Literacy og læring i digitale omgjevnader (MLE335)
Målet med kurset er å gje ei innføring i korleis digital teknologi er med på å forme literacy som sosial praksis og i spørsmål knytt til læring.
Dette er emnebeskrivelsen for studieåret 2025-2026. Merk at det kan komme endringer.
Emnekode
MLE335
Versjon
2
Vekting (stp)
15
Semester undervisningsstart
Haust
Antall semestre
1
Vurderingssemester
Haust
Undervisningsspråk
Norsk
Innhald
Læringsutbytte
Etter fullført emne skal studenten:
Kunnskap:
- kjenne til sentrale idear som ligg til grunn for ei sosial forståing av literacy
- kjenne til hovudtrekk i utviklinga av digitale tekstkulturar
- kjenne til hovudtrekk i etnografisk metode
Ferdigheter:
- kunne gripe og skildre sosiale aspekt ved den digitale tekstkulturen
- kunne tolke og reflektere over sosiale aspekt ved literacy og læring i digitale omgjevnader
- kunne reflektere systematisk over endringspotensialet i nye teknologiar for literacy i skulen
- kunne nytte digitale verktøy for refleksjon og samarbeid i eige arbeid
- kunne planlegge eit avgrensa empirisk forskingsprosjekt
Generell kompetanse:
- vere i stand til å orientere seg i og delta i den digitale tekstkulturen
- vere i stand til å forstå og reflektere over vilkåra for tilgang til og deltaking i den digitale tekstkulturen i og utanfor skulen
- vere i stand til å orientere seg i og reflektere over dei teknologiske rammevilkåra for skulen
- vere i stand til å planleggje og gjennomføre eit forskingsprosjekt om literacy og læring i digitale omgjevnader
Forkunnskapskrav
Eksamen / vurdering
Vurderingsform | Vekting | Varighet | Karakter | Hjelpemiddel |
---|---|---|---|---|
Mappe | 1/1 | 7 Veker | Bokstavkarakterar | Alle |
Mappevurdering• transkripsjon av intervju (ca. 15 min - det inneber ca. 2000 ord)• utførleg/tolkande skildring av eit digitalt døgn for ein elev (1000 ord +/- 10 %)• prosjektskisse på 5 sider (2000 ord +/- 10 %). Transkripsjonen må vere etter gitte kravspesifikasjonar for at mappa skal bli godkjend.Karakteren blir fastsett på grunnlag av dei to andre mappetekstane, vekta slik at prosjektskissa tel 2/3 av karakteren.Hugs at emneplanen for L/MLEMAS har målformkrav som får konsekvensar for andre emne i masterstudiet. Det inneber at minst ein skriftleg eksamen i studiet må skrivast på den målforma ein ikkje skal bruke i masteroppgåva.
Vilkår for å gå opp til eksamen/vurdering
Obligatorisk øvingar
- Undervegs i arbeidet er det forventa at kandidaten presenterer og inviterer til diskusjon om faglege tema
Fagperson(er)
Emneansvarleg:
Arne Olav NygardStudiekoordinator:
Signe EkenbergFaglærar:
Atle SkaftunArbeidsformar
Overlapping
Emne | Reduksjon (SP) |
---|---|
Ny skriftkultur: Endring av lesepraksisar og læringsformer (MLE320_1) | 10 |
Ny skriftkultur: Endring av lesepraksiser og læringsformer (MLE335_1) | 15 |