Emne
Masteroppgave i nordisk og lesevitenskap, PPU-master (NOR393)
Fakta
Emnekode NOR393
Vekting (stp) 30
Semester undervisningsstart Vår
Undervisningsspråk Norsk
Antall semestre 1
Vurderingssemester
Timeplan Vis timeplan
Litteratur Søk etter pensumlitteratur i Leganto
Introduksjon
Masteroppgåva er eit vitskapleg sjølvstendig arbeid og er å rekne som eit forskingsarbeid på line med annan fagleg produksjon frå humanistiske fagmiljø. Arbeidet fylgjer difor dei aksepterte konvensjonar for presentasjon, drøfting, provføring, argumentasjon, dokumentasjon, kjeldebruk, tilvisingsmåtar, litteraturforteikningar med vidare.
Innhold
Kandidaten vel sjølv sitt oppgåveemne, i samråd med rettleiar.
Det er på det sterkaste tilrådd at ein har problemstillinga ferdig før ein byrjar på det semesteret ein skal skriva oppgåva. Ein bør så tidleg som mogleg i prosessen avtala møte for å få tilbakemelding på tankane ein har gjort seg om emne. Viss ein ikkje har fått tildelt rettleiar enno, kan ein kontakta ein av dei fagleg tilsette på Nordisk med spesialkompetanse som ligg tett opp til emnet ein ser føre deg at ein vil skriva om. Viss ein ikkje veit kven det passar best å kontakta, kan studieprogramleiaren gi forslag.
Dersom ein vel å skriva ei oppgåve basert på intervju, klasseromsobservasjon eller liknande, må dette materialet vera innsamla og transkribert før ein kjem til det fjerde semesteret, då ein skal skriva ferdig masteroppgåva.
Emnet har målformkrav som får konsekvensar for andre emne i masterstudiet. Det inneber at minst ein skriftleg eksamen på masternivå må skrivast på den målforma som ein ikkje nyttar i masteroppgåva. Språkføringa i masteroppgåva er såleis ein del av vurderingsgrunnlaget.
Læringsutbytte
Etter fullført emne skal studenten:
Kunnskap:
- ha fått innsyn i korleis eit vitskapleg arbeid typisk vert gjennomført
- ha spesialisert kunnskap om emnet for masteroppgåva
Ferdigheiter:
- vite korleis eit velforma eksempel på forsking i fagområdet nordisk og lesevitskap ser ut slik at ein i prinsippet kan gå vidare på eiga hand eller under rettleiing innafor prosjekt med tilsvarande og vidaregåande arbeid i framtida.
- vere trygg i fagområdet slik at ein kan undervise og formidle på anna vis eller utnytte i ulike yrkessamanhengar dei kunnskapar ein har skaffa seg.
- vere så trent i relevante arbeidsmåtar at ein kan rettleie andre, i alle høve på lågare nivå, i framtida.
- vere språkleg trygg og kunne uttrykkje seg fritt skriftleg i båe dei offisielle norske målformene, og vere i stand til å rettleie andre språkleg.
Generell kompetanse:
- ha fått grunnleggjande forståing av metodologiske, teoretiske og praktiske forhold som er relevante for kulturell orienteringsevne og framtidig fagleg arbeid i valde felt
Forkunnskapskrav
Forkunnskapskrav
Gjennomført eittårig PPU. 30 studiepoeng på masternivå i nordisk og lesevitskap, normalt avlagd semesteret før det der ein skriv ferdig og leverer inn masteroppgåva.
Eksamen / vurdering
Masteroppgave og muntlig
Vekt 1/1
Karakter Bokstavkarakterer
Omfanget på oppgåva skal vere 40-50 sider utanom tabellar, vedlegg og litteraturliste, 12 punkt Times New Roman og linjeavstand 1.5. Etter innlevering av masteroppgåva, vil det bli halde ein munnleg eksamen. Denne består av to delar: (1) eit munnleg framlegg om masteroppgåva frå studenten på 15 minutt og (2) ein fagleg samtale mellom eksamenskommisjonen og studenten på inntil 30 minutt. Eksamenskommisjonen har sett karakter på sjølve masteroppgåva før den munnlege eksamenen, men oppgjer endeleg karakter til studenten etter at det munnlege framlegget og fagsamtalen er gjennomført. Dei to delane av den munnlege eksamenen må godkjennast av eksamenskommisjonen, og kan justera karakteren på masteroppgåva med ein karakter. Ved klage på karakterfastsetting der karakteren blir endra frå første sensur, skal studenten opp til ny munnleg eksamen.
Vilkår for å gå opp til eksamen/vurdering
Når oppgåveemnet er klart, skal kandidaten i samråd med rettleiar velga eit særpensum i teori og metode på 300 sider. Særpensummet skal ligga så tett opp til oppgåveemnet som mogleg.
Godkjend prosjektskisse
Kandidatar skal i løpet av fjerde semester legga fram ein del av oppgåva (sju sider) på eit arbeidsseminar for masterstudentar.
Kjeldetilvisingar og KI
- Alle innleveringsoppgåver skal vere resultat av studenten sitt sjølvstendige arbeid. Det er studenten sitt ansvar å setje seg inn i reglane for kjeldetilvisingar
- Informasjon om kjeldetilvising finst på nettsidene til Universitetsbiblioteket: https://www.uis.no/nb/bibliotek/kilder
- Informasjon om bruk av KI-verktøy i samband med eksamen finst på UiS sine nettsider om eksamen: https://www.uis.no/nb/studentsider/bruk-av-kunstig-intelligens-ki-ved-oppgaveskriving-og-eksamen
Arbeidsformer
Overlapping
| Emne | Reduksjon (SP) |
|---|---|
| Masteroppgave (MLEMAS_1) , Masteroppgave i nordisk og lesevitenskap, PPU-master (NOR393_1) | 30 |
| Masteroppgave i nordisk og lesevitenskap (LMLEMAS_1) , Masteroppgave i nordisk og lesevitenskap, PPU-master (NOR393_1) | 30 |
| Masteroppgave i nordisk og lesevitenskap, PPU-master (NOR393_1) , Masteroppgave i nordisk og lesevitenskap (NOR395_1) | 30 |