Dialektar og språkvariasjon (NOR124)

Emnet gjev ei innføring i tradisjonelle norske dialektar og vilkåra for språkvariasjon i dagens norske talemål.


Dette er emnebeskrivelsen for studieåret 2025-2026. Merk at det kan komme endringer.

Se emnebeskrivelse og eksamens-/vurderingsinfo for dette studieåret (2024-2025)
Fakta

Emnekode

NOR124

Versjon

1

Vekting (stp)

5

Semester undervisningsstart

Vår

Antall semestre

1

Vurderingssemester

Vår

Undervisningsspråk

Norsk

Opptakskrav

Generell studiekompetanse (GSK)

Innhald

Emnet gjev ei innføring i tradisjonelle norske dialektar, og i forlenging av det, vilkår for språkvariasjon i dagens norske talemål. I emnet inngår teoriar og praksisar frå både dialektologi og sosiolingvistikk. I dialektologien studerer me korleis talemålet er strukturert geografisk gjennom dialektgrenser, og korleis desse grensene har oppstått historisk. I sosiolingvistikken studerer me korleis språk gjev uttrykk for identitet, og korleis ulike grupper brukar språket på ulike måtar. Tekstprøver som representerer ulike talemålsvarietetar vil verta gjennomgått, med særskild vekt på prøver på ulike norske dialektar.

Læringsutbytte

Kunnskapar

Etter å ha fullført emnet skal studenten

  • ha brei kunnskap om utviklinga av dei norske dialektane og kva som skil og særmerkjer dei
  • kjenna til kriterium for inndelingar av dei norske dialektane.
  • ha brei kunnskap om dialektologisk teori om korleis dialektar utviklar seg innanfor eit større geografisk område.
  • ha god kunnskap om grunnleggjande omgrep innanfor sosiolingvistikk og språkvariasjon.

Ferdigheiter

Etter å ha fullført emnet skal studenten

  • kunna gjera greie for målgeografiske inndelingar av norske talemål og kunna bruka desse i praktiske oppgåver saman med andre studentar.
  • kunna analysera norske dialekttekster fonologisk, morfologisk og syntaktisk og påvisa kva type talemål det dreiar seg om, og kunna drøfta ulike argument for den dialektgeografiske plasseringa.
  • kunna kommentera språkleg og vera med på kollektive diskusjonar om eit utval talemålstekster frå ulike geografiske område og kunna setja dei inn i ein sosiohistorisk samanheng.
  • kunna gjera greie for sosiale variablar som påverkar norsk talemål ut frå dei teoretiske rammene for fagfeltet, og analysera døme på sosialt styrd variasjon i samtalar og tekster.

Generell kompetanse

Etter å ha fullført emnet skal studenten

  • kunna visa korleis dialektologiske tilhøve påverkar språkleg variasjon.
  • kunna registrera og drøfta med andre fagpersonar skilnader og likskapar mellom ulike språk og dialektar.
  • kunna drøfta og analysera talespråkleg materiale i samsvar med gjeldande normer og forventningar til ein fagperson innanfor faget, i samspel med medstudentar og faglærar.

Forkunnskapskrav

Ingen

Eksamen / vurdering

Vurderingsform Vekting Varighet Karakter Hjelpemiddel
Skriftleg heimeeksamen 1/1 3 Dagar Bokstavkarakterar Alle

Eksamensoppgåva skal skrivast på nynorsk. 1500 ord +/- 10 prosentGod skriftleg framstilling i båe målformer er eit overgripande læringsmål for nordiskstudiet. I tråd med retningslinene til UiS om eksamen skal alle oppgåvene ein skriv, vera eins eige, sjølvstendige arbeid og eit resultat av eiga læring og eigen arbeidsinnsats. Difor kan ein ikkje kopiera inn tekst frå skriverobotar. Dersom ein leverer tekst som er direkte kopiert frå ein skriverobot, vert dette rekna som å presentera arbeidet til ein annan som sitt eige, og dimed fusk.

Vilkår for å gå opp til eksamen/vurdering

Obligatorisk oppmøte, Munnleg presentasjon

1. 75 prosent obligatorisk oppmøte i undervisninga (inkl. gruppeseminar). Undervisninga er lagd opp slik at den faglege kompetansen blir oppnådd gjennom at teoripensumet verta brukt til å studera ulike former for språkleg materiale. Dette skjer gjennom øvingar og drøftingar saman med studentane. Det er difor eit krav om minimum 75 prosent oppmøte i undervisninga. Dersom ein er borte frå meir enn 25 prosent av undervisninga, må ein levera kompenserande oppgåver for det overskytande.

2. Munnleg presentasjon (ca. 5 minutt). Studentane skal éin gong i undervisninga ha kommentert ei dialektprøve, som innleiing til ein samtale med dei andre studentane og faglæraren. Desse presentasjonane vert gjennomførde anten på førelesing eller i gruppeseminar, og to og to studentar kan gå saman om å løysa oppgåva.

Båe vilkåra må vera oppfylte for at studenten skal kunna gå opp til eksamen.

Fagperson(er)

Emneansvarleg:

Klaus Johan Myrvoll

Studiekoordinator:

Margrethe Melin

Studiekoordinator:

Anne Marie Nygaard

Arbeidsformer

Førelesingar og seminar. Førelesingane inkluderer studentaktive arbeidsformer som arbeid i grupper med utvalde tekstprøver og diskusjon av desse etterpå i plenum. Førelesingane inkluderer òg gjennomgang av talemålsprøver og språkleg kommentering av desse. Alt dette krev at kvar einskild student tek aktivt del i undervisninga og bidreg til dei kollektive drøftingane. På seminara arbeider studentane sjølvstendig eller i mindre grupper, under rettleiing av faglæraren og/eller ein studentassistent. Her vert det arbeidt meir inngåande med å tileigna seg metodar for korrekt språkleg analyse av talemålsprøver. Sidan dette er ferdigheiter som krev innøving og oppattaking basert på «beste praksis» hjå faglæraren, er det ein føresetnad at studentane tek aktivt del i seminara. I seminara er det òg mogeleg med meir individuelt tilpassa rettleiing for å stø opp om tileigninga av faglege kunnskapar og ferdigheiter.

Overlapping

Emne Reduksjon (SP)
Språkhistorie og talemål (NOR135_1) 5
Språkstruktur og språkvariasjon (NOR175_1) 5
Dialektar og språkvariasjon (UNOR124_1) 5

Åpent for

Barnehagelærar - bachelorstudium -deltid Barnehagelærar - bachelorstudium Barnevern (barnevernspedagog) - bachelorstudium Batteri- og energiteknologi - bachelor i ingeniørfag Biologisk kjemi - bioteknologi - bachelor i realfag Bygg - bachelor i ingeniørfag Byplanlegging og samfunnstryggleik - bachelorstudium Datateknologi - bachelor i ingeniørfag Datateknologi - bachelor i ingeniørfag, deltid Digital serviceleiing - bachelorstudium Elektroteknologi - bachelor i ingeniørfag, deltid Elektroteknologi - bachelor i ingeniørfag Energi- og petroleumsteknologi - bachelor i ingeniørfag Engelsk språk og litteratur - bachelorstudium Film- og TV produksjon - bachelorstudium Geovitskap og energiressursar - bachelor i ingeniørfag Historie - bachelorstudium Hotelleiing - bachelorstudium Idrettsvitskap - bachelorstudium Journalistikk - bachelorstudium Miljøteknologi - bachelor i ingeniørfag Maskin - bachelor i ingeniørfag Medisinsk teknologi - bachelor i ingeniørfag Medisinsk teknologi - bachelor i ingeniørfag - deltid Nordisk språk og litteratur - bachelorstudium Paramedisin - bachelorstudium Psykologi - bachelorstudium Reiselivsleiing - bachelorstudium Religion, kultur og samfunn - bachelorstudium Rettsvitskap - bachelorstudium Skolefritidspedagogikk - bachelorstudium Sosiologi - bachelorstudium Sosialt arbeid (sosionom) - bachelorstudium Statsvitskap - bachelorstudium Sjukepleie - bachelorstudium Toll, vareførsel og grensekontroll - bachelorstudium Økonomi og administrasjon - bachelorstudium
Opptak til enkeltemne ved Fakultet for utdanningsvitskap og humaniora
Grunnskulelærarutdanning for trinn 1-7, femårig masterprogram Grunnskulelærarutdanning for trinn 1-7, femårig master, deltid Grunnskulelærarutdanning for trinn 5-10, femårig masterprogram Lektorutdanning for trinn 8-13 Lektorutdanning for trinn 8-13 i realfag Matematikk og fysikk - femårig integrert master Engelsk fordjuping Historie fordjuping Religionsstudiar - fordjuping Nordisk fordjuping Praktisk pedagogisk utdanning - deltid Praktisk pedagogisk utdanning - heltid Praktisk pedagogisk utdanning i utøvande og skapande kunstfag Praktisk pedagogisk utdanning i utøvande og skapande kunstfag Drama og teaterkommunikasjon - årsstudium Engelsk - årsstudium Friluftsliv - årsstudium Havvind - årseining Historie - årsstudium Idrett - årsstudium Kommunikasjon årseining Religionsstudiar - årsstudium Kunst og handverk - årsstudium Læring og psykologi - årsstudium Matematikk - årseining Musikkopplæring - årsstudium Nordisk - årsstudium Psykologi - årsstudium Realfag og teknologi - årseining Reiseliv i endring - årsstudium Sosiologi - årsstudium Statsvitenskap - årsstudium Utøvande musikk - årsstudium Økonomi og ledelse - årsstudium

Opptakskrav

Generell studiekompetanse (GSK).

Emneevaluering

Fakultetet avgjer om det skal gjennomførast tidlegdialog i alle emne eller i utvalde grupper av emne. Føremålet er å få tilbakemeldingat frå studentane for å gjere forbetringar i semesteret. I tillegg skal det gjennomførast ei digital emneevaluering minst kvart tredje år for å hente inn studentane sine erfaringar.

Litteratur

Søk etter pensumlitteratur i Leganto