og litteraturkunnskap i analyse av munnlege, skriftlege og multimodale tekstar
  • kan gi tilpassa opplæring for alle elevar
  • kan legge til rette for variert arbeid med skjønnlitteratur og sakprega tekstar i tradisjonelle og moderne medium
  • kan bruke relevante metodar og ny teknologi på matar som fremjar samarbeid og fagleg progresjon i begynneropplæringa og i den vidare lese- og skriveopplæringa
  • kan legge til rette for at elevar på trinn 1-7 lærer å lese, skrive og fiskutere saktekstar og skjønnlitterære tekstar i ulike sjangrar og medium

Generell kompetanse

Kandidaten:

  • har innsikt i skulefagets historie og eigenart som språk-, kultur-, litteratur-, identitets- og danningsfag
  • kan formidle fagstoff om språk, litteratur, tekstar og medium i relevante uttrykksformer og grunngi fagdidaktiske val
Innhald

Samanhengen mellom språk og tekst i fortid og samtid er eit omdreiingspunkt for emnet Språk og litteratur i tid og rom. Gjennom emnet arbeider studentane med norskfagets plass og eigenart som skulefag og studiefag. Språk og tekst er nøye samanvevd med og i tid og rom, og gjennom kontekstualisering og aktualisering blir desse forholda bretta ut. Det gjeld arbeid med tekst, litteratur og kultur, og arbeid med munnleg og skriftleg kommunikasjon og interaksjon - både i samanhengar i og utanfor skulen. Tekstarbeidet omfattar også multimodale tekstar i ulike sjangrar og medium.

Arbeid med identitetsutvikling og daning står sentralt i norskfaget, både når det gjeld norskfaget som studiefag og når det gjeld norskfaget som undervisningsfag i skulen. Det inneber at skapande aktivitetar og kritiske tilnærmingar og refleksjonar både handlar om studenten sin eigenutvikling og studenten sin didaktiske refleksjon i og etter møtet med praksis. Slik blir kunnskapsmåla og ferdigheitsmåla i emnet knytte saman.

Forkunnskapkrav
Et av følgende alternativer:
GLU1120 Norsk 1 - emne 1 (1. - 7. trinn), GLU1220 Norsk 1 - emne 2 (1. - 7. trinn)
MGL1120 Norsk trinn 1-4, MGL1220 Norsk trinn 5-7
Norsk 1 må vere bestått, MGL1120 og MGL1220. 
Eksamen / vurdering
Vurderingsform Vekting Varighet Karakter Hjelpemiddel
Munnleg eksamen 1/1 30 Minuttar A - F Inga hjelpemiddel tillate

Førebudd munnleg, individuell presentasjon på 15 minutt ut frå oppgitt tema, og med etterfølgande spørsmål og samtale på 10 minutt. Temaet blir tildelt 1 døgn før presentasjon.Det er ikkje fritak for målform på emnet Språk og litteratur i tid og rom

Vilkår for å gå opp til eksamen/vurdering
Praksisprosjekt i gruppe, Obligatorisk tilstedeværelse

Praksisprosjekt i gruppe der studentane ut frå avtalt tema, innlevert prosjektskisse og tilbakemelding frå faglærar og praksislærar, utviklar eit norskdidaktisk undervisningsopplegg på om lag tre timar. prosjektskissa skal skrivast på nynorsk og skal byggje på norskfagleg teori og metode. Studentane skal i etterkant gje ein 20 min. munnleg presentasjon der dei dei reflekterer rundt erfaringane med prosjektet.

Studentar som får arbeidskravet vurdert til ikkje godkjend ved første innlevering, gis mogelegheit for éin ny innlevering av oppgåva i bearbeidet form.

Det er 70% obligatorisk tilstedeværelse.

Begge arbeidskrava må vere beståtte for å gå opp til eksamen.

Fagperson(er)
Faglærar: Hanne Egenæs Staurseth
Faglærar: Hanne Egenæs Staurseth
Emneansvarleg: Gølin Christine Kaurin Nilsen
Faglærar: Sofija Christensen
Studiekoordinator: Jørgen Jakobsson
Faglærar: Briten Russdal-Hamre
Studiekoordinator: Hanne Elise Pollack
Arbeidsformer
Førelesingar, seminar og gruppearbeid
Emneevaluering
Emnet blir evaluert i tråd med det gjeldande kvalitetssystemet for UiS. 
Litteratur
Søk etter pensumlitteratur i Leganto