Emne

Bacheloroppgave i nordisk språk og litteratur (NOR291)

Fakta

Emnekode NOR291

Vekting (stp) 10

Semester undervisningsstart Vår

Undervisningsspråk Norsk

Antall semestre 1

Vurderingssemester Vår

Timeplan Vis timeplan

Litteratur Søk etter pensumlitteratur i Leganto

Introduksjon

Bacheloroppgåva er eit sjølvstendig forskingsarbeid. I dette emnet skal ein skriva ei språkleg eller litterær bacheloroppgåve knytt til eit relevant tema innanfor nordiskfaget.

Innhold

Ein tar utgangspunkt i ei av dei to prosjektskissene ein har laga i NOR271 og NOR272. Til arbeidet med bacheloroppgåva vil ein få tildelt ein personleg rettleiar. Målet med emnet er dels å bygga opp spesialkompetanse innanfor det valde spesialfeltet av nordisk språk eller litteratur, dels å få auka forståing for korleis forsking blir nytta til å etablera kunnskap innanfor faget.

Læringsutbytte

Læringsutbytte dersom ein vel å skriva språkleg oppgåve

Kunnskapar

Etter å ha fullført dette emnet skal studenten

  • ha brei kunnskap om eit nærare avgrensa språkleg spørsmål på grunnlag av ei sjølvstendig undersøking.
  • vera godt kjend med oppdatert faglitteratur innanfor det utvalde området.
  • ha kjennskap til sentrale metodar og analyseverktøy innanfor fagområdet oppgåva tek føre seg.
  • kunna gjennomføra faglege resonnement, prøva ut hypotesar og meistra oppgåveskriving.

Ferdigheiter

Etter å ha fullført dette emnet skal studenten

  • kunna avgrensa eit språkleg emne for undersøking og oppgåveskriving.
  • kunna formulera problemstilling(ar), forskingsspørsmål og hypotesar.
  • kunna gjennomføra ei mindre undersøking av eit språkleg emne og presentera resultata i ei oppgåve.
  • kunna setja seg inn i relevant faglitteratur og teoristoff som grunnlag for undersøkinga.
  • kunna beherska det formelle apparatet i samband med oppgåveskriving, bl.a. fagterminologi, referansar til litteratur og materialpresentasjon.
  • kunna skriva korrekt på den valde målforma.

Generell kompetanse

Etter å ha fullført dette emnet skal studenten

  • ha evne til kritisk tenking og refleksjon over eiga tolking og skriving.
  • ha evne til å dra fagleg grunngjevne slutningar basert på innhenta forskingsmateriale.
  • ha kunnskap om grunnleggjande vitskapsteoretiske premissar som er relevante for eige fagfelt.
  • ha utvikla eit medvit om dei vitskapsteoretiske implikasjonane av eige prosjekt.
  • ha opparbeidd innsikt i etiske og forskingsetiske dilemma som kan koma opp i samband med oppgåveskrivinga.

Læringsutbytte dersom ein vel å skriva litterær oppgåve

Kunnskapar

Etter å ha fullført dette emnet skal studenten

  • ha brei praktisk forståing for korleis ein gjer bruk av teoridanning på konkret materiale innanfor litteraturforskinga.
  • ha meir djuptgåande kunnskap om bruk av teoridanning på konkret materiale innanfor eit spesialisert område.

Ferdigheiter

Etter å ha fullført dette emnet skal studenten

  • kunna formulera ei problemstilling.
  • kunna planleggja og strukturera ei større vitskapleg oppgåve.
  • kunna bruka teori i praktisk analysearbeid.
  • kunna utvikla sjølvstendige faglege resonnement i skrivinga av ein lengre vitskapleg tekst.

Generell kompetanse

Etter å ha fullført dette emnet skal studenten

  • ha samla røynsle i problemløysing av komplekse oppgåver.
  • ha evne til kritisk tenking.
  • kunna reflektera over eiga skriving og tolkingspraksis.
  • ha kunnskap om grunnleggjande vitskapsteoretiske premissar som er relevante for eige fagfelt.
  • ha utvikla eit medvit om dei vitskapsteoretiske implikasjonane av eige prosjekt.
  • ha opparbeidd innsikt i etiske og forskingsetiske dilemma som kan koma opp i samband med oppgåveskrivinga.

Forkunnskapskrav

  • Norsk språk i praksis (NOR111)
  • Norsk språkstruktur (NOR112)
  • Tekst og tolking (NOR113)
  • Tekst i kontekst (NOR121)
  • Språkhistorie (NOR122)
  • Tekst og bilde - tegneserier og grafiske romaner i Norden (NOR123)
  • Dialektar og språkvariasjon (NOR124)
eller
  • Språkstruktur og språkbruk (NOR125)
  • Språkhistorie og talemål (NOR135)
  • Tekst i kontekst (NOR145)
  • Tekst og tolkning: litterær og retorisk analyse (NOR165)
eller
  • Nordisk språk og språkhistorie (NOR115)
  • Tekst i kontekst (NOR145)
  • Tekst og tolkning: litterær og retorisk analyse (NOR165)
  • Språkstruktur og språkvariasjon (NOR175)
eller
  • Språkstruktur og språkbruk (LNOR125)
  • Språkhistorie og talemål (LNOR135)
  • Tekst i kontekst (LNOR145)
  • Tekst og tolkning: litterær og retorisk analyse (LNOR165)
Forkunnskapskravet er minimum 50 studiepoeng nordisk (nordisk årsstudium/grunnfag eller tilsvarande).

Eksamen / vurdering

Bacheloroppgave

Vekt 1/1

Karakter Bokstavkarakterer

Hjelpemiddel Alle

Bacheloroppgåva er ei sjølvstendig vitskapleg undersøking på 5000-7000 ord frårekna referansar, tabellar og vedlegg. Bacheloroppgåva skal skrivast på bokmål dersom eksamenssvara i NOR271 er skrivne på nynorsk, men på nynorsk dersom eksamenssvara i NOR271 er skrivne på bokmål.

God skriftleg framstilling i båe målformer er eit overgripande læringsmål for nordiskstudiet. I tråd med retningslinene til UiS om eksamen skal alle oppgåvene ein skriv, vera eins eige, sjølvstendige arbeid og eit resultat av eiga læring og eigen arbeidsinnsats. Difor kan ein ikkje kopiera inn tekst frå skriverobotar. Dersom ein leverer tekst som er direkte kopiert frå ein skriverobot, blir dette rekna som å presentere arbeidet til ein annan som sitt eige, og dimed fusk.

Vilkår for å gå opp til eksamen/vurdering

Innlevering av tittel og innlevering av utkast
Innlevering av tittel, innlevering av utkast

Arbeidsformer

Individuell rettleiing

Overlapping

Emne Reduksjon (SP)
Bacheloroppgave i nordisk (NOR290_1) , Bacheloroppgave i nordisk språk og litteratur (NOR291_1) 10

Åpent for

Barnehagelærer - bachelorstudium -deltid Barnehagelærer - bachelorstudium Barnevern (barnevernspedagog) - bachelorstudium Batteri- og energiteknologi Biologisk kjemi - bioteknologi Bygg Byplanlegging og samfunnssikkerhet Datateknologi Datateknologi, deltid Digital serviceledelse - bachelorstudium Elektroteknologi, deltid Elektroteknologi Energi- og petroleumsteknologi Engelsk språk og litteratur - bachelorstudium Film- og TV produksjon - bachelorstudium Geovitenskap og energiressurser Historie - bachelorstudium Hotelledelse - bachelorstudium Idrettsvitenskap - bachelorstudium Journalistikk - bachelorstudium Miljøteknologi Maskin Medisinsk teknologi Medisinsk teknologi - deltid Nordisk språk og litteratur - bachelorstudium Paramedisin - bachelorstudium Psykologi - bachelorstudium Reiselivsledelse - bachelorstudium Religion, kultur og samfunn - bachelorstudium Rettsvitenskap - bachelorstudium Skolefritidspedagogikk - bachelorstudium Sosiologi - bachelorstudium Sosialt arbeid (sosionom) - bachelorstudium Statsvitenskap - bachelorstudium Sykepleie - bachelorstudium Toll, vareførsel og grensekontroll Økonomi og administrasjon - bachelorstudium Grunnskolelærerutdanning for trinn 1 - 7, femårig masterprogram Grunnskolelærerutdanning for trinn 1 - 7, femårig master, deltid Grunnskolelærerutdanning for trinn 5 - 10, femårig masterprogram Lektorutdanning for trinn 8-13 Lektorutdanning for trinn 8-13 i realfag Matematikk og fysikk Engelsk fordypning Historie fordypning Religionsstudier - fordypning- nettbasert Nordisk fordypning Praktisk pedagogisk utdanning - deltid Praktisk pedagogisk utdanning - heltid Praktisk pedagogisk utdanning i utøvende og skapende kunstfag Praktisk pedagogisk utdanning i utøvende og skapende kunstfag Drama og teaterkommunikasjon - årsstudium Engelsk - årsstudium Friluftsliv - årsstudium Havvind Historie - årsstudium Idrett- årsstudium Kommunikasjon årsstudium Religionsstudier - årsstudium Kunst og håndverk - årsstudium Læring og psykologi - årsstudium Matematikk Musikkopplæring - årsstudium Nordisk - årsstudium Psykologi - årsstudium Realfag og teknologi Reiseliv i endring - årsstudium Sosiologi - årsstudium Årsstudium i Spesialpedagogikk Statsvitenskap - årsstudium Utøvende musikk - årsstudium Årsstudium i økonomi og jus Økonomi og ledelse - årsstudium

Emneevaluering

Fakultetet avgjer om det skal gjennomførast tidlegdialog i alle emne eller i utvalde grupper av emne. Føremålet er å få tilbakemeldingat frå studentane for å gjere forbetringar i semesteret. I tillegg skal det gjennomførast ei digital emneevaluering minst kvart tredje år for å hente inn studentane sine erfaringar.
Emnebeskrivelsen er hentet fra Felles studentsystem Versjon 1